Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

24.04.09 Test av oksygenopptak

Mellom NM og påskeleir gjennomførte eg ein test av min Vo2-max, som er oksygenopptak, delt på kroppsvekt. Det er ein indikasjon på uthaldenheiten ein har. Testresultatet var litt under det eg hadde forventa, men eg er då trass alt sprinter.

Med ein Vo2-max på 55,8 imponerar eg vel ingen. Det tilsvarar om lag det ein vanleg mannleg mosjonist ligg på. Skilnaden ligg vel i kva ein trenar på.

Eg trenar for å halde maksimal innsats i 22-50 sekund. Det er klart at dette ikkje krev den same oksygenopptaket som ein meir uthaldenheitsprega idrettsutøvar, som langrenn, langdistanseløping eller fotball for den saks skuld. Gjennomsnittet for tippeligaspelarar ligg på 65.

Vidare er det slik at den måten ein trenar maksimalt o2-opptak best på, er ved trening på og omkring melkesyreterskelen. Dette er trening som eg mest ikkje driv med lenger, nettopp fordi eg er blitt meir sprintfokusert. I tillegg er det ikkje noko fordel å vere stor og tung. Med mine 98 kilogram i målingsaugneblinken, er eg absolutt i det øvre vektklasseskiktet.

Min reelle lungekapasitet på ca 5500 milliter i minuttet er ikkje så dårlig. Hadde eg vore 20 kilo lettare, som framleis er tungt for å vere uthaldenheitsutøvar ville eg hatt vo2-max på 70,1. 30 kilo lettare: 80,4... Då hadde det byrja bli bra målingar. I tidleg 2006 vog eg rett over 80 kilo, og trente vesentleg meir terskeltreningar, antakeleg hadde eg hatt langt betre o2 då, sjølv om eg var ein dårlegare symjar.

MEN, det er jo sjølvsagt ein grunn til at ein målar det i forhald til kroppsvekt. Ein må jo drasse med seg vekta. Testen vart gjort på tredemølle, og løping driv eg jo ikkje for mykje med, noko som nok influerar resultatet. Heldigvis er vi lettare i vatnet.

Det er ikkje så viktig for meg å ha bra o2-opptak. Trur ikkje Usain Bolt bryr seg om det liksom,  det er andre faktorar som er viktigare. Det hadde likevel vore kjekt å vore litt betre. Eg likar jo å vere god i ting, ikkje middelmådig.

Her kan du lese om testlaben eg blei testa på.
Her kan du sjå video om testlaben

 

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.