|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
23.05.08 KM
I helga arrangerast Kretsmesterskap for Hordaland i Sentralbadet. Stevnet blir heilt annleis enn Bergen Swim Festival, og det er ikkje lagt opp til noko storsymjing.
Stevnet skal brukast til trening. Trene på å symje fort, litt utover det som oppnåast på i ei vanlig trening. Trene på korleis ein skal vere i konkurransesituasjon er også viktig. Kanskje blir det også rom for litt eksperimentering. Uansett eit godt avbrot i ein treningskvardag som ikkje fungerar optimalt for tida, mykje på grunn av diverse eksamenar.
KM går over to dagar, og eg skal symje to øvelsar kvar dag. 50 og 100 fri, samt 50 butterfly og 50 rygg. Eit ledd i treninga fram mot vidare oppgåver. Ikkje meir enn det. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|