|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
29.04.10 NM i nedtur
Du trudde kanskje den var gløymd, fortrengt eller berre forbigått i det stille. Du tok feil. NM kortbane 2010 blei ikkje den opplevinga eg hadde ynskt, og det er det nok fleire komplekse grunnar til, og det er vanskeleg å gje fasiten. Difor har også NM, som trass alt gav eit gull og fire sølv, tatt ei stund å evaluere.
I utgongspunktet var eg optimist før meisterskapen. Eg hadde trent mykje og bra, sidan treninga for alvor starta opp att i januar. Eg hadde gjort meir i bassenget enn på fleire sesongar eigentleg. I alle fall om ein reknar antal meter. Dei siste vekene før NM, etter eg kom heim frå Florida, skulle finpussen leggast - og farta skulle ankome. Eg venta og eg venta, og akkurat når det kjendest som den kom... så blei eg sjuk. Søndagen før NM vakna eg med sår hals og tett nase, mandag var det blitt til feber. Tysdag var den verste dagen, og eg blei dramatisk betre på onsdag. NM-start var som kjend torsdag og eg var litt småuggen enda, men kanskje verst av alt: eg var usikker på meg sjølv.
Sjukdom i nedkjøringa til stemne treng faktisk ikkje bety så mykje, så lenge ein blir nokolunde frisk til start kan det vere stort sett positivt. Det finnast mange eksempel på det. Det som er verst for meg er den psykiske effekten det gjev. Kjensla av at eg ikkje får gjort det eg skal/treng dei siste dagane. Kjensla av at eg er usikker på om den fysiske formen er tilstades. Eg blir usikker på korleis løp skal symjast. Kort sagt fyllest eg av kjensler som bryt ned den sjølvtilliten som er ei føresetnad for å symje fort. Eg burde kanskje vere erfaren no, men den type sjukdom tett opp i viktig konkurranse har eg faktisk aldri opplevd før. Mi evne til å takle det, var ikkje god nok.
Eg har jo svømt 100-meter ein del gongar før. Likevel er den første 100-meteren på kvart NM Kortbane i 4x100-fristafetten sjeldan ein god oppleving for meg. Kun i fjor har eigentleg den stafetten gått i nærleiken av så bra som individuelt. (Det grellaste eksempelet er vel frå 2007 med 51.2 på stafetten, mot 49.2 individuelt.) Difor var eg skuffa men ikkje heilt ute etter 50.7 i år. Til sist blei det ein sølvmedalje på laget, utan sjans til å kapre gullmedaljen i realiteten.
Dag to kom med sin 4x50 medley-stafett i forsøket. Det blei ei klassisk sisteetappe i forsøkssekvensen: alt handlar om å sikre finaleplassen. Treig start, slapp, rotete svømming og 22.65 med flying start er om lag som vanleg. I finalen var det heilt anna fokus, sjølv om bølgene eg blei liggande i gjer dei store tidene vanskeleg. Likevel var det ei god kjensle å sikre sølvmedaljen etter å ha veksla som nummer 4. 21.94 blei tida. Faktisk nesten like bra som på tilsvarande stafett i EM. Til sist var vi seks hundredelar føre Team Stavanger, som veksla 0,97 sekund føre oss. Ei god oppleving.
Fredag var då også den største og beste dagen for mitt vedkomande. Sist i same finalesekvens var nemleg 4x200fri på tapetet. For første gong på fleire år hadde eg ikkje første etappa, den tok nemleg Sindri Thor Jakobsson seg av og med personleg rekord la han grunnlaget for ein god stafett. Sjølv symde eg eit kontrollert og veldisponert løp med splittane 25.23-28.17-28.52-29.16. Ikkje ein stor sprekk til meg å vere, noko som nok kjem av mi gode grunnlagstrening denne våren - og eit bevis på at sjølve den fysiske formen neppe var noko problem. Even Vike Holm og Marcus Tesdal symde til slutt gullet heim for Bergensvømmerne, med heftige 16 hundredels margin. Deilig!
Dag tre, dagen for mitt første individuelle løp, men også 4x50 fri. Forsøksløp på 22.88 var eg faktisk ok nøgd med. Forsøksløpet på 100 fri gjekk på same tid som 4x100fri stafetten, 50,7 - men langt betre og meir beherska svømt. Ikkje nok til å roe meg heilt dog. Eg visste eg hadde meir å gå på til finalen - men kor mykje?
Først finalen på 4x50 fri: Etappa mi på 22.75 var vel ok, men eit bevis på at farta kanskje ikkje er heilt på topp. Laget gjorde vel ein innsats på det jamne, og vi fekk med oss sølvmedaljen. Min største nedtur fulgte så. 100 fri finale. Ingenting stemte, fokuset låg på kvar dei andre var i bassenget. 50,3 - fjerdeplass. Meir er det ikkje å sei om den saken. Av og til må ein berre gå vidare.
Søndag, 50 fri, og revansjemoglegheit. Det blei det på sett og vis også: 22.80 i forsøket, litt bedre enn dagen i forvegen og 22.60 i finalen etter ein god start, men litt for passiv inn mot veggen og tapar alt for mykje i vendinga. Normalt sett ei av mine forser. Ei meget sterk avslutning, der eg verkeleg finn rytmen var det gledjelege punktet med dette løpet. Litt på spøk har eg sagt at dei siste 10 meterane på den 50-meteren var dei einaste gode meterane under dette NM. Sølv.
Avslutninga var som vanleg 4x100medley. Til slutt blei det ein femteplass, berre tre tidelar frå bronsemedaljen, noko som eg kanskje kunne klart hadde eg vore i toppform. 49.0 på sisteetappen er i alle fall langt betre enn mine 50.3 individuelt, og typisk stigning i meisterskapen. Det har skjedd meg før, og kanskje særskild dei gongane eg har vore mest usikker - som no.
Litt for lite trening i høg hastighet opp mot stemnet, litt for mykje meter med middels kvalitet kombinert med at den siste finpussen ikkje blei som eg ynskja og dei psykologiske konsekvensane det fekk. Tidsmessig er det også ein faktor at dei høgteknologiske draktene er borte og vi sym i ein liten shorts no. Det har innverknad på tidene, og når eg i tillegg bommar på formen blir tidsdifferansen stor. Kunstig stor.
Og ein ting er positivt. Det er i motbakke det går oppover. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|