|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
23.10.08 Lambertseter Open: Framgong å spore
I helga som var deltok eg på Lambertseter Open, eit stevne som går av stabelen på Lambertseter Bad utanfor Oslo. Ei viss uvisse på formen, særskild etter Syd-Cup, var foranledninga til stevnet som eg i etterkant seier meg nøgd med på noverande tidspunkt.
Lambertseter Open er eit alt for stort stevne i forhold til hallen det føregår i. Det er alt for mange deltakarar noko som gjer førebuingane til eit løp vanskeleg, og ikkje optimale. Likevel er det eit stevne som samlar mykje god konkurranse og mykje flinke symjarar, noko som gjer det attraktivt også for dei som er på eit visst nivå.
Stevnet starta fredag, då det for min del stod 100 fri på programmet. Eg og trenaren min hadde på førehand bestemt oss for eit løpsopplegg som bestod av ein litt rolig utgong, for så å jobbe sterkt heim att. 25.16 første 50, litt VEL rolig, men 26.06 på veien tilbake. Eit veldisponert løp og 51.22 var fire tidelar fortare i Haderslev berre nokre veker i forkant.
Laurdagen kom og innsymjing føregjekk i trange, overfylte baner. Detaljarbeid og slikt blei vanskelig å få til når ein konstant blir tatt på beina, eller tar andre på beina, aldri får venda eller aldri får sprinta. Vatnfølelsen får ein likevel av å vere i vatnet. Første løpet laurdag var forsøket på 4x50 medley, der eg symde sisteetappa. 22.5 er ei meget god tid utoppa, og ei tid eg var særs nøgd med. Neste var 50 fly, eit uvant løp. 26.38 er to hundredelar bak personleg rekord. Klart godkjend.
Deretter kom forsøksavdelingas hovudløp for min del: 200 fri. Ei viss frykt for denne distansen etter 1.56 i Haderslev, men det skulle vise seg å vere ganske ubegrunna. 1.53.37 er også det godkjend, etter nok eit veldisponert løp. Sjølvsagt ikkje ei fantastisk tid, men etter haustens problematikk bra.
Finalesekvensen under helga bestod av 100 meter fri og 4x50 medley stafett på meg. 100-meteren skulle opnast litt hardare, men framleis med kontroll, noko eg føler eg fekk brukbart til. 50.67 etter splitting 24.49 og 26.18. Mi raskaste tid når eg ikkje har toppa formen. Til Nordsjø må det gå raskare både første og andre 50. Differansen mellom dei er ganske OK. 4x50 medleystafetten blei ein kamp om å komme først i mål. Eg var framleis utrulig sliten og stiv i beina og var i bunn og grunn ikkje klar eller restituert til den. 23.1 på sisteetappen der, 6 tidelar seinare enn om morgonen sei det meste, men uansett: eg var jo først i mål!
Søndag starta med 50 fri. Ein dårlig oppgang etter stupet og ei dårlig vending der eg sklei var det eg satt igjen med etter det løpet. 23.34 var ikkje heilt det eg håpa på. Dagen fortsatte med 100 medley. 59.93 var personlig rekord og første gong under minuttet på distansen. Ei barriere er brutt, men det blir nok aldri ein øvelse eg satsar på.
Stevnet avslutta med 4x50 fri stafett der eg hadde første etappa. Ei litt betre vending, men same stupet og 23.20 er eit faktum. Ei heilt grei tid på noverande tidspunkt.
Alt i alt eit stevne eg er fornøgd med, og det verkar som om ting er byrja kome litt meir på plass no enn tidlegare i sesongen. Gler meg til fortsetjinga! |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|