22.02.08 Rapport ekstremtrening
No er vinterferien over, og alle uvanlege aktivitetar er vel overstått. Ei veke som har vore gjevande, sjølv om bassengaktiviteten har blitt litt lidande for at kroppen min har gjort ting som den rett og slett ikkje er van med.
Veka fram til onsdag gjekk som vanleg, med basistrening og landtrening+symjetrening mandag og to symjetreningar tysdag. Onsdag var det duka for aktivitet på sjøkrigsskulen.
Onsdag 3000-meteren eg hadde annonsert var ikkje ein test, men derimot oppvarming til det som skulle kome etterpå. Det var tre kilometer frå sjøkrigsskulen til Kvarven. Kvarven er ein bakke/eit fjell som har rimelig bratt stigning. For meg var bakken kjend frå før. Dreiv å sprang der for ei stund tilbake, men det var lenge sida sist.
Bakkeløp er ikkje noko for ein 95 kilo tung sprintar - i utgongspunktet. 5 gongar opp til eit punkt der eine trenaren står. Det byrja dog bra. 1.13 på første oppturen, oppfølgd av dagens beste tid av samtlege 1.12. På den tredje skulle eg kome meg under 1.10 og la ut i hardt tempo. Det fekk eg betale for. Eg låg nok an til å kome under 1.10, men melkesyra omtrent pipla ut gjennom huda siste 25-30 meterane, og eg enda på 1.15. Det var likevel berre byrjinga på problema. Eg var no pinne stiv, og gåturen ned igjen klarte ikkje løyse meg opp denne gongen. 1.45 og 1.38 var dei to siste tidene mine. Fullstendig smell. Berre eit bilete av kor hardt dette var
Deretter fulgde vi opp med 5 sprintar, opp samme bakken, men ikkje på langt nær like langt. 17.6 - 32.2 - 17.6 - 17.6 - 17.8. Kva skjedde på andre sprinten tenkjer du kanskje? Då tok eg ein av dei unge symjarane i klubben, Eirik Runningen, på ryggen og la i veg. Ikkje like lett å kome seg opp på tå då, men heftig belastning på beina blei det i alle fall. 17.6 var for øvrig beste tid opp denne distansen.
Dagen var ikkje ferdig, men kroppen min var ganske ferdig. Det fekk eg merke når vi skulle ha fem gjennomkøyringar av hinderløypa. Det skulle ikkje vere max, men vere eit visst tempo. Dei første rundande var eg rett og slett for stiv og klarte mest ingenting, i alle fall ikkje fort. Det løsna litt etterkvart, men eg hadde nok ikkje imponert nokon med mine prestasjonar i den hinderløypa. Eg skuldar på bakkeløpa i forvegen.
Torsdag Torsdagen byrja med ei symjeøkt i sentralbadet, før vi utpå ettermiddagen la kursen mot Håkonsvern. Denne gongen skulle vi bade litt, men i staden for å symje horisontalt som vi vanlegvis gjer skulle vi denne gongen symje vertikalt. Vi skulle nemlig ned på 18,5 meters djup, utan noko som helst slags hjelpemiddel.
For dei som har dykka litt, også i vanlege basseng, veit at trykket på øyrene kan bli ganske så kraftig om du går ned berre på ein 3-4-5 meter, alt etter kor ømfinteleg ein her. Det sei seg sjølv at om ein