16.08.10 NM utan gneist
No som ein ny treningssesong er i gong, er det vel på tide å få ut evalueringa av NM. Oppkøyringa til NM blei langt frå ideell med skulderproblem i siste fasen, og, må eg innrømme, eit litt sviktande treningsgrunnlag. Les meir her
16.08.10 Seigt møte med europaeliten
Ei veke etter heimkomst frå høgdeleir var det duka for konkurranse i Barcelona og Canet saman med det norske landslaget. Resultatmessig blei det ikkje fantastisk, men stigning og positive erfaringar med arbeidsoppgåvene gjorde det ikkje heilsvart. Les meir her
04.06.10 Fin høgdeleir i Flagstaff
Dagen etter BSF sette eg meg saman med ein stor del av det norske landslaget i symjing på flyet over dammen i retning Arizona, USA. I byen Flagstaff finn ein eit av dei mest kjende høgdetreningsanlegga i verda, i alle fall for symjarar. For min del var det tredje besøket der, og det er også det desidert beste. Les meir her
26.05.10 BSF 2010 - Blanda drops
Bergen Swim Festival er alltid eit kanonarrangement, og det stemnet i Noreg som er mest moro å delta på. Stemninga og feelingen av eit verkeleg storstemne bidreg til å heve prestasjonane i ein elles tøff treningsperiode. I år hadde eg ein rufsete treningsperiode bak meg og forventingane var minimale, men det var visse ljospunkt. Les meir her
04.05.10 Påska 2010 under gresk sol
Som vanleg var det treningsleir på terminlista under påskeferien. I år som i fjor, og for tredje gong totalt var leiren lagt til den greske øya Syros. Det uvanlege i år var at eg kom rett frå formtopping, og skulle rett på grunnlagsleir, noko som i seg sjølv er ein vanskeleg overgong. Les meir her
02.05.10 Amsterdam Swim Cup
Veka etter NM bar det avgårde til Nederland, for deltaking i det internasjonale stemnet Amsterdam Swim Cup. Resultata blei ikkje betre enn dei måtte vere. Les meir her
29.04.10 NM i nedtur
Du trudde kanskje den var gløymd, fortrengt eller berre forbigått i det stille. Du tok feil. NM kortbane 2010 blei ikkje den opplevinga eg hadde ynskt, og det er det nok fleire komplekse grunnar til, og det er vanskeleg å gje fasiten. Difor har også NM, som trass alt gav eit gull og fire sølv, tatt ei stund å evaluere. Les meir her
05.03.10 Fin flyt i Florida
Å vere på leir med landslaget er alltid ei artig oppleving. Noregs beste symjarar på ein stad borgar for tida for kvalitet, treningsvilje og mykje moro. For min del innebærer ein landslagsleir alltid ein del meir meter enn heime, og så også denne gongen - ispedd ein del kvalitet ettersom NM nærmar seg. Leiren gjekk av stabelen i Fort Lauderdale, Florida, ein stad eg har vore før og som eg likar. Les meir her
05.03.10 BSC-stemne forbigått i stillheit
I byrjinga av februar deltok eg på All-Maritim Vintercup i Sentralbadet. Ingen rapport har blitt avlagt frå dette stemne, og det var i store trekk eit stemne å forbigå i stillheit. Les meir her
24.01.10 Island - ein god start på året
Førre mandag kom eg heim frå ein treningsleir på Island som inneheld det meste. Gode tilhøve, mange meter, god kvalitet og gode opplevingar også utanfor bassenget. Først 7 dagar trening, etterfulgt av deltaking på stevnet Reykjavik International Games. Les meir her
11.01.10 Planar for vinteren og våren
Vårsesongen 2010 nærmar seg start, og hovudmålet er sjølvsagt NM Kortbane i midten av mars, men det er mykje moro både før og etter det. Les meir her
15.12.09 Godkjend symjing i Europameisterskapen
Mitt andre internasjonale meisterskap for Noreg blei eit meisterskap veldig likt siste året, med det beste løpet til sist. Eg stadfestar nivået eg ligg på, men det siste vesle ekstra mangla denne gongen til at eg kan vere veldig nøgd. Det var godkjend, men heller ikkje meir. Dei som kjenner meg, veit at det ikkje er nok. Les meir her
