|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
22.02.09 Back in Rainy City
Etter to veker med utelukkande sol og temperaturar på 30+ i Thailand, var det eit klimatisk sjokk å kome heime til Bergen med regn og rundt 5 grader, men det var likevel ei god kjensle. Ei god kjensle, fordi eg har gjennomført ein av mine beste treningsleirar nokonsinne.
Eg sei ofte at eg har gjennomført gode leirar og det er stort sett alltid noko positivt med leirane eg har delteke på. Med unntak av påskeleiren i Polen 2007 er det veldig sjeldan at eg har følt at eg har trent dårleg på treningsleir. Som oftast er treningsleirar, med faste rutinar, alt tilrettelagt og maten tilberedd borte frå kvardagens mas og kjas eit kjærkome innslag der føresetnadane for å trene er betre enn vanleg.
Å ha ein treningsleir ved British International School i Phuket, Thailand, er ein tilnærma optimal oppleving. Stabilt vær, alle fasilitetar (sovestad, etestad, symjebasseng, springebaner, innandørs treningshall og styrkerom) innafor 2 minutts gangavstand. Faste treningstider, gode rutiner og meget god tilgong på mat og drikke gjer føresetnadane for å prestere på trening optimale. Det einaste som kanske manglar litt på toppstandard er styrkerommet, der det held til å gjere det mest basic, men ikkje stort meir enn det.
Fokuset på denne leiren var uansett ikkje styrkeutviding, men heller kapasitetsutviding i vatnet aerobt, samtidig som eg beheldt hastigheten og har eit grunnlag for å køyre enno hardare på her heime fram mot Grand Prix og NM i slutten av mars. Styrke har eg "nok" av, og no er det vedlikehald og eksplosivitet som gjeld i styrkelokalet.
Eg symde vesentleg lengre enn eg plar under leiren, frå 30-35 000 meter på ei vanleg veke her heime, til 55 000 meter på langbane første veka i Thailand. Ei vesentleg belastningsauking. Best av alt var at det meste av meterane kjendest meiningsfulle og at det ikkje var så mykje "meterfyll". Eg klarte å vere tilstades på fleire av meterane enn kva eg har vore heime når det har blitt myke meter.
I tillegg behaldt eg overskotet, og på dei treningane der vi skulle ha kvalitet var eg raskare enn nokon gong på langbane. Det tyder bra, og eg er på eit heilt anna nivå jamnt over enn om vi samanliknar med Florida-leiren med landslaget i januar i fjor. Det hjelper også på at eg tykkjer treningane passa meg langt betre enn kva tilfellet har vore tidlegare, både i forhald til draglengder, og at sjølv om målet var kapasitetsauke så var det ikkje berre antal meter som var parameteret.
Alt i alt veldig nøgd, og skulle gerne vore lengre på ein fantastisk plass å vere på treningsleir. Også utfluktene og opplevingane utanom var særs gode, og er ei ekstra gulerot og ein motivasjonsboost. Å få oppleve å sjå klovnefisk, og være på stranda der filmen "the Beach" blei spelt inn i tillegg til å sjå mange andre fantastiske strender, laguner og fisker, i tillegg til å få sett det Thailandske livet og den hasardiøse trafikkrøynda på nært syn, er ting som gjev det heile ein liten ekstra spiss.
Det skal likevel bli godt å finne den gode rytma heime igjen. Den gode rytma som gav meg så gode resultat i haust. Den gode rytma som forplantar seg i symjinga. Den gode rytma som overskyggar veret. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|