|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
28.03.08 Imponert og inspirert II
Det er snart ei veke sida EM i symjing var over, men det heile har tatt litt tid å få innover seg. At ein kamerat og treningskompis er blitt europameister, til og med satt europarekord, er ikkje noko som ein er van med. Det tar rett og slett litt tid å få hovudet rundt.
Ikkje fordi at eg ikkje trudde at Alexander Dale Oen skulle klare det, det var eg nesten sikker på at han ein eller annan gong skulle, men at han skulle klare det så overbevisande og verkeleg skyte seg inn i verdseliten. Han er mellom dei beste i verden gjennom tidene. Nummer tre på 100 bryst, nummer 6 på 200 bryst. Of all time. Det er imponerande. Tida på 100 bryst er betre enn nokon har symd i eit OL nokon gong. 5 månadar før eit nytt OL.

Alexander er no heilt klart Noreg sin beste symjar gjennom tidene allerede. Eg trenar med han i basistreningar, og på treningsleirar. Eg veit at det han gjer er bra. Alltid full innsats og fullt fokus. Han er eit førebilete når det kjem til kroppsbeherskelse og evnen til å heile tida yte maksimalt med fokus på seg sjølv.
Han får betalt for det også. Psykisk er han ufatteleg sterk, og han evnar heile tida ta nye steg, både internasjonalt og i si eiga personlege utvikling. Han er klar over at han kun kan forbedre seg sjølv, og ikkje gjere noko med andre. Ei stor styrke.
Norsk symjing har ikkje vore bortskjemt med store prestasjonar. Det har vore einskilde svanar av og til. Alexander Dale Oen er ein slik svane, men kanskje meir betydningsfull enn nokon annan. Det kan ikkje berre vere lett å bære det som kan verke som heile symje-Noreg på sine skuldrar. Forhåpentleg lukar Alex det ut, og konsentrerar seg om seg sjølv. Det er det han har gjort så bra til no. Han er jordnær, det har han alltid vore, og alltid hyggeleg. Ein god eigenskap for nokon som peikar seg ut i den grad han gjer.
For Noreg er det berre å håpe at andre tar opp paddlesen etter Alexander og legg seg i hardtrening, og ikkje lar seg stoppe av at Noreg er eit lite land med få symjetradisjonar. Alex har vist at det går an å kome seg opp og fram, om ein jobbar hardt nok for det, og om ein jobbar riktig med det.
Tenk litt utafor boksen, ikkje fyl normen, eksperimenter og ha det kjekt samtidig som du har kontroll. Alexander har kanskje gått lenger enn nokon annan i symje-Noreg i å gjere utradisjonelle ting. Det passar han, og det gjev han fantastiske resultat. Å blåkopiere Alexander trur eg det er ytst få som vil tene på, men å hente inspirasjon frå Noregs beste symjar, Europas beste brystsymjar er heilt klart mogleg.
Også for meg, som har sett han trene mange gongar det siste året. Han gjer ikkje noko hokuspokus, men han gjer stort sett alt bra. Han er ingen supermann, han blir sliten, men treningane gjennomførast strålande likevel.
Framst av alt har han evna til å ta ut det beste når det gjeld, og å lære av sine feil. Som feilen han gjorde i VM-finalen i fjor når han blei alt for ivrig første 50 og gjekk på ein melkesyresmell siste 50. I år viste han tydeleg at han hadde lært. Beherska, gode åpningar la grunnlaget for store prestasjonar.
Alex, eg veit du les dette; du sluttar aldri å imponere. Eg gler meg til fortsetjinga, både for meg og deg! |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|