07.12.09 EM Kortbane står for tur
Torsdag startar EM Kortbane i Istanbul. Mitt andre internasjonale meisterskap, og eg går dit med mål om personlege rekordar, og fine prestasjonar på stafettane. Les meir her
17.11.09 WC: Fire løp; tre norske rekordar og EM-klar
I løpet av verdscupstemna i Stockholm og Berlin var eg i vatnet fire gongar, og alle gongane symde eg raskare enn eg hadde gjort før avreise. Eg gjekk for å klare EM-kravet, men var på det nærmaste fire hundredel unna. Det var difor ein viss skugge over resultata mine, inntill i går når eg likevel blei utteken til EM primært som stafettsymjar. Les meir her
08.11.09 Følg World Cup
Til veka deltek eg på verdscupen i symjing. Dette er sesongen 09/10 sitt første mål, og fungerar som kvalifisering til EM Kortbane i desember. Les meir her
27.10.09 Cologne Challenge Cup: God og Tøff Trening
I helga var eg i den tyske millionbyen Köln og deltok på Cologne Challenge Cup, saman med Even Vike Holm frå BS/Arna, samt eit par jenter frå moderklubben Arna SLK. Stemnet, som gjekk på langbane, blei ei positiv og ganske annleis oppleving frå det eg er van med. Les meir her
19.10.09 Stemne utan gnist
I helga var det Sparebank1 SR-bank Cup i Sentralbadet. Stemnet vart ein nedtur for min del. Det er særs lenge sidan eg har symd så sakte. Utoppa eller ei! Les meir her
17.10.09 Symjeferd i Hardanger
Førre veka var det haustferie på vestlandet, og i den samanheng tok Bergensvømmerne i slutten av veka avstad til det nyoppførte anlegget i Strandebarm i Hardanger. Som ein konsekvens av eit avlyst stemne blei treningsformen på dette treningsopphaldet ulikt noko anna eg har opplevd før. Det var kjekt, utfordrande og forhåpentleg gjevande. Les meir her
28.09.09 God treningsleir, men utan prikk over I-en.
I går kom eg heim frå eit to-vekers treningsopphald på Kypros. I det idylliske området Paphos ligg Coral Beach, og for andre gong i år var landslaget på treningsleir nettopp der. Supre forhald la grunnlaget for god trening - inntil sjukdom tok bustad i kroppen min. Les meir her
07.09.09 Hausten 2009
Hausten 2009 har fått ein tilfredsstillande treningsstart, og snart kjem det til å gå slag i slag med aktivitetar. Målet for hausten er å kvalifisere meg til EM kortbane, etter at krava har blitt kraftig oppjustert. Les meir her
20.08.09 Trenar på oppstartsleir for S&Fj.
Eg var trenar for Sogn og Fjordane Symjekrins sin oppstartsleir i 2007 og i år blei eg førespurt om å vere det atter ein gong, noko eg ikkje var sein om å sei ja til etter dei gode opplevingane sist. Dei gode opplevingane blei plussa på i år av ein flott og treningsviljug gjeng. Les meir her
01.08.09 08/09: Min beste sesong
Min første norske rekord, mitt første internasjonale meisterskap, tre gongar individuell noregsmeister. Jada, sesongen 2008-2009 har vore ein sesong prega meir av oppturar og gode stunder enn det motsette. Les meir her
17.07.09 NM Langbane: Norsk meister 50 fri
Langbane NM 2009 er over. Meisterskapen blei ikkje fullklaff, men eg var nær mitt beste nivå, og blei norsk meister på langbane for første gong. Det var elles mykje å gledje seg over dei fire dagane NM varte. Les meir her
13.06.09 Eurotrip 09: Ikkje nøgd
Tre stevner på ti dagar i Oslo, Barcelona (ESP) og Canet (FRA) er gjennomført med varierande resultat. Pers på 50 fri var det store høgdepunktet i ein sekvens med stevner som ikkje blei som eg hadde draumar om. Les meir her
12.05.09 BSF 2009: Svømmefest med positive resultat
I helga blei Bergen Swim Festival arrengert for tredje året på rad, og kan no verkeleg kallast ein tradisjon, ein god tradisjon. Nok ein gong blei vi vitne til fantastiske tider i Sentralbadet, og for min eigen del symde eg raskare på øvingane mine enn eg gjorde i fjor. Les meir her
