|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
30.05.08 KM Rapport
Eit stevne utan den store motivasjonen eller konkurransen, og eit stevne med resultat deretter.
Kretsmeisterskapet, slik det framstod i Hordaland i år, er ei konkurranseform som verkar å ha utspelt si rolle. Elendig deltaking av dei beste i frå Hordaland, i tillegg til at ein del yngre også prioriterte andre ting gjer at "meisterskaps"-tittelen blir kraftig utvatna. Tidspunktet og forma bør revurderast til neste år, for dette var ikkje særskild spanande å delta på. Ikkje ein gong for dei yngste trur eg.
Å prestere bra er likevel inga umoglegheit, og første dagen var då også OK. 51.71 på 100 fri, som er eit sekund saktare enn BSF tidlegare i månaden, var greit nok, tatt i betraktning treningsveka i forkant og at vi hadde hatt trening på føremiddagen. Det var ikkje fantastisk, og eg hadde vona litt betre, men etter kjensla eg hadde så var det greit nok. 26.8 på 50 butterfly berre minutt etterpå var også greit nok. Eit halvt sekund over personleg rekord, sett på BSF, var betre, særskild ettersom det kom så tett på 100 fri.
Søndag byrja med ei knallhard styrketreningsøkt før eg gjekk for å symje inn. Eg ville sjå kva effekt dette hadde på symjinga mi, og på 50 fri fekk eg svaret. 23.6, trass i at kjensla i symjinga var god. Det vesle overskotet som trengs for å symje fort, var der ikkje, muskulaturen var sliten. Påfølgande 50 rygg gjekk unna på 28.4, noko som er tredje beste tid nokon gong, og faktisk betre enn BSF. Heilt greit det også.
Alt i alt, ikkje katastrofe, men heller ikkje fantastisk. Det mest påfallande var skilnaden på BSF og KM. At det var same bassenget er vanskeleg å tru, det var omtrent diamentralt motsette kjensler når ein gjekk inn i symjehallen no i forhold til då.
|
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|