Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

30.05.11 Ikkje heilt der eg vil vere...

South Australian Open Short Course Championships har kanskje det lengste namnet på eit symjestemne eg har delteke på, men utover det er det ikkje mykje å skrive heim om. Mine eigne prestasjonar er lett blanda, men for å vere ærlig hadde eg håpa å vere kome litt lenger i prosessen enn resultata tilsei. Eit plaster på såret er kanskje tittelen "South Australian Champion". Ikkje mange nordmenn som kan smykke seg med den, trur eg.

Stemnet var det første eg deltek på i det nye South Australian Aquatics and Leisure Centre, der eg for øvrig også har fått jobb som badevakt (eller livvakt som Australienarane seier, likar det betre). Her skal også Australske kortbanemeisterskapet gå av stabelen om ein månads tid, så det var eit viktig treningsstemne for oss.


Før start 50 butterfly

Siger og syresmell
Stemnet starta ikkje så verst for min del. Første øvinga var 100 fri - og det var då også her eg blei meister. Slutt-tida blei 51.52, ei tid som eg berre ved sporadiske høve har vore betre enn i tunge treningsperiodar. Det er til dømes to tidelar betre enn eg presterte i haust, når eg til slutt enda opp med ei tid godt under 50 under toppingsstemne. Mykje kan skje i dei siste fem vekene fram til australsk kortbanemeisterskap i byrjinga av juli.

Sjølve løpet då? Eg prøvar å gå forsiktig ut, særlig med beinsparka. For første gong klarar eg å spare på beina i den nye måten eg sym på. Det går ikkje fryktelig fort ut, med første 50 på 24.77, tilbakegongen er betre på 26.75. Litt morsomt er det å få offisielle splitt-tider på alle 25-meterar. Eg prøvde å trykke til tredje 25, og det viste seg også på tidene; 11.41-13.36-13.03-13.72. Diverre blei det litt tøft på siste 25, burde i etterpåklokskapens ljos ha bygd meir progressivt i staden for å klinke til etter andre vending. Frekvensar; 50-48-50-51. Framleis meget lavt i forhald til tidlegare. Ei positiv oppleving.

Det som hende etter 100-meteren var ikkje like kjekt. Eg gjekk rett opp av bassenget, bort til andre sidan av bassenget - opp på pallen og stupte ut i på 4x50 fri. Det var nok ei tabbe å sette meg opp på førsteetappa på laget, rett etter 100 fri, men vi trudde det var eit heat i mellom. Det var det ikkje. 25.71 må vere det saktaste eg har svømt 50 fri på ei stund. Hovudet sleit med surstoffmangel, muskulaturen likeså. Det minna om utslagings-50ar som vi har på BSF, bortsett frå at her var det 100 MAX, og langt kortare pause før 50 max... Vi blei nummer to på den stafetten - 0,1 frå gullet. Ikkje vanlig at Norwood tapar stafettar her, og eg må ta ein del av skulda for det, sjølv om få svømte verkeleg godt.

50 bryst
For første gong sidan januar 2009 skulle eg prøve meg på 50 bryst. Eg har ein draum om å eingong symje under 30 sekund på øvinga. Det blei ikkje slik denne gongen, med 30.71. Det einaste eg kan i brystsymjing er stup og undervasstak. Elles er det mykje dårlig... Leiar fram til 20 meter, men så er det takk og farvel til vinnaren som slo inn på 28-talet. Får ikkje til undervasstaket som eg veit eg kan heller, og då blir det vanskelig. Det er noko anna i konkurranse enn på trening likevel. 14.01-16.70 i splittar.