29.04.09 Trøndersvøm: akseptabel test
I helga som var deltok eg på Trøndersvøm i Trondheim. Trøndersvøm er eit årleg stemne, men blei for første gong arrangert på langbane. Langbanesatsinga var grunnen til at eg tok turen nordover, og eg reknar stemnet som verdifull trening. Les meir her
24.04.09 Test av oksygenopptak
Mellom NM og påskeleir gjennomførte eg ein test av min V02-max, som er oksygenopptak, delt på kroppsvekt. Det er ein indikasjon på uthaldenheiten ein har. Testresultatet var litt under det eg hadde forventa, men eg er då trass alt sprinter. Les meir her
23.04.09 Middelmådig trening ved middelhavet
Som regel plar eg alltid ha gode treningsleirar. Kome seg vekk heimafrå til langbanebasseng og kun fokusere på trening er vanlegvis ein suksessformel. Årets påskeleir på Syros/Kypros får karakteren bestått, redda av ei god andreveke. Les meir her
30.03.09 NM Kortbane: Tidenes beste, men ikkje perfekt
Årets NM kortbane i Kristiansund blei et stevne eg kan vere nøgd med. Eg har aldri symd så fort på noko noregsmeisterskap tidlegare, og eg kjem heim med to individuelle gull, og fire bronsemedaljar på stafettane. Les meir her
23.03.09 GP Stockholm: fin form dokumentert
I helga deltok eg på svenskt Grand Prix i Stockholm, og fekk med meg to personlege rekordar på langbane. Alt i alt eit godt stemne for min del, men likevel sit eg igjen med ei kjensle av at det ikkje var full klaff. Les meir her
22.02.09 Back in Rainy City
Etter to veker med utelukkande sol og temperaturar på 30+ i Thailand, var det eit klimatisk sjokk å kome heime til Bergen med regn og rundt 5 grader, men det var likevel ei god kjensle. Ei god kjensle, fordi eg har gjennomført ein av mine beste treningsleirar nokonsinne. Les meir her
04.02.09 Skagerak Swim: Gode tider utoppa
Skagerak Swim i Kristiansand er eit årvisst monsterstemne i form av antal deltakarar og plass i hallen. I år var inget unntak, og det gjev ei litt anna stemning enn å svømme eit stort, viktig stemne. For min del var formålet hovudsakleg trening, i ein periode der treninga gjer at topphastigheten ikkje er særskild høg. Likevel var det visse oppløftande resultat for min del. Les meir her
23.01.09 Reykjavik International Games: God start på det nye året
Førre helga deltok eg på Reykjavik International Games på Island, og kom frå det med æra i behald. To førsteplassar og to tider tett opp under personleg rekord på langbane er godkjend i januar månad. Les meir her
15.01.09 Våren 2009
I helga går startskotet for vårsesongen 2009, med Reykjavik International på Island. Planane for dei første 7-8 månadane av det nye symjeåret er lagd, og du kan lese om dei her.
03.01.09 Coop Mega Eid og Coop Prix Selje nye sponsorar
I romjula inngjekk eg og Coop Mega Eid og Coop Prix Selje ei sponsoravtale, kor dei støttar meg med eit pengebeløp til bruk på utgifter i forbinding med symjinga. Avtalen har ei totalramme på 15 000,-. Les meir her
17.12.08 Sjå rekordløpet
Her kan du sjå meg setje norsk rekord og Frankrike verdsrekord under forsøksheata på 4x50 fri. Sjå video her
16.12.08 EM Kortbane: Personleg og Norsk rekord
Under det nyleg avheldne Europameiserskapet på kortbane i Rijeka, sette eg personlege rekordar på begge øvingane eg deltok på. 22.07 på 50 fri var sågar Norsk rekord. Eg er noregs raskaste mann i kortbanebasseng nokonsinne, og er sjølvsagt nøgd med resultata i mitt første større meisterskap. Les meir her
08.12.08 EM Kortbane startar Torsdag
I morgon er det avreise til Europameisterskapen i Rijeka, Kroatia. Det har gått greit på trening den seinaste tida, og torsdag går startskotet for mitt første løp 50 fri. Les meir her
13.11.08 Nordsjøstevnet: Endeleg Europameisterskap
