Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

24.01.10 Island - ein god start på året

Førre mandag kom eg heim frå ein treningsleir på Island som inneheld det meste. Gode tilhøve, mange meter, god kvalitet og gode opplevingar også utanfor bassenget. Først 7 dagar trening, etterfulgt av deltaking på stevnet Reykjavik International Games.

For å ta det kronologisk så byrjar eg med treninga. Etter to månadar med topping i slutten av 2009, og ein månad med mangelfull trening i ettertid, var det aerobe grunnlaget særs mangelfullt i det eg kom inn i 2010. Difor definerte vi tidleg Islandsleiren og resten av januar for grunnlagstreningsperiode. Sjølv om eg er sprinter, og den anaerobe kapasiteten er viktig, ynskjer eg også å symje ein god 100-meter. Desto betre aerobt grunnlag, desto meir kan eg trykke på anaerobt seinare også.

Totalt 67850 meter blei det i løpet av dei 10 dagane vi var på Island, dette inkluderar meter symd under stevnet, kor eg symde langt lenger innsymjing og utsymjing enn vanleg, som aerobt vedlikehald. I tillegg hadde eg tre styrkeøkter, og ein del vedlikehaldande landtrening.


Utflukt til den Blå Lagune. Meg og Espen Halhjem

Ettersom grunnlaget var såpass tynt var det tungt å kome i gong. På dei første treningane var eg ikkje akkurat i fyr og flamme, men etterkvart som treningane skreid fram kom eg snart inn i det og sjølv om eg blei stadig meir sliten auka faktisk kvaliteten på beinseriar og reine aerobe seriar. At sprinthastigheta mi på den vesle sprinttreninga vi hadde ikkje var fantastisk var vel ikkje anna å vente, sjølv om det var tungt psykisk når ein dagen før stevne sym over eitt sekund saktare på 25 meter max, enn på mitt beste.

Når stevnet byrja hadde eg symd 55 kilometer sidan ankomst på sju dagar. Om eg skal preste på toppnivå sym eg kanskje ein femdel av det. Muskulaturen var sliten.

Eg tykte likevel at 26.63 på 50 fly fredag var akseptabelt, eit sekund over pers, men eg må vere i form for å symje akseptabel fly. 10 minutt etterpå var det 50 fri med 24.24, noko som eg tok til inntekt for at det var kort tid sidan førre løp, og at eg ikkje var mentalt tilstades for anna enn å gå til finalen.

Laurdag var det duka for 100 fri. 53.7 i forsøket i eit særs kontrollert løp, og eg visste at eg hadde ein del meir inne, sjølv om eg ikkje ante kor mykje. I finalen blei det 52.9, 1,7 over pers var mitt beste løp under denne helga. (Split: 25.5-27.4) Tatt i betrakting at superdraktene er forsvunne og kor mykje eg hadde trent var dette om lag som eg kunne forvente. 50 flyfinalen går vi nesten forbi i stillheit, 26.85 - svakt.

Søndag og den grufulle 200 fri. Eit forsøksløp på 2.04 - ikkje max, men fryktelig tungt (200 er alltid det, om det er submax eller max). Eg ante ikkje kva eg hadde inne til finaleøkta. Det kunne vere alt frå 1.57 til 2.03. Finalesekvensen søndag starta med 50 fri. 24.10 var IKKJE det eg hadde sett føre meg, men no var ikkje berre muskulaturen sliten, no byrja også hovudet å sei frå om at det var trøtt og lei av at eg heile tida hadde vondt og var sliten. Ikkje akkurat ein ideell inngong til ein 200 meter som eg ofte har problem å mentalt innstille meg til når eg ikkje har toppa formen. Eg enda på 2.00.6, etter ein første 100 på 57.1... Eg enda først, med eit naudskrik, etter å ha tapt nesten to sekund siste 50. Trudde eg hadde vunne, var to sekund føre, var dødssliten, og slappa av etter 150. Berre flaks gjorde meg oppmerksom på han som kom og eg heiv meg føre. Tida er så absolutt ingenting å skryte av, men glad eg klarte å ta meg såpass saman.


Utebassenget der vi trente. Her er klokka 05.40, temperaturen er 0. Dato: 12.01.10

Ofte er det vanskeleg i mengdeperiodar med mykje aerob trening å vekke dei eksplosive muskelfibrane og å symje maksimalt. Kroppen og muskulaturen er rett og slett ikkje van med det. Eg tykkjer likevel eg klarte det greit under dette stevnet, og sjølv om stevnet i seg sjølv berre får stempelet OK, så får turen som heilskap så absolutt karakteristikken bra. Tur til den blå lagune, og å få sett geysirar er absolutt opplevingar som sper på i motivasjonen i tøffe treningsperiodar.

Grunnlaget for ein god vårsesong blei lagt i Laugardalslaug i Reykjavik, no køyrer vi på vidare.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.