Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

30.03.09 NM Kortbane: Tidenes beste, men ikkje perfekt

Årets NM kortbane i Kristiansund blei et stevne eg kan vere nøgd med. Eg har aldri symd så fort på noko noregsmeisterskap tidlegare, og eg kjem heim med to individuelle gull, og fire bronsemedaljar på stafettane.

Gull på 50 og 100 fri er sjølvsagt høgdepunkta frå NM, men det var også ei rekke andre fine prestasjonar, og ein prestasjon som eg ikkje er stolt av i det heile sneik seg også inn. I det følgjande skal eg gå gjennom NM kronologisk.

Torsdag
Den første dagen på NM har alltid vore ein vanskeleg dag for meg. Eg har aldri heilt fått det til denne dagen. Eg har trengt tid for å kome i gong, og til å få tillit til at eg verkeleg er i form. No hadde eg allereie fått formbekreftinga forrige veke, så eg visste at eg var i form.

Likevel ynskja eg å byrje med noko som eg ikkje sett så stor prestisje i, og som eg kan kose meg med. 50 butterfly var øvinga. Personleg rekord med eit halvt sekund, til 25.26, og eg kvalifiserte meg for min første NM-finale i ei øving som ikkje er fri. Ei strålande opning. Eg valde likevel å stå over finalen, då den finalen er rett før 4x100 fri-stafetten, og ein klubbkamerat (Petter Solberg) heller skulle få moglegheiten i finalen.

Førsteetappen på 4x100 fri var hovudfokus på opningsdagen, då eg jo bærer på ein draum om å sette norsk rekord på 100 fri, og dette var første moglegheit. Ei opning på 23.69 er i og for seg greit nok, men det var med for høg frekvens, og for stort forbruk av krefter, og det blei ein tøff tilbakegong. 25.79, og ei slutt-tid på 49.48. Mi tredje best tid på distansen nokon gong og ei grei opning, tatt i betraktning at eg har pleidd å opne katastrofalt på denne stafetten. Førre året symde eg 50.40 på distansen, og året før der 51.2! For laget enda stafetten med bronse, noko vi nok var mellomnøgd med.

Fredag
Fredag var som vanleg ein dag i stafettens teikn. 4x50 medley og 4x200 fri. Forsøket på 4x50 medley var eit pliktløp, berre om å gjere å få ein finaleplass. 22.20 er likevel det raskaste eg har vore på ein slik stafett.

Finalen på 4x50 medley gjekk av stabelen i finalesekvensen, og vi fekk det vi kunne håpe på: ein bronsemedalje. Laget symde bra, og eg symde mi beste stafettetappe nokonsinne då eg gjorde unna min 50-meter på 21.65, eit tidel betre enn mi førre bestenotering. Dette trass i at det var ganske sikkert at det blei ein bronsemedalje og ikkje noko meir, då eg la ut.

Seinare i finalesekvensen var det duka for 4x200 stafett. Eg hadde førsteetappen, noko som det var knytt ein del spaning til, då dette ikkje er ei øving eg trenar for lenger. Eit relativt veldisponert løp blei det likevel, med splittane 25.69-27.64 (53.33) - 28.16-28.83 (56.99) og ei sluttid på 1.50.32. Mi femte beste tid nokosinne er absolutt godkjend under forhalda, sjølv om eg gjerne skulle slått min personlege rekord på 1.49.94. Fjerdeplass for laget var nok ikkje det vi hadde håpa på.

Laurdag
På den tredje dagen er det duka for min første individuelle distanse, 100 meter fri. Dette er også dagen for 4x50 fri, som er innledningsdistansen for dagen.

Forsøket startar med norsk rekord for min del. Norsk rekord på 50 fri uten briller. 22.98 er heilt ok, med tanke på at eg mista brillene, og det var forsøk. Sjølvsagt amatørmessig å miste brillene, det skal ikkje skje. Når det då i tillegg skjer ytterlegare ein gong i finalen, byrjar det å bli flaut, og det er utilgjeveleg ovanfor lagkameratar. Det hjelp lite at eg forbetrar meg til 22.90, vi tapar de facto sølvet på at eg sym 83 hundredelar over personleg rekord. Svakt og skuffande. Nok ein bronsemedalje.

100 fri individuelt plar eg alltid symje fortare enn eg gjer på stafetten torsdag. Forsøket blir brukt til å symje meg inn i finalen, og berre symje teknisk bra og lett utan å vere i tvil om å nå finalen. 50.45, etter ein første 50 på 24.49, var ei grei gjennomkjøring der eg kjende at eg hadde mykje meir å gå på.

I finalen skulle eg opne fort, men kontrollert. Eg var forbanna etter å ha drite meg ut på 4x50 og måtte bruke det konstruktivt. Ei raskare opning enn på 100-stafetten, men med lavare frekvens passa meg ypperleg. Etter ein første 50 på 23.54, og ein påfølgande tredje 25 på 12.5, låg eg inne med ein moglegheit på norsk rekord. Diverre blei det litt tungt, og med 12.9 på siste 25 og totalt 25.47 på siste 50, blei det 49.01, 6 hundredelar over norsk rekord. Eg var skuffa der og då, men i ettertid er eg nøgd med å ha sett personleg rekord, og den nest beste tida av ein nordmann nokon gong.

Søndag
Tid for å vise at eg var betre på 50 fri enn mine to gongar 22.9-løp. Allereie i forsøket gjekk eg ut for å vise meg fram litt. 22.64 er ei grei tid, kanskje ikkje heilt det eg håpa på, men i alle fall bedre enn laurdagen. Starten sitt ikkje som den gjorde på EM, og det gjev seg kraftig utslag i tida første 25.

I finalesekvensen hadde eg stramma brillene så dei gjorde vondt å ha på seg. Dei skulle i alle fall ikkje mistast. Ein noko betre start enn eg har hatt i det siste, og ei opning på 10.6 (EM 10.4), og ein tilbakegong på 11.6 (samme som EM), resulterar i 22.28, mitt nest beste løp nokongong. Eg er nøgd med dette, ettersom eg ikkje har følt at 50-meteren har sotte i det siste. Mitt andre gull under meisterskapen og mitt sjette individuelle gull i NM totalt. Eg får nok ein gong bevist at min andre 25 er forsa mi på 50, då det er her eg hovudsakleg slår konkurrentane mine.

Siste øvinga er som vanleg 4x100 medley, der eg sym sisteetappa. Eg var på førehand spent på kva plass vi kunne få, men når eg la ut på mi etappe, var eg rimelig sikker på å sikre bronsemedaljen, i alle fall om eg symde som eg kan. Opp til dei andre medaljane var det for langt. 48.26 blir etappetida for min del. 75 hundredelar betre enn mitt individuelle løp, og mi klart beste etappe på ein stafett nokon gong.

Det seiast at ein på ein optimal flying start kan tjene mellom 6 og 8 tidelar på ein fast start. Eg passa på at eg ikkje tjuvstarta, så eg kan umogleg ha tjent meir enn 6 tidelar.... Eg var 5 tidelar raskare første 25 enn eg var individuelt, og symde også andre 25 raskare enn eg gjorde individuelt. Antakeleg var dette eit løp som var betre enn den gjeldande norske rekorden. Ei strålande avslutning for meg, på eit godt NM, med eit skår i gledja: 4x50 fri.

Uansett glimrande inspirasjon til fortsetjinga, og det blir bra å gå inn i påskeleiren med dette i bagasjen!

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.