Det har tatt nokre dagar å summe seg. Eit stort mål for min del er oppnådd. Eg har kvalifisert meg til eit internasjonalt meisterskap og får no endeleg moglegheiten til å representere Noreg i Europameisterskapen i symjing, som går av stabelen i Rijeka, Kroatia, komande månad. Det var under Nordsjøstevnet, siste moglegheit til kvalifisering at eg klarte å snike meg under kravet. Les meir her
23.10.08 Lambertseter Open: Framgong å spore
I helga som var deltok eg på Lambertseter Open, eit stevne som går av stabelen på Lambertseter Bad utanfor Oslo. Ei viss uvisse på formen, særskild etter Syd-Cup, var foranledninga til stevnet som eg i etterkant seier meg nøgd med på noverande tidspunkt. Les meir her
09.10.08 Haustleir over
Årets haustleir gjekk av stabelen i Haderslev, heilt sør på Jylland i Danmark. For min del blei det ein ganske rolig leir, prega av rolig symjing, litt meter, landtrening samt bevegelighet. Les meir her
09.10.08 Syd Cup
Den første verkelege testen denne sesongen gjekk av stabelen førre helg, då eg deltok i Syd Cup, eit symjestevne i Haderslev, Danmark. Tidene var ikkje betre enn kva dei må vere på noverande tidspunkt, men heller ikkje katastrofalt dårlige. uansett berre ein test, og ein fin måte å verkeleg kome i gong med den anaerobe treningsfasen. Les meir her
25.09.08 Hestholmmedleyen
Etter min vedvarande sjukdom blei Hestholmmedleyen noko amputert. 200 fri utgjekk, medan 50 bryst bestod. Les meir her
16.09.08 Ting skjer
Sjølv om eg ikkje gjev så mykje lyd i frå meg så er eg i live, og ting skjer. Grunnen til at sida blir såpass lite oppdatert er nettopp at ting skjer og at det ikkje er særlig med tid til overs til oppdatering. Ny sponsor (omtale kjem seinare), ny jobb, nytt studie og ny sesong er stikkord. Les meir her
18.08.08 Ny sesong, nye moglegheiter
Eg har vore i Bergen ei stund no, men skifte av bustad og foreløbig nettmangel i den nye leiligheta fører til inaktivitet på denne sida. I dag var det skulestart, og det gav god nett-tilgong. Treninga trappast også opp for tida, etter ein god ferie. Les meir her
23.07.08 Biografi oppdatert
Merittliste er no oppdatert med årets resultat i norske meisterskap. I tillegg er personlege rekordar lagt til. Les biografien her
18.07.08 Sesongslutt
Sesongen 2007/2008 blei avslutta på Hamar, med sommarens NM Langbane, som tradisjon tru er i den norske symjesesongen. Eg har ikkje vore ein like god langbanesymjar som kortbanesymjar, og konklusjonen er vel at det er eg framleis ikkje, sjølv om eg på 50 meter fri nærmar meg. Les meir her
09.07.08 Hamrar i veg på Hamar
Treningsleiren i Ungarn er no vel overstått, og vi har ankome Hamar, staden for eit nytt langbane-NM i symjing. NM byrjar i morgon, torsdag. All trening og førebuing er no overstått, og den fysiske stoda innan NM er slik den er. Treninga har fungert fint på leiren og gjev ei god kjensle innan NM-starten. Les meir her
22.06.08 Hungry for Hungary
Då tar eg avstad saman med Bergensvømmerne, nm-kvalifiserte frå moderklubbar samt somme gjesteopptredande symjarar, av stad på NM-leir. I år går leiren til eit land eg ikkje har vore i før, Ungarn, og ein stad ved Balaton-sjøen. Les meir her
12.06.08 Rapport Stockholm + Roma
Mandag kom eg heim frå min europatur, innebærande treningsopphald i Stockholm samt deltaking på Trofeo Sette Colli i Roma. Treningsopphaldet var gjevande, medan stevnet var særs blanda drops. Les meir her
30.05.08 Eurotrip 08
I dag reiser eg til Stockholm for ei vekes trening saman med verdas raskaste 100 fri-symjar Stefan Nystrand og hans klubb. Neste helg blir det også deltaking på Trofeo Sette Colli i Roma. Les meir her
Skulen ferdig
Skuleåret 2007/2008 er over for min del, og sjeldan har eg vore meir glad over å vere ferdig med noko, som eg er over at eg er ferdig med årsstudiet i Engelsk. Les meir her
