Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

23.01.09
Reykjavik International Games: God start på det nye året

Førre helga deltok eg på Reykjavik International Games på Island, og kom frå det med æra i behald. To førsteplassar og to tider tett opp under personleg rekord på langbane er godkjend i januar månad.

Langbanesesongen for norske symjarar plar begrense seg frå April til Juli. I verden elles er det langbanesesong stort sett heile året, ettersom det er konkurransene i 50-metersbasseng som verkeleg betyr noko internasjonalt. (USA er eit unntak der konkurranse i 25 yardsbasseng har høg status.)

Eg er, som dei av dykk som kjenner meg veit, ikkje ein langbanespesialist. Tidene mine på langbane bleiknar om ein samanliknar dei med kortbane. Grunnane til dette er nok mange men kan summerast opp i to punkt: Manglande langbanetrening, og ein teknikk som står betre til kortbane. Foreløbig.

Eit langbanestevne i januar er ikkje noko eg har vore van med, men om eg ynskjer å kome til VM Langbane, så må eg få konkurransetrening på langbane og dermed var stevnet på Island eit glimrande stemne å byrje år 2009 med. Konkurransen var ikkje allverda men det gav meg desto større anleidning til å fokusere på meg sjølv.

Stevnet starta fredag med forsøk på 50 fri: 23.73 var eit tid eg sa meg nøgd med tatt i betraktning at eg hadde reist same dagen, og det berre var 0,2 sekund over personleg rekord. Finalen gjekk søndag, og sjølv om eg då hadde trua på at det skulle gå vesentleg fortare blei det berre 8 hundredel raskare. 23.65 er likevel ei god tid, særskild tatt i betraktning at eg sleit med ein vond høgre arm, som følge av at eg på eit eller anna tidspunkt i løpet av helga overbelasta rotasjonsmuskulaturen rundt skuldra.

Dette sleit eg oså med på lørdagen då forsøk og finale på 100 fri gjekk av stabelen. 52.86 (25.48-27.38) var ei grei tid, om lag på det nivået eg plar ligge på utoppa, trass i at persen min ikkje er betre enn 52.13. I finalen gjekk det litt betre og 52.54 (25.26-27.28) er ei god tid for meg på langbane, særskild tatt i betraktning problema eg hadde med armen.

Om eg kan omforme dette inn til betre resultat når stemna verkeleg byrjar å bli viktige på våren, så ser det lovande ut. Eg har det i meg, no gjeld det berre å gjere dei riktige valga og trene godt så skal nok det bli ein bra vårsesong.

Tre dagar trening
Etter stemnet låg eg og 5 andre landslagssymjarar att i Reykjavik og trente utandørs i det naturleg oppvarma bassenget. Utruleg herleg med god luft og å få trent litt skikkeleg langbane.

Ein liten utflukt blei det også tid til og eit besøk i den blå lagune har nok vore bra for huda mi, skal du sjå. Ein fin tur til Island og ein fin start på 2009. Neste er Skagerak Swim i Kristiansand om ei veke.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.