Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

22.06.08
Hungry for Hungary

Då tar eg avstad saman med Bergensvømmerne, nm-kvalifiserte frå moderklubbar samt somme gjesteopptredande symjarar, av stad på NM-leir. I år går leiren til eit land eg ikkje har vore i før, Ungarn, og ein stad ved Balaton-sjøen.

Balatonfuszö er staden som skal huse våre symjarar i år, og det skal bli spanande med ein ny stad. Nørresundby er vel og bra det, men det er greit å ha sommarleirar andre plassar enn i Norden også.

Ein leir innan NM-langbane er tradisjon for dei fleste klubbar i Noreg. Dette kan i hovudsak tilskrivast to hovudårsakar:

  • Å trene på langbane i forkant av eit langbanestevne kan vere lurt, og det har dei færraste moglegheit til
  • Dei fleste skular har byrja sommarferie, og då passar det for dei fleste å reise vekk på treningsleir.

For min del ser eg fram til å kome vekk frå kvardagens mas og kjas og inn i treningsleirrytme. Stort fokus fram mot NM skal frambringe eit bra meisterskap for meg. Forhåpentleg kan langbanenivået mitt nærme seg kortbanenivået mitt.

Det blir spanande på NM, kanskje får fleire ei overrasking under NM, men først blir det treningsleir i luksuriøse Ungarn.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.