Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

25.09.08
Hestholmmedleyen

Etter min vedvarande sjukdom blei Hestholmmedleyen noko amputert. 200 fri utgjekk, medan 50 bryst bestod.

"DU? 50 BRYST?" Det var stort sett reaksjonen eg fekk når eg sa eg skulle symje dette på Hestholmmedleyen. Det er eit velkjend, opplest og vedtatt faktum at eg ikkje kan symje bryst. No skulle eg motbevise det, kanskje først og fremst ovanfor meg sjølv.

Dommen er likevel framleis: Sander Englund Smørdal kan IKKJE symje bryst. Stup og undervannstak, ja, men når symjinga byrjar: dette kan eg ikkje. Eg held riktignok på leiinga fram mot 25, men tapar mykje tid, og det byrjar bli klart at eg må ha ei god vending skal eg halde Alexander Mokkelbost, som er brystsymjar, bak meg.

Det får eg ikkje. Altfor djupt, og det er umogleg å ta undervasstaket som eg ynskjer. Dermed er eg, for å bruke eit godt norsk uttrykk: fucked. Og eg forstår det. Eg gjev alt eg har, men eg kan rett og slett ikkje symje bryst. 31.24 på 50 bryst er ikkje særskild bra. Personleg hadde eg ein von om å sjå 30. men det lukkast ikkje denne gong.

Det går dog rykter om at eg  er påmeldt dette under symjestevnet i Danmark, neste helg. Det kan jo bli spanande.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.