Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

30.05.08
Eurotrip 08

I dag reiser eg til Stockholm for ei vekes trening saman med verdas raskaste 100 fri-symjar Stefan Nystrand og hans klubb. Neste helg blir det også deltaking på Trofeo Sette Colli i Roma.

Frå i dag til torsdag skal eg trene i Eriksdalsbadet i Stockholm saman med SK Neptun, og følgje opplegget der. Formålet er å sjå kva nokre av dei beste i verden gjer, og sjå kva av dette eg kan bruke og implementere i mi eiga trening. Ikkje blåkopiere, men det skal bli interessant å sjå kva største skilnaden er.

Frå fredag til søndag skal eg så delta på Trofeo Sette Colli, eit internasjonalt invitasjonsstevne med store pengepremiar. Ikkje at eg forventar meg nokre av pengepremiane, for her kjem det mange store stjerner for å delta. Spanande skal det bli uansett.

Stevnet er på langbane, og eg skal symje 50 og 100 fri. Rapport kjem sjølvsagt etter stevnet. Eg har ikkje lukkast i å finne noko sida der ein kan fylgje stevnet, men her er link til det italienske symjeforbundet for dei som kan italiensk:

federnuoto.it

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.