KM Rapport
Eit stevne utan den store motivasjonen eller konkurransen, og eit stevne med resultat deretter. Les meir her
23.05.08 KM
I helga arrangerast Kretsmesterskap for Hordaland i Sentralbadet. Stevnet blir heilt annleis enn Bergen Swim Festival, og det er ikkje lagt opp til noko storsymjing. Les meir her
13.05.08 Akseptabelt BSF
Betre enn i fjor, både for meg personleg og stevnearrangementsmessig. Eit av dei absolutt artigaste stevna i året, og eit stevne som for meg medførte personlege rekordr på to distansar, om enn ikkje dei distansane eg satsar mest på. Les meir her
08.05.08 Bergen Swim Festival 2008
Årets symjefest i Norges symjehovudstad går av stabelen i morgon. Det blir verdsklassesymjing å sjå i Sentralbadet gjennom utøvarar som Stefan Nystrand, Lars Frölander, Oleg Lisogor og sjølvsagt Alexander Dale Oen. For min eigen del har forventingane gått ned litt dei seinaste vekene. Les meir her
03.05.08 Privatperson sponsar
Sponsormarknaden kan vere vanskeleg, og det har vore tøft å finne sponsorar for meg dei seinare åra. No har ein privatperson trådd til og gjett meg ei personlig sponsoravtale for dei komande to år. Les meir her
30.04.08 Eg har gått kattegongen
På laurdag som var debuterte eg som modell under BergenTrend08 på Torgallmenningen i Bergen. Sjå bilete og les historia her
22.04.08 NM Kortbane 2008: Dårlig betalt
Eg har vore i fyr og flamme på trening. Ting har sitte som eit skot, og alt har sett rosenraudt ut i forkant av dette noregsmeisterskapet. Resultata på NM står likevel ikkje i stil med forventingane. Les meir her
15.04.08 Take your marks...
Årets NM Kortbane er utsett frå tidleg mars, til midten av april på grunn av internasjonale meisterskap. No er tida endeleg inne, og i måra sett eg kursen til Stavanger, for Noregsmeisterskapen som startar på torsdag. Les meir her
03.04.08 Trene med ein verdsrekordhaldar
Verdas raskaste mann i kortbanebasseng er svensk og heiter Stefan Nystrand. Han trenar til dagleg i Eriksdalsbadet i Stockholm, saman med klubben sin SK Neptun samt trenar Anne Forsell. No er det klart at eg, første veka i juni, tar turen over for å trene med Nystrand og lagkameratane hans. Les meir her
28.03.08 Imponert og inspirert II
Det er snart ei veke sida EM i symjing var over, men det heile har tatt litt tid å få innover seg. At ein kamerat og treningskompis er blitt europameister, til og med satt europarekord, er ikkje noko som ein er van med. Det tar rett og slett litt tid å få hovudet rundt. Les meir her
25.03.08 Påskeleir : Rapport
Så var dette årets treningsleir i påska. Leiren føyer seg fint inn i rekka av treningsleirar gjennomført på ein god måte, og med gode kvalitative trykk så byrjar grunnar til å symje sakte i det føreståande NM kortbane å bli forsvinnande få. Les meir her
13.03.08 Påskeleir
Tradisjon tru tilbringast påska for symjarar ein eller annan stad på treningsleir. I år går turen til eksotiske Hjørring på Nordjylland i Danmark etter at dei to siste påskene har blitt tilbringe i henholdsvis Ostrowiec (Polen) og på Syros (Hellas). Les meir her
10.03.08 Form i anmarsj : Rapport GP
Grand Prix i Uppsala blei eit berg og dalbane-stevne for min del, men med ein klar positiv undertone. Eit klart teikn på ei stigande formkurve er det uansett, med personleg rekord på 50 fri som høgdepunktet. Les meir her
06.03.08 Stevneklar
I helga arrangerast det andre svenske Grand Prix for sesongen, i Uppsala. Eg reiser dit for å teste formen, etter ei rekkje gode treningsleirar i det siste. Les meir her
02.03.08 Malaga; Rapport
12 symjetreningar, 3 styrketreningar, 2 basistreningar, 1 tøyetrening, 1 springetrening er total treningsmengde for treningsleiren i Malaga. Totalt ca 32 timar trening og ein stad mellom 50 og 55 kilometer symd i bassenget i løpet av dei seks dagane på costa del sol. Les meir her
