|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
27.10.09 Cologne Challenge Cup: God og Tøff Trening
I helga var eg i den tyske millionbyen Köln og deltok på Cologne Challenge Cup, saman med Even Vike Holm frå BS/Arna, samt eit par jenter frå moderklubben Arna SLK. Stemnet, som gjekk på langbane, blei ei positiv og ganske annleis oppleving frå det eg er van med.
For det første er langbane i oktober ikkje akkurat kvardagskost. Eg trur eg aldri har symd stemne på langbane i denne månaden tidlegare, og utoppa var då heller ikkje forventingane store, særskild etter førre vekas heller skuffande stemne i Sentralbadet. Dette var likevel ikkje det einaste som var annleis frå det eg er van med under dette stemnet.
Konkurransemessig er jo symjing, symjing - så det som skulle gjerast i bassenget er jo det same. Konkurranseformen er likevel spesiell. For det første låg øvingane som var aktuelle for meg særs tett på kvarandre, slik at pausene blei særs begrensa. I tillegg byrja finaleavsnittet ein time etter at forsøksavsnittet var avslutta, og når eg då symde mot slutten av forsøksavsnittet blei pausen særs kort i forhald til slik som eg er van med i Noreg. Her sym eg oftast ganske tidleg, og har mange timar pause.
Som treningsstevne er det dog kanskje ideelt. Det vert som ei syretrening, med langt større kvalitet enn ei vanleg trening.
Laurdag byrja med 200 fri for min del. Klokka var allereie blitt 13.55, og eg hadde vore mange timar i hallen allereie. Eg skulle symje eit kontrollert, progressivt løp, men det blei frykteleg tungt. 200 fri langbane er ikkje akkurat favoritten, ei slutt-tid på 2.01.1 er ikkje akkurat noko å rope hurra for. Det verste var at eg følte eg ikkje hadde noko meir å gå på. 20 minutt seinare var det duka for 50 fly, eg var framleis sliten, men 26.51 er likevel akseptabelt på langbane, sett i betraktning 26.31 på kortbane førre helga.
Finalesekvensen byrja allereie 15.30, så det var ganske raskt på an igjen. Eg bestemde meg for å ha ei anna, og meir positiv innstilling til 200 denne gongen, og gå meir offensivt til verks. Det gjorde eg då også. 56.4 første 100 (1.7 raskare enn forsøket, og deretter ein hard duell med ein lokal symjar (Alexander Wurtz) siste 100, førte til slutttida 1.57.90, 5 hundredelar føre Wurtz. Han leia faktisk med 20 meter att, så eg slo ein person i spurten på ein 200. DET er ikkje kvardagskost. I forhald til at eg hadde 1.56 på NM i sommar er dette absolutt godkjend.
50 butterfly gjekk berre 8 minutt seinare, og med syren om lag sprutande ut av øyrene gjekk det som det måtte gå. Ikkje i det heile. Eg stod bom stille med 20 meter att, og fekk slutt-tida 27.61, 1.1 seinare enn i forsøket, men eg var langt meir sliten no, og nøgd med 200-meteren.
Søndag var det 100 og 50 fri som gjekk med kort pause. I forsøket på 100 skulle eg symje eit kontrollert løp, med fokus på jamne frekvensar og å ikkje døy fullstendig. Det klarte eg godt, med 25.3 første 50 og 28.2 siste 50 utan å møte veggen og ei sluttid på 53.5. 50-meteren 45 minutt seinare var den eg hadde fokus på i forsøkssekvensen. Det gjekk likevel ikkje vegen. 24.01 etter eit stup kor eg var om lag i botn av bassenget og kunne ha sleika den, og ellers stressa symjing var skuffande. Dette ville mest sannsynleg også bli ståande som den beste tida mi frå 50 på dette stevnet ettersom den kjem 10 minutt etter 100 i finalen - tenkte eg.
100-finalen skulle det klinast til på, og det gjorde det. Frekvensar på 56-58-58-58 er tilnærma perfekt løpsopplegg, og kjensla var god stort sett heile vegen, med unntak av vendinga. Eg var knapt nok bort i veggen, og fekk ikkje sparka i frå i det heile, så det blei om lag ein 0-start, etter ein første 50 på 24.8. Ein siste 50 på 27.3, gav til slutt tida 52.21. Kunne fort ha vore 51-talet med ei god vending. Då kunne eg kanskje ha handla opp med Marius Diettrich som vann løpet på 51.9 også.
10 minutt roleg symjing og premieutdeling seinare var det duka for 50. Eg var sliten, men visste og at dei andre hadde droppa å symje roleg i mellom, og at det kun var ein trussel utanom dei som symde 100. Eg hadde lyst å vinne. Eit betre stup enn om morgonen, progressiv frekvens 64-65 og når eg pusta etter 35 såg eg at eg låg inn front. Då var det mest som om noko klikka i hovudet mitt, og eg la hovudet ned, fokuserte på kvart tak og å symje frekvensen oppover. 23.88 på langbane 10 minutt etter 100 MAX må seiast å vere godkjend.
Alt i alt langt betre symjing enn førre helg, og i underkant av eit sekund frå pers på langbane 100 fri er bra på noverande tidspunkt, og 50 0,6 over pers med mase syre i kroppen er også godkjend. Absolutt positive teikn.
Noko anna som var særskild for dette stemnet var buforhalda, oss fire frå Bergen og Arna blei plassert i forskjellige symjeheimar i Köln. Eg hamna hjå pensjonistekteparet Pampuch, som framleis var involvert i symjeklubben TPSK, trass i at ungane var vaksne og ikkje var symjarar lenger. Dei var særs hyggelege og det blei mykje snakk på min eminente tysk, som synte seg å vere betre enn eg trudde - eg fekk i alle fall mykje skryt for den.
Å reise på stemne og bu kvar for seg var ganske spesielt for oss, men vi fekk då kontakt med foreldre og symjarar på ein ganske unik måte. Søndag kveld var vi også sosiale med den lokale klubben sine symjarar, og sytte for nye symjebekjentskap. Om vi hadde vore på eit hotell, hadde vi nok berre sløva på rommet og ikkje anstrengt oss for å bli kjend med nye folk. Artig spør du meg.
Eg fekk meg også ein del aha-opplevingar i eit møte med det tyske folk på ein måte som eg ikkje har hatt før. Du skal ikkje sjå vekk frå at det kjem ein blogg om dette på SanderSpace... |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|