|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
26.10.11 Eit siste forsøk...
Det kan sjå ut som eg går inn i mine siste to månadar som toppsatsande symjar, men eg aktar å gå ut med eit smell. Alt er organisert og i boks for ein verdscupturnè i Asia som avslutning på symjekarriera. Eg deltar på stemna i Singapore (4.-5.november), Beijing (8.-9.november), Tokyo (12.-13.november). Målet er å kvalifisere meg til EM i desember.
Les kva NRK Sogn og Fjordane skriv om turen
Dei siste par månadane har stått i hardtreninga sitt teikn, og sjølv etter eit skuffande første halvår av satsinga mi i Australia har eg ikkje gjort store endringar i treningsmetodane. Poenget med å flytte til Australia var å prøve noko nytt, og sjå om det kan få meg til å ta steget vidare, og difor køyrer eg den linja heilt ut.
Treningsresultata har vore bra; Eg har aldri vore betre på beinspark, eg har aldri vore betre på symjing kun med armane. Sjølv om toppfarta har vore til tider fråverande i treningsperioden, har eg blitt mykje betre på svakheitene mine. Farta er også byrja å melde seg no, når vi har slept opp litt på treningsmengdene. Sist gong såg alt veldig bra ut, inntil vi toppa formen og eg fekk dårlig betalt. Forhåpentlig kan eg ta ut litt meir frå banken denne gongen.
 Tok Movember tidleg i år, sidan eg må ta full nedshaving i November
Eg trenar sju av åtte økter i veka på langbane for tida, men verdscupstemna går på min favoritt; kortbane. Dette gjer at treninga blir litt annleis enn for ei vanleg kortbanetopping, men samstundes neppe ei ulempe, då det å trene på langbane er ei større belastning for uthaldenheita og teknikken når det byrjar å svi; noko eg har hatt behov for å betre.
Det er byrja å klø i hender og bein. Eg er byrja å bli klar for å gje mitt beste, og forhåpentlig gjere gode prestasjonar i Asia. Eg har aldri vore i nokre av desse landa, så berre turen i seg sjølv blir ei oppleving. Resultat tidlegare år har tilsagt at ein finaleplass ikkje er heilt utanfor rekkevidde, men dette kjem an på kven som er med. Kjem eg ned mot EM-krava er ein finale sannsynlig..
EM går i Szczeczin i Polen i midten av desember, og eg må symje 22.03 og 48.61 for å kvalifisere meg. Mykje skal flaske seg om det skal gå, men det er det som er målet.
Eg må nytte anledninga til å takke Norges Svømmeforbund for at dei lar meg delta på stemner som det ikkje berre er å melde seg på til vanlegvis. Norge plar ikkje sende utøverar til andre verdscupstemner enn dei i Sverige og Tyskland, og det er nok grunnen til at eg fekk lov å reise på desse stemna trass i at eg ikkje er på landslaget. Eg tar ikkje plassen til nokon. I det som er langbanesesong i Australia, måtte eg anten til Norden eller delta på desse stemna for å forsøke å kvalifisere meg til EM kortbane. Dette alternativet er klart det å foretrekke, då eg slepp den lengste reisa og å endre for mange tidssoner.
Du kan følge med via min Twitterkonto Les meir om verdscupen på FINA.org
Startlister og resultat vil du etterkvart finne på omegatiming.com Finalane vil streamast live på FINA TV |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|