22.02.08 Klart for ny treningsleir
Då er det straks klart for min tredje treningsleir på langbane i 2008. Eg har aldri vore så mykje på treningsleir som denne sesongen, og aldri fått trent så mykje langbane. Forhåpentleg kan den positive trenden frå dei førre treningsleirane førast vidare når eg no reiser til Malaga og Torremolinos. Les meir her
Rapport ekstremtrening
No er vinterferien over, og alle uvanlege aktivitetar er vel overstått. Ei veke som har vore gjevande, sjølv om bassengaktiviteten har blitt litt lidande for at kroppen min har gjort ting som den rett og slett ikkje er van med. Les meir her
18.02.08 Trening utanom det vanlege
I vinterferien for skuleelevar har Bergensvømmerne planlagd noko trening utanom det vanlege. Ekstremtrening i den forstand at det blir noko heilt anna enn det vi gjer til vanleg og ikkje er direkte relevant i forhold til symjing. Les meir her
Biografi oppdatert
Av og til tar ein ting for gjevne. Av og til gløymer ein ting som er det viktigaste i livet og gjev det ikkje den anerkjenninga som det fortjenar. I dag har eg retta opp litt av det. Biografien har fått to nye avsnitt i byrjinga, som beskriv personar som ikkje fortjenar å bli forbigått i stillheit. Les meir her
15.02.08 Ny personlig bestenotering på beinserie
I Bergensvømmerne har vi ein vekentleg treningsserie som kan referast til som ein beintest. Det gir ein rimeleg god indikasjon på kor uthaldande du er i beinsparkdelen av symjinga. Dette er eit av mine svakaste områder, men all framgang er god framgong og difor var gårsdagens trening gledeleg. Les meir her
12.02.08 Nynorsk offisielt språk
Eg har fått mange reaksjonar på at sida skrivast på nynorsk. Somme seier til og med at dei ikkje forstår kva som står på sida. Det er likevel uaktuelt å fire noko på denne haldninga. Nynorsk er og blir offisielt språk for thesander.com. Les meir her
10.02.08 Hard, men positiv treningsleir
Treningsleiren med landslaget på Hamar i veke 6 er no gjennomført. Det blei ei hard veke med totalt om lag 39 timar trening, fordelt på treningar både på land (11 timar) og i vatn (ca. 28 timar). Les meir her
03.02.08 Landslagsleir, Hamar
Den komande veka blir eg å befinne meg langs forfryste Mjøsa sine bredder, på treningsleir med landslaget. Les meir her
02.02.08 Imponert, og inspirert
Dei som kjenner meg veit at ein av mine beste kameratar er skiskyttar. Han heiter Ronny Andrè Hafsås, kjem frå Stårheim i Eid, og er av same årskull som meg. Dei siste to dagane har han gått NM på ski, utan børsa på ryggen, og imponert eit samla ski-Noreg, samt meg! Les meir her
Aktivitetsoversikt
Dei næraste særskilde aktivitetane mine med relevans til symjing er no lagt til på forsida. Dette vil gjere det mogleg for eventuelt interesserte å fylgje med på mine komande aktivitetar som er utanom det vanlege. Les meir her
01.02.08
thesander.com gjort offentleg
I dag har eg annonsert thesander.com i alle tenkjelege kanalar. Facebook, mail og MSN har alt blitt brukt for å promotere min nye nettstad. Les meir her
Sida sjåast best i Internet Explorer
TheSander.com fungerar best i Internet Explorer. Har du andre nettlesarar kan det vere at layout og design ikkje fungerar som den skal. Legg du merke til feil, gi meg ein lyd. Les meir her
29.01.08 Velkomen til thesander.com
Velkomen til thesander.com, heimesida til Sander Englund Smørdal. Her vil du kunne følgje livet mitt på forskjellige måtar. Hovudsakeleg vil det sjølvsagt handle om symjekarriera mi enno, men også andre delar av livet mitt vil bli opplyst om og skildra i dei forskjellige seksjonane på denne verdsvevsida. Les meir her |