Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

22.04.08
NM Kortbane 2008: Dårlig betalt

Eg har vore i fyr og flamme på trening. Ting har sitte som eit skot, og alt har sett rosenraudt ut i forkant av dette noregsmeisterskapet. Resultata på NM står likevel ikkje i stil med forventingane.

3 lag-gull, 2 lag-sølv, 1 individuell sølv og 1 individuell bronse. Det er fasiten alle forstår. Den fasiten eg, og dei næraste rundt meg forstår er eit resultatmessig skuffande NM. Tidene eg oppnådde var ikkje gode nok. Medaljane betyr særs lite for meg, med unntakk av stafettmedaljane. I stafett er det medaljen som betyr noko, individuelt er det tidene eg oppnår. Då er 0 personlege rekordar rett og slett ikkje godkjend.

50 fri
Eg var nære personleg rekord. Kanskje spesielt på 50 meter fri. Fire gongar symde eg 50 fri i løpet av helga, to gongar på 4x50 laget som tok gull (forsøk/finale) og to gongar individuelt. Dette var tidene: 22.80, 22.77, 22.77 og 22.92. Personleg rekord er 22.75, og dermed var eg på det nivået. Fire tider under 23 på 50 fri har eg aldri gjort på eit stevne før og den stabiliteten viser at toppnivået er mykje raskare enn det eg oppnådde i helga. Eg fekk rett og slett ikkje løpa til å sitte som dei skulle.

Ikkje det at det er noko unnskyldning. 50 meter er slik. Alt må klaffe. Det gjorde det ikkje denne gongen. Enno meir skuffande er det at finalen individuelt er det dårligaste løpet i helgas gong. Ein amatørmessig feil som å skli på pallen er rett og slett utilgjeveleg. Starten er katastrofal og løpet er øydelagt, ikkje minst mentalt. Eg veit det ikkje blir den tida eg hadde håpa på uansett. At det berre er ein svenske foran meg på resultatlista, er inga trøst for meg.

100 fri
100 fri blir symd tre gongar i løpet av helga, med ei stigande kurve. Frå katastrofale 50.40 på 4x100 fri-laget første dagen, via 50.30 (i eit mykje meir kontrollert løp) i forsøket individuelt, til mitt nest beste løp nokosinne i finalen med 49.86. Det er likevel 6 tidelar over personleg rekord, for mykje. Bronse, bak svenske Wikstrøm og Gard Kvale.

200 fri
At vi skulle vinne 4x200 fri var ei overrasking for meg. Eg gjorde ei heilt grei førsteetappe på 200 meter med 1.50.66, drøye 7 tidela over pers. Var eit greit løp med ei god kjensle. Vi har ikkje prioritert 200 dei siste månadane, og difor var det akseptabelt.

200 individuelt blei symd i forsøket der det etter mi meining var alt for hardt å symje på 1.53.90. Det var ikkje max, men det var ikkje langt unna. 200 blei ofra i finalen, for at eg skulle prestere på 50. 200 finalen går, idiotisk nok, berre 20 minutt før 50-finalen. Når ein ser i bakspeilet kan eg konkludere med at dette var feil valg, ettersom eg mislykkast på 50-meteren, men det kunne eg ikkje vite. Kanskje kunne eg raska med meg ei bronse på 200 og, tida på stafetten hadde holdt til det.

Stafettar
Gull på alle tre fristafettane var gledeleg. Torsdag med gull på 4x100 fri, fredag 4x200 fri og laurdag 4x50 fri. 4x100 var det nærast forventa at vi vann. Tida vi oppnådde var også over eit sekund under den norske rekorden, men på grunn av vår symjande BSLK-trenar frå Sverige, er den ikkje godkjend - uansett artig med eit så godt lag.

At 4x200 laget vann skuldast kanonetapper av dei andre på laget som er mykje betre enn det dei kunne forventast å prestere. Litt over eit sekund bak den norske rekorden, rett nok med ein ung islending på laget, var uventa og gledeleg.

4x50 var vel også ein stafett vi visste vi hadde gode moglegheiter på. Her var vi 7 hundredelar over Bergensvømmerne sin eigen norske rekord, men uansett også her med ein svenske på laget.

På medleystafettane (4x50 og 4x100) svømte eg sisteetappen med flying start, ettersom rekkefølga er rygg, bryst, butterfly, crawl. 22.00 er mi nest beste tid nokosinne på ein femtimeter-stafett og ei tid eg er godt nøgd med. 49.26 på 4x100medley er den beste stafettetappa eg har hatt på ein 100 meter, men er også identisk med min personlege rekord med fast start. Flying start gjev vanlegvis mellom 0,6 og 0,8 sekund fordel... At det var siste dagen og siste løpet, og at eg uansett ikkje kunne svømt oss lenger opp en sølv kan ha hatt ei lita innverknad, men ikkje nok til at løpet var fantastisk bra.

Oppsummering
Eit NM som mangla det vesle ekstra, men der eg fekk bevist at gjennomsnittsnivået mitt er høgare enn før. Eg har havna på eit nytt platå, høgare enn der eg var før NM i fjor, men det har i staden for å fortsatt framover, har det stoppa litt opp, i påvente av at eg skal klare det neste trappetrinnet.

Tålamod er ei dyd heiter det. Imens må det trenast for å nå det neste spranget. Eg er stabil på eit relativt høgt nivå, men ikkje stabilt stigande, som eg gjerne vil vere. Neste: Bergen Swim Festival. Eg vil symje fort der.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.