|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
25.03.08 Påskeleir : Rapport
Så var dette årets treningsleir i påska. Leiren føyer seg fint inn i rekka av treningsleirar gjennomført på ein god måte, og med gode kvalitative trykk så byrjar grunnar til å symje sakte i det føreståande NM kortbane å bli forsvinnande få.
13 symjetreningar, 3 styrketreningar, og ein halvtime til tre kvarter landtrening kvar dag blei gjennomført i løpet av dei totalt 8 fulle treningsdagane eg fekk i Hjørring, heilt nord på Nordjylland.
Eit flunkande nytt 50-metersbasseng, bygd enkelt og billig, fungerte ypperleg som treningsarena. Kanskje noko å tenke på for bassengbyråkratar rundt om i Noreg. Det MÅ faktisk ikkje vere standard til EM/VM og så vidare for at ein skal bygge 50-metersbasseng som er ypperleg å trene i. Styrketreninga foregikk på eit treningssenter i sjølve sentrum av Hjørring, også det ein glimrande plass, med nye apparat og ikkje for stor trengsel.
Fire av symjetreningane var det som kan kallast anaerob trening, der eg jobbar på intensitetar som innebærer at eg produserar melkesyre utover det nivået som kroppen kan tåle. Dette er for å auke evna mi til å produsere energi og betre å tåle det trykket på muskulaturen og smerta som melkesyra gjev meg siste 15-20 meterane på ein 100 meter fri.
Fokuset på leiren var symjing i konkurransehastigheit og difor var det også sjølvsagt ein del kortare sprint-seriar i leiren med typisk 8-10 sekund arbeidslengde. Ikkje særskild utmattande, med god nok pause, og fokus på å få gjort dei riktige tinga. Gjennomsymjinga og meterantalet elles var i andre rekke, og gjekk unna som regel på dei lave intensitetane ein eller to (totalt fins det 8 intensitetar). Fokuset var der på tekniske detaljar framfor kondisjonforbetring.
Ein dag eller to med småsjukdom var det denne gongen, men ikkje noko som plaga meg nevnverdig, treningane blei gjennomført som dei skulle, og enkelte med tider som er noko av det beste eg har prestert på langbane, og kortbane på den eine økta vi hadde på det.
Det er lite å utsetje på treninga mi for tida. Så får vi sjå kva det gjev i resultat, når midten av april kjem. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|