|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
26.05.10 BSF 2010 - Blanda drops
Bergen Swim Festival er alltid eit kanonarrangement, og det stemnet i Noreg som er mest moro å delta på. Stemninga og feelingen av eit verkeleg storstemne bidreg til å heve prestasjonane i ein elles tøff treningsperiode. I år hadde eg ein rufsete treningsperiode bak meg og forventingane var minimale, men det var visse ljospunkt.
Med ein rufsete treningsperiodar meinar eg perioden etter at vi kom heim frå treningsleiren på Syros. Litt sjukdom, litt skulearbeid som kom i vegen, og dårlige treningar når ein først var på trening gjorde at kontinuiteten i treninga i april så absolutt kunne vore langt betre. Difor var eg usikker på meg sjølv, etter berre ei og ei halv veke tilbake i verkelege modus i førekant på stemnet som gjekk av stabelen 07-09. mai. At dette i tillegg var 10 dagar med relativ hard trening gjer sjølvsagt sitt også.
Som sagt var forventingane minimale. Kroppen, og hovudet, var heller ikkje heilt med på laget når det heile starta med 50 fri om fredagen. Eg visste det var eit pliktløp for finale, og det blei det også. Eg skal ikkje lyge, det kjendest heilt jævlig, og der og då kjendest det som om det var det eg hadde å gje. 23.60, og eg var bekymra. Betre gjekk det på 50 fly, 26.40 er kanskje ikkjen oko stor tid, men betre enn frien - om ein referar til mitt eige nivå. Kvalifisert til finale også der.
Laurdag, og ikkje noko øvingar for meg på føremiddagen. Det vil sei, eg symde 100IM, om det kan kallast symjing. 1.00.9, eit sekund over pers, jaja. Eg øvar så og sei aldri på det og i ein periode der eg har trent mindre enn normalt er det ikkje rygg, bryst og fly som blir prioritert.
Finalesekvens laurdag blei den beste opplevinga for meg under BSF2010. Tradisjon tru var det utslagsfinalar på 50meterar under BSF. Det vil sei at ein startar eit heat med sju symjarar, to stykk ryker ut, og ein går på eit nytt heat med fem, og deretter står tre symjarar att i finalen. Ganske tøft konsept for sprintarar, og det er alltid spanande å sjå korleis kroppen reagerar på det. I år reagerte den overraskande bra. Kanskje var det fordi at eg var meir mentalt på plass, men no fungerte kroppen mykje betre enn under forsøkssekvensen fredag.
50 frifinalen byrja med eit løp på 23.78 for meg. Det var kontrollert og utan stress, eit langt betre løp enn 23.6 dagen føre, langt mindre energibruk. Eg visste det var på den andre det skulle avgjerast om ein kom med til finalen eller ei, difor kanaliserte eg all energi på det løpet. 23.82 blei tida, andreplass i løpet, og sikker finaleplass. Eg symde max i dette løpet, for å sikre plassen. To så jamne løp på 3 minutt viser likevel at eit maxløp er langt raskare enn dette. Her rauk Petter Stymne ut, OL-symjar for Sverige, og ein av Europas beste sprinterar. No var eg inne på topp tre, og det var berre å kline til i finalen. Førsteplassen var utanom rekkevidde. Stefan Nystrand er FOR god. Eg var nøgd med å karre meg inn på 24.4 og sikker andreplass føre finnen Manu Mäntymäki. Sjølv om låra mine kjendest ut som dei skulle sprenge på slutten, haldt eg det heile greit saman.
Samanliknar ein litt med i fjor så symde eg eit halvt sekund saktere på første 50, 23.7 mot 23.2. No skal vi hugse på at då hadde vi superdrakter på. På den andre, og no kjem det mest interessante, symde eg 24.1 i fjor (og rauk ut), mot 23.8 i år. Altså haldt eg mykje betre i årets utgåve. Begge dei første løpa var kontrollerte, både i år og i fjor. Eg sym faktisk nesten like fort på den tredje i år, som på den andre i fjor. Gledjeleg og noko å ta med seg.
50 butterflyfinalen gjekk føre seg på same viset som 50 fri, og her holdt eg på å raske med meg nokre uventa premiepengar. Mjølkesyra satt fortsatt i kroppen, sjølv om eg hadde klarte å symje relativt kontinuerlig sidan 50 fri. 26.51 på den første og kontrollert vidare også her. Også her visste eg at det var den andre som gjaldt.. 26.86 blei tida på den andre, etter å ha døydd fullstendig siste 10 meterane. Når eg slo inn stod namnet mitt på tredjeplass, og eg var glad for å ha sikra ein plass i finalen. Det hadde eg også, men diverre var det delt tredjeplass, og vi blei symjande fire i finalen. Eg var utslitt, og fekk eit slag i trynet med at premien ikkje var sikra. Første 25 på siste 50-en gjekk OK, men i kicka etter vendinga smalt låra skikkelig og stivna fullstendig. At eg i det heile kom meg i mål var gledjeleg. 28.8 blei sluttida på den siste....
Søndag forsøk: 100 fri. Laurdagens finalesekvens hadde gjort meg sliten, men det skulle berre symjast eit kontrollert løp for å sikre finalen. Det gjorde eg då også, 52.4 var OK etter forhalda. Det var ikkje max, og symd med fornuftige frekvensar. Eg var optimist før finalen.
Før den tid var det 100 butterfly, eit forsøk som skulle gå all-out. All-out gjekk det også. All-out-of-energy. Det var siste 25 på dette løpet at eg verkeleg fekk smake dagen i førevegen. Trass i at laurdagens resultat hadde vitna om god uthaldenheit var det ikkje mykje krutt igjen. 1.00.7 er ikkje noko eg er stolt av. På eit normalt stemne i Sentralbadet i februar symde eg 58.9, då er to sekund saktare på BSF for dårlig. Eg gjev laurdagen, og dei seks finaleløpa eg gjorde då, skulda.
Dermed gjenstod kun 100 frifinalen. Etter det oppløftande forsøksløpet trudde eg på ei tid ned mot og kanskje under 51.0 i finalen. Slik skulle det ikkje gå. Det var tungt frå tak ein, og med 51.6 var nedturen eit faktum. Ikkje fort nok, spør du meg, trass i tredjeplass. Det var ikkje noko spesielt å sette fingeren på, det gjekk berre for sakte frå tak ein. Lite kraft i taka og dårlig futt i beina rett og slett. Nok ein gong: skrantande treningsgrunnlag kombinert med 6 finaleløp laurdag og 100IM+100fly max fører til ein sliten kropp.
Alt i alt eit stemne midt på treet, med laurdagens finalesekvens som det mest gledjelege. Eg er allereie godt i gong med fobetring av treningsgrunnlaget, to veker inne i høgdetreningsleir i Flagstaff, Arizona som så langt har gått glimrande. Meir om den etter heimkomst. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|