Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.


Nyhende

For oppdatert liste over siste nyhende, sjå hovudsida.

29.01.08
Velkomen til thesander.com

Velkomen til thesander.com, heimesida til Sander Englund Smørdal. Her vil du kunne følgje livet mitt på forskjellige måtar. Hovudsakeleg vil det sjølvsagt handle om symjekarriera mi enno, men også andre delar av livet mitt vil bli opplyst om og skildra i dei forskjellige seksjonane på denne verdsvevsida.

SanderSpace vil nok bli den mest brukte delen av sida, og er kjend for nokre frå før, om enn i eit litt anna format. SanderSpace er bloggen min og namnet SanderSpace spelar på ordet cyberspace, som er ei generell nemning om det ikkje handfaste Internett.

Eg vonar sida kan bli av interesse for nokon, på eit eller anna vis. Eg vil oppdatere om nyhende frå mitt eige liv, eg vil skrive ein slags minibiografi frå livet mitt til no, eg vil blogge på SanderSpace, eg vil leggje ut favorittlenkjene mine, eg vil leggje ut diverse bilete, og eg vil også ha visdomsord som ein vesentleg del av sida, til hjelp, gledje eller inspirasjon. 

Om du har kommentarar eller anna er det berre å leggje dei igjen i gjesteboka, eller sende meg ein mail. Alt som angår denne verdsvevsida vil eg gjerne skal gå gjennom adressa: sander@thesander.com

Bergen - 29. januar 2008

 

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.

 



 

TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.