|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
23.03.09 GP Stockholm: fin form dokumentert
I helga deltok eg på svenskt Grand Prix i Stockholm, og fekk med meg to personlege rekordar på langbane. Alt i alt eit godt stemne for min del, men likevel sit eg igjen med ei kjensle av at det ikkje var full klaff.
Grand Prix-stemnene i Sverige er ein stevneserie på fire symjestemner i året, der dei aller fleste av dei beste svenske symjarane samlast for å konkurrere, i tillegg til at det som regel er ein del internasjonal deltaking på stemnene. Dette gjer at konkurransen på 50 og 100 fri er ulikt noko anna av det ein kan finne i norden, noko eg heilt klart har godt av. Langbane er også eit prioriteringsområde for meg, som gjer at eg tok til Sverige på denne konkurransen denne helga.
100 fri Eg er i god fysisk form, noko eg fekk dokumentert på 100 meter fri, allereie fredag. Eg var litt usikker på kva eg gjekk til, 100 meter langbane har vore ei vanskeleg øving for meg, og eg har prioritert 50 meter i det siste. Det skulle likevel gå veldig bra for min del, allereie i forsøket fredag kveld. Ut på 24.63 første 50 er ikkje særskild mykje fortare enn kva eg har pleidd å gå ut på, men heimgongen er vesentleg sterkare enn kva den har vore tidlegare. Ein andre 50 på 26.65, og ei sluttid på 51.28 er personleg rekord for meg med 0.85 sekund, og eit etterlengta gjennombrot på langbane.
Finalane på GP-stemna er om morgonen, noko som opprinneleg var gjort for å tilpasse seg den olympiske rytma med finalar om morgonen. Kvifor dei framleis held på dette er uvisst for meg, men det er no i alle fall slik. Det er ei utfordring å vere tilstrekkeleg våken og klar tidleg på morgonen, særskild når eins eige løp er sitt første. Det er inga unnskyldning, men kan vere noko av grunnen til at eg åpnar finaleløpet eit tidel saktare enn forsøkstida (24.73), sjølv om eg hadde fokus på å vere meir aggressiv ut. Ein smått betre tilbakegong på 26.61 og dermed finaleresultatet 51.34, seks hundredelar bak min pers frå fredagen.
Alt i alt er eg særs nøgd med 100 meterane på stevnet. Eg er stabil på eit heilt anna nivå enn eg har vore på langbane før. Sjølv om eg ikkje har noko "wow-kjensle" undervegs i løpet, ei kjensle av at dette går sinnsjukt fort, så stivnar eg lite og når eg gjer det held eg svømminga på eit anna nivå enn tidlegare, teknisk og framdriftsmessig. 100 meteren er eit teikn på at den fysisk formen er meget god, og at treningsteknikkane vi brukar for tida, fungerar for min del.
50 fri Eg har eit uttalt mål om å klare VM-kravet på langbane denne våren. I alle fall gjere eit heilhjarta forsøk. Det var jo litt av grunnen til at eg reiste på GP-stemnet rett før NM. Dette gjer at, trass i at eg sette personleg rekord på 50 meter to gongar, ikkje er overlukkeleg over resultatet.
Forsøksheatet var om kvelden, og eg gjekk all-out for å symje fortast mogleg. 23.41 er personleg rekord med 12 hundredelar, men 68 hundredelar frå VM-kravet. Det er eit godt stykke, og samanlikna med kortbanepers på 22.07 er det ikkje noko særleg bra. Normalt sett kan ein legge på 0,7 til 1 sekund per 50 på kortbane til langbane, 1,3 sekund opp er dermed ikkje særleg bra. Eg trøstar meg med at det ikkje var noko perfekt løp. Ein dårleg start har eg ikkje råd til på 50, og det hadde eg definitivt på lørdag. I tillegg var eg litt for ivrig, og symde med for høg frekvens, dermed fekk eg nok ikkje det taket på vatnet som ein treng å ha.
50 meter krev noko meir enn fysisk form. Det krev at alle detaljar sit, startstup, tak på vatnet, innslag... alt må stemme. Det gjorde det ikkje denne helga. Ein betre start i finalen var noko hovudgrunnen til at eg senka persen min med tre hundredelar på søndagen. 23.38 er mi nye bestenotering, i eit løp som hadde litt lavare frekvens, men som ikkje satt noko særleg no heller.
NM neste Så alt for misnøgd med to personlege rekordar er det heller ikkje grunn til å vere. Særskild ettersom eg følte løpa ikkje var perfekte på nokon måte. Der er nok ein del å gå på, og eg trur at eg kan vere langt nærare VM-kravet når vi kjem til neste forsøk i mai/juni. Medan min 22.0 kanskje var eit perfekt løp, var det eg gjorde i helga ikkje det.
Komande helg er det klart for NM kortbane. Ikkje noko krav som skal symjast då, det er berre å ha det morosamt og symje fortast mogleg. Eg er i alle fall i god fysisk form, så får vi sjå om eg får nokre fleire detaljar på plass til NM. Då kan det bli verkeleg gøy i Kristiansund. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|