|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
23.04.09 Middelmådig trening ved middelhavet
Som regel plar eg alltid ha gode treningsleirar. Kome seg vekk heimafrå til langbanebasseng og kun fokusere på trening er vanlegvis ein suksessformel. Årets påskeleir på Syros/Kypros får karakteren bestått, redda av ei god andreveke.
Treningsleiren i påska er ein årleg foreteelse som dannar grunnlag inn mot langbanesesongen. Normalt sett er dette ein treningsleir som klubbane har, men på grunn av kollisjon med landslagsleir blei årets leir ei lett blanding. Ei veke med Bergensvømmerne og ei veke med landslaget.
Bergensvømmerne tok turen til Syros, ei lita øy fire timar med båt frå Athen. Eg har vore der før, påskeleir i 2006, og eg gleidde meg til å kome ned etter mange fine opplevingar der sist. Vi budde på ein annan stad enn sist, men buforholda og maten var det ikkje noko å sei på, denne gongen heller.
Utandørsbassenget var blitt innandørs sidan sist. Skjønt det er berre midlertidig innandørs, med eit telt over bassenget. Det var ei stor overrasking når vi kom ned, vi hadde ikkje fått noko indikasjonar på dette på førehand. Etter tidlege bekymringar får både luftkvalitet og den litt lemplege haldninga grekarar har til reinslegheit,(bassengkanten var neppe blitt vaska etter at teltet kom opp,) gjekk treningane greit og til slutt bra for dei fleste.
For min eigen del var det lite som fungerte. Vatnet var kaldt, lufta var kald og eg gjekk rundt og kaldsvetta også på land stort sett heile den veka eg var på Syros. Etter ein sjukedag torsdag, hadde eg mi andre akseptable trening fredag føremiddag, då det var på tide å ta avgårde til landslagsleiren. Ikkje ideelt med andre ord, men no var eg i alle fall frisk. Totalt blei det ikkje meir enn drygt 30 kilometer symd denne veka, ikkje krise - men heller ikkje den bosten ein ynskjar å få ved å dra på leir.
 Biletet er frå ein fjelltur på Syros
Etter ei overraskande lang reise til Kypros, var det godt å kome fram til det fem-stjernershotellet på Coral Beach i Paphos. Maten på Syros var bra - her var den fantastisk, og i tillegg i overflod. Eit anna pluss er at alt er samla på ein stad, hotell, svømmebasseng, landtreningsareal og eit akseptabelt styrkerom, medan ein på Syros må ta buss i 10-15 minutt for å kome til anlegget.
Vatnet var heldigvis varmare, og eg kjende meg i betre form. Treningane dei første dagane gjekk eigentleg fantastisk bra, og laktatmålingane indikerte at eg var i betre form uthaldenheitsmessig enn i Thailand i februar, og at eg tålte treninga bra. Litt tyngre blei det mot slutten av leiren då kombinasjonen av auka mengde i vatnet, tung styrketrening og hard basistrening byrja gjere seg gjeldande på muskulaturen.
Eg kom meg gjennom på ein tilfredstillande måte, og denne veka blei ei bra grunnlagsveke for meg, som eg framleis, fire dagar etter heimkomst, kjenner godt i kroppen. 57 kilometer er ikkje kvardagskost for meg på ei veke, og må seiast å vere bra. Eg teller ikkje meter i den grad eg gjorde før lenger, men det er i alle fall eit teikn på at det er gjort mykje kondisjonsarbeid, og mykje av det var med høg kvalitet.
Ei dårleg veke, og ei god veke - totalt sett middels. No blir det spanande å sjå kva framdrift eg har i bassenget i dei komande konkurransane, men det er framleis grunnlagstreningsperiode for tida. Det er først i mai/juni ting verkeleg skal byrje å skje. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|