Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

28.09.09 God treningsleir, men utan prikk over I-en.

I går kom eg heim frå eit to-vekers treningsopphald på Kypros. I det idylliske området Paphos ligg Coral Beach, og for andre gong i år var landslaget på treningsleir nettopp der. Supre forhald la grunnlaget for god trening - inntil sjukdom tok bustad i kroppen min.

Som nemnd frå sist opphald på Kypros, same stad og same 5-stjerners hotell med all-inclusive, er forhalda tilnærma optimale på dette anlegget. 10-baners 50-metersbasseng kun 20 meter frå hotelldøra, gode områder for basistrening, og greie styrketreningsfasilitetar blir akkompagnert av eit gunstig klima, god mat og gratis brus.

Til motsetnad frå sist ei-vekes opphald, var det denne gongen planlagt to veker på Kypros sørvestlege kyst. Totalt fekk eg med meg 104 symde kilometer, eit respektabelt antal for meg på to veker. Eg trente om lag 60 timar i løpet av desse to vekene, fordelt på 42 timar symjing, 6 timar styrke, 5 timar basis/landtrening, 6 timar røyrsleevne og 0,5 time løping. Dette var likevel ikkje heilt etter planen.

Fram til fredag, dagen før heimreise hadde treninga gått særs bra. Så klart var eg sliten i løpet av leiren, og laktatmålingane tyda på at eg ikkje akkurat var proppfull av overskot, men på betringas veg gjennom heile leiren. Eg er nok ikkje i min beste aerobe (uthaldande) form heller - sprinttrent som eg er. Eg fullførte likevel eit meterantal på dei treningane eg hadde som langt overgår det eg gjer heime, og det på langbane, som er ein ekstra 8-10% belastande. I tillegg med ein kvalitet som eg kan sei meg nøgd med. Det er ofte kvaliteten på det som blir gjort som fell ved store meterbelastningar.

Sidan eg kom på landslaget har det blitt gjort heilt klart for meg at eg er alt for dårlig på bein, noko som nok bunnar ut i at fram til eg var 18, så var det særs lite beintrening som blei gjort i bassenget. Beintrening har høg prioritet blandt landslagssleiinga, og eg har ofte slitt med å gjennomføre det som er sett opp. Eg har trent, lenge og hardt og tatt små steg heile vegen. På denne leiren verka det som om det endeleg løsna ein blokk av meg, og eg fekk farta tydeleg opp i høve til tidlegare. Eit godt teikn, som også gjer det lettare å symje bein motivasjonsmessig.

Det var ein hard smell når eg måtte bryte den tredje siste treninga etter å ha følt meg heilt uggen, svimmel og slapp i bassenget. Den gryande halsonda slo ut i full blomst etterpå, og nasa tetna til i løpet av dagen. Feberen kom veltande innover meg, og det blei snart klart at treningsleiren var over for min del. Eg måtte berre ligge å vente på heimreise, det viktigaste var å bli klar til å trene heime att.

Forutan dei siste treningane var leiren ei god oppleving, og det blei ein liten svart prikk på minnet frå denne leiren. Det var fleire ting som var særskild for denne leiren. Første veka var over 30 nordmenn samla på hotellet. Landslaget for funksjonshemma var der saman med både senior- og juniorlandslaget for funksjonsfriske. I tillegg var alle trenarar med utøvarar på sr.- og jr.-landslag invitert til å delta, som kick-off for trenarar. Trenarane arbeidde i grupper og rullerte på kven dei laga program til og trente. Dette gjorde arbeidsoppgåvene variert, og ein fekk innblikk i forskjellige måtar å trene på. Noko skjøna ein fort at dette er ikkje for meg, medan andre ting kanskje var overraskande positivt og kan takast med vidare. Andre veka var det berre landslaget for senior og funksjonshemma som var tilbake saman med landslagssjefar og eit par trenarar - noko som gav stor arbeidsro og kanskje enno større heilskap i treninga.

Med Johan Setterberg, videoanalytikar frå NSF, der også var det moglegheit for videoanalyser av teknikk. Kva gjer eg bra? Kva gjer eg dårlig? Kva må betrast? For min del fekk vi sett at eg bomma litt med rytmen på beinsparket i forhald til armtaket, noko som reduserar krafta i taket. I tillegg må eg jobbe med å dra armtaket heile vegen gjennom. I vendinga må eg bli mindre når eg går rundt, og få beina lenger ned på veggen - slik at eg får eit fråspark med kroppen meir i linje. I stupet må eg halde linja betre når eg kjem ned i vatnet, og ikkje la beina gå for langt ned - då strekar dei i vatnet. Alt handlar om å vere strømlinjeforma. Nok å gripe tak i altså, og bra er det - ville vore synd om eg ikkje fann noko å bli betre på - då hadde det vore like greit å gjeve seg først som sist.

No ser eg fram mot ein fantastisk haust, med ein god base i botn.


Bassenget på Kypros

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.