Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

30.04.08
Eg har gått kattegongen

På laurdag som var debuterte eg som modell under BergenTrend08 på Torgallmenningen i Bergen.

Det var i førre veka eg blei spurt om eg kunne tenke meg å stille opp som modell for Modellhuset under deira føreståande moteshow på Torgallmenningen. Dei trengde fleire mannlege modellar, og freista med ei god betaling for nokre få timars arbeid. Ikkje det at det var så mykje arbeid ein gong, det var mest venting.

Nervar var det likevel inne i bilete. Å gå/stå og bli beglodd er ikkje akkurat min favoritt-ting. Dessuten var eg svært uskolert og visste lite eller ingenting om korleis ein ter seg på ein catwalk. Eg har eit vagt minne om ein gong å ha gått i ein strikka gensar for Mamma sin butikk ein gong, men mykje erfaring var det ikkje å hente ut av det no.

Det viste seg likevel snart: Kor vanskeleg kan det vere å gå fram og tilbake på ei scene? Ikkje særskild vanskelig. Eg var kanskje ikkje like classy som dei heitaste supermodellane, men eg unngjekk dei største tabbene. Somme antrekk var ein sjølvsagt meir komfortabel i enn andre, men uansett.

Om det blir meir modellering er uvisst i skrivande stund, men ein skal ikkje sjå vekk i frå noko.


        Ikkje heilt komfortabel i dette antrekket                                         Pink Panther


Dagens penaste antrekk

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.