Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

27.02.11 Ingen A på A Grade Meet

Småstemner på heimebane er ikkje alltid lett å prestere på. Når konkurransen er så som så, og kroppen i tillegg er sliten er det ikkje lett å løfte seg sjøv til å prestere bra. Fullt så sakte som eg svømte fredag og laurdag kveld var eg likevel ikkje førebudd på.

Eg kan med handa på hjartet sei at eg ikkje hugsar at eg nokon gong har konkurrert på langbane med kroppen i ein så sliten tilstand som det eg gjorde i helga. Som regel har eg reist vekk for å konkurrere langbane, og alltid hatt nokre rolige dagar i forkant. No var det svømming og styrke som vanlig til og med torsdag, samt svømmetrening fredag og laurdag morgon med stemnet fredag og laurdag kveld. Etter ei god veke førre veka har eg vore jamnt over sliten denne veka.

Treningane har gått stort sett bra, og eg er i fysisk god form men som eg sa på twitter før helga: "Er i tillegg relativt sår i muskulaturen... er i bedre form enn før NSW States, men slett ikkje sikkert eg svømmer fortare fordi om."

Det skulle vise seg å vere ein sjølvoppfyllande profeti. Ok, så hadde eg kanskje ikkje den rette mentale innstillinga, men det er vanskelig når latisimus dorsi skrik på kvart armtak, triceps kjennar som den skal krampe seg og beina nektar å røre seg. Nok syting - her kjem ein gjennomgong av løpa.

A Grade er ein serie av symjestemner der klubbar i Sør-Australia deltek. Serien er eigentlig ein klubbkamp, som min klubb ledar med nesten tre gongar så mange poeng som neste klubb etter helgas stemne. Stemnet, som alle stemner her, har nokre merkelige reglar. Meir om dette kan du lese på SanderSpace litt seinare.

Noko av det som er merkelig er at det på to øvingar vart arrangert finale, ikkje på dei andre. Dette var på 100 fri og 200 medley, kor forsøksløpa gjekk på fredag kveld og finalen laurdag kveld. Eg symde sjølvsagt 100 fri.

Kontrollert forsøksløp, med sterk backend, var målet. Det gjekk sånn tålelig - det blei i alle fall kontrollert, om ikkje tilbakegongen siste 50 var så rask. 26.3 - 28.2 gav 54.63 i sluttid. Med frekvensar på 50-48-48 og 52 var det litt lav intensitet frå starten, og eg fekk i tillegg aldri tak på vatnet når eg prøvde å auke på slutten. 54.6 er sakte, men eg følte meg rimelig trygg på at eg kunne svømme fortare dagen etterpå.

Det gjorde eg då også, men etter morgontrening same dag var eg ikkje særlig meir fresh i kroppen. Eg fekk streng beskjed om at det tekniske er viktigare enn resultatet, og at målet var å halde taka lange. (Om du ikkje har lest kva eg jobbar med teknisk så kan du gjere det på treningsbloggen eg har på Simma.nu

Eg skulle nok ein gong gå rolig ut, og prøve å jobbe opp farta - ikkje frekvensen - på tilbakegongen. Litt raskare ute på 26.0, men tilbake på det same: 28.2 gav meg sluttida 54.33. Tre tidelar raskare enn i forsøket, med frekvensar 50-50-49-49. Eg tok 36 tak første 50 og 43 tak siste 50, noko som er merkbart mindre enn i Sydney, men også eit sekund saktare... Løpet blei rotete. Kvar gong eg ynskja å trykke til, så gjekk frekvensen opp og eg måtte halde meg sjølv att, og finne taket på vatnet igjen. I tillegg stilte ikkje dei beste frå min klubb, den einaste reelle konkurransen i South Australia, og resultate var at eg symde meir eller mindre aleine. Resultatet var at eg gjekk opp av bassenget utan å kjenne meg særskild sliten, det var ikkje den kjensla ein god 100-meter ville gitt meg. Muskulaturen var øm, men ikkje vond.


Trenar/utøvar-samtalen er enno viktigare her enn heime. Ein får beskjed om løpsopplegget ein skal ha og kva ein skal fokusere. Etter løp er det evaluering. Her: Tre trenarar, med tre forskjellige utøvarar.

Eit par timar seinare var det på tide med 50 fri. Eg visste at det kom til å krevje noko spesielt av meg for å heve meg tidsmessig. Eg fekk streng beskjed om at eg måtte ta under 40 tak, og at eg skulle prøve meg utan å puste heile vegen. Resultatet var lave frekvensar (veit ikkje kva dei var - men kjende det), der det kjendes som eg hadde godt tak på vatnet. Når eg nærma meg der eg tek mitt eine pust til vanleg (35m) byrja eg å kjenne at eg trengde å trekke pusten. Eg byrja å bevege hovudet litt for mykje, såg fram for å sjå kor langt det var att, og etter passerte 40 meter måtte eg berre trekke pusten. Dårlig rytme frå 30 til 40 meter og eit voldsamt pust kombinert med lav frekvens resulterte i 24.66... Eg klarte å halde meg under 40 tak - 39, som er to mindre enn 50-meteren i Sydney. (Verdt å merke seg at 50-meteren var semi-elektronisk tidtagning, ingen elektroniske plater ved målgong. Det betyr at tida starta når startsignalet gjekk, elektronisk, men blei stoppa manuelt - noko som kan bety at det gjekk litt raskare, eigentlig, - viktig å vere positiv.)

Det er rart å svømme konkurranse med kun teknisk fokus - resultatet er heilt underordna. Vel har eg svømt konkurransar med tekniske oppgåver før, men eg prøvar å gje det ein heilt overordna fokus. Det er på slike stemner ein kan gjere det, når det kjem til større stemner så må ting gå automatisk. Som tidene viser: det sitter ikkje heilt, ikkje enno i alle fall.

Likevel er det tøft psykisk å svømme mi dårligaste tid på 50 fri sidan 2005 (24.66 på Mjøs-Svøm, 24.90 på GP). Rett nok svømte eg 24.65 i Athen i 2007, berre tre månadar etter DET NM-et i Asker. På 100 fri har eg ikkje registrert ei tid på medley.no sidan registreringa starta i 2005. 54.09 utan briller i Athen er det nærmaste eg kjem. På den øvinga kan eg ikkje skulde på tidtakaranlegget ein gong. Eg visste at det kom til å bli ein tilvenningsfase til ny treningsfilosofi både fysik og teknisk, no må eg minne meg sjølv på det... Fem veker til Australian Nationals, mykje teknisk og fysisk jobbing før den tid.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.

TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.