Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

30.05.08

Skulen ferdig

Skuleåret 2007/2008 er over for min del, og sjeldan har eg vore meir glad over å vere ferdig med noko, som eg er over at eg er ferdig med årsstudiet i Engelsk.

Eg tenkte, då eg søkte i fjor vår, at engelsk kan vere greit å ha. Eg tenkte også at; "Engelsk - det kan eg jo! Det kan eg surfe igjennom." Dette var samstundes som at eg trengte studielånet for å finansiere at eg kunne leve som symjar. Engelsk skulle vere eit kvileår.

Det synte seg derimot fort at dette var ikkje noko eg kunne surfe meg igjennom. Store pensum, på vanskeleg tungvindt språk og innvikla grammatikk som gjekk langt utanom min kunnskap. Etter kvart dalte motivasjonen, og det blei mindre og mindre gjevande. Forhåpentleg kom eg nokolunde velberga gjennom.

 Til hausten har eg søkt på noko som vil vere meir interessant for meg. Det er mykje betre å ha noko ein har interesse for ved sidan av symjinga, enn noko ein er dritlei.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.