|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
29.04.09 Trøndersvøm: akseptabel test
I helga som var deltok eg på Trøndersvøm i Trondheim. Trøndersvøm er eit årleg stemne, men blei for første gong arrangert på langbane. Langbanesatsinga var grunnen til at eg tok turen nordover, og eg reknar stemnet som verdifull trening.
Stemnet starta med personleg rekord på 50 butterfly fredag. 26.11 er ei personleg rekordforbetring på langbane med 1.43 sekund, men det er snart to år sidan eg symde det sist. Gledjeleg at eg no har betre tid på langbane enn eg hadde på kortbane ved inngongen av året.
Friøvingane var sjølvsagt det viktige i helga, som alltid, og det var duka for 100 fri på laurdag. På grunn av stevneformatet med direkte finalar basert på påmeldingstider, på ettermiddagane, i staden for det vanlege forsøk/finale, blir det kun eit løp på 100 fri. 52.18 ut frå ein første 50 på 24.92, og med ein tilbakegong på 27.26. Utgongen er ok, men eg er litt for stressa, og brukar mykje krefter til at eg kan halde heile siste 50.
Søndag var det 50 fri på programmet først. 23.69 må eg ærleg innrømme at eg hadde forventa betre, sjølv om det berre er 0,3 over min nysette personlege rekord. Ein dårlig start og ein dalande frekvens i løpet får ta skulda for at eg ikkje er heilt der oppe. Manglar den siste freshheten i symjinga.
Seinare misbrukte eg 200 fri, i den forstand at eg symde 100 max først etterfulgt av 100 roleg. Eg vurderte det dit hen at ein 100-meter var meir relevant for meg å trene på. Difor symde eg heller 100 max, og forsøkte å forbetre løpet frå laurdag og få fleire opplevingar og meir erfaring med det fram mot topping av formen i slutten av mai/byrjinga av juni.
Dette forklarar ei slutt-tid på 2.17. 24.76 første 50, 13 hundredelar saktare enn då eg satte persen min på 51.28. Med ein tilbakegong på 27.39, blei det ei slutt-tid berre tre hundredelar betre enn laurdag med 52.15. Det er tydeleg at eg manglar litt på det som skal til for å vere i nærleiken av pers i form av overskot og anaerobt grunnlag.
Men det er jo normalt, og eg har aldri symd så raskt i ein slik periode tidlegare. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|