50 fri X2
Så kjem vi til helgas store nedtur; 50 fri. Eg har kjend meg bra på sprint på trening - sett nokre gode personlige rekord på 25-meterar sidan eg kom ned hit, men no stemte ingenting av dette. Om det var syresmellen kvelden i forvegen som framleis satt i vitast ikkje, men det gjekk fryktelig sakte. Sjølv om det kjendest OK, så var eg fryktelig treig første 25, og dermed enda eg opp som nummer 3 - med slutt-tida 23.49. Skuffande først og fremst fordi det blir svømt under optimale forhold i eit verdsklasse-anlegg. Eg sym fortare enn eg gjorde i Førdehuset i haust, men tre hundredelar er ikkje mykje..

11.41 første 25 er nøyaktig det same som på 100 fri kvelden i forvegen, men no med vesentlig høgare frekvens, sjølv om den ikkje var på normalt 50 fri-nivå; 57. Tilbakegongen er ikkje heilt dårlig; 12.08, 58 i frekvens. Normalt sett går eg opp dryge sekundet frå første til andre 25, og hadde eg hatt ein normal første 25 trur eg at eg hadde gått ned mot 23.00. Det er sjølvsagt lettvint å seie.

Så kva forteller dette meg? Jo, først og fremst at teknikken berre sit av og til og delvis. Eg hadde trudd at det skulle kjennest meir naturlig på noverande tidspunkt. Framleis søker eg for mykje etter beinrytme undervegs i løp. At eg fysisk ikkje er heilt i toppform er som det skal vere i noverande treningsfase - kanskje kjem det tekniske når eg blir lettare i kroppen.

Svømte også 50 fri på stafett kort tid seinare, sisteetappen på 4x50-medley. Denne gongen blei det cruisekontroll til stafettgull, med 23.16, etter at eg ikkje tok nokon sjansar på starten. 11.09-12.07. Nok ein gong ein akseptabel tilbakegong, men første 25 er og blir for sakte.


Medaljar utanom det vanlige fekk eg i alle fall med meg.

50 butterfly + 100-stafett.
I stemnets siste sekvens svømte eg 50 butterfly. Nok ein gong er eg minst fornøgd med første 25. Første 25 er normalt sett mi store styrke, men ein utgong på 11.93 er ikkje raskt nok, når eg samanliknar med ein del andre. 14.04 tilbake er sjølvsagt ikkje verdsklasse heller, men for meg er dette betre. 25.97 er om lag på nivået eg gjorde med formen toppa på NM kortbane i 2010 - så det er ikkje heilt feil. Eg trenar ein del meir på butterfly og andre stilartar generelt her nede enn eg gjorde heime, så kanskje naturlig?

Nok ein gong hadde eg relativt kort pause, sjølv om den ikkje kan samanliknast med første dagen, før ein stafett. Denne gongen var det 4x100 medley, med meg på ankeretappa. Etter avtale med trenar skulle eg denne gongen bygge meir progressivt, og ikkje berre smelle til tredje 25. Det gjekk så som så.

11.51 (tente altså veldig lite/ingenting på starten her) - 13.47 - 13.18 - 13.63. Eg klarte det berre delvis, og det blei litt tøft på slutten. 51.79 hadde eg på mi etappe - altså to tidelar saktare enn med faststart første dagen. På dette tidspunktet var eg sliten, så kanskje ikkje så rart, i tillegg til at eg sikra meg for tjuvstart i aller høgaste grad.

Framover
Vi jobbar kontinuerlig med tekniske detaljar som ikkje fell naturlig for meg enno. På dei komande toppingsstemna må det gå meir på automatikken - og eg trur eg nærmar meg der eg skal vere, men det går saktare enn eg hadde tenkt, kanskje kjem det ikkje heilt saman før det verkeleg gjeld? Eg har eit treningsstemne i tillegg til knappe 40 svømmeøkter å trene det på.

Eg har i alle fall trua på det eg gjer, og sjølv om eg skulle ønske eg var komen lenger, gjev eg ikkje opp. Å gå tilbake til "gamlemåten" å symje på er ikkje noko val lenger - eg er komen for langt til det. Dessuten vil eg bli betre enn det eg har vore... Eit steg tilbake - to steg fram!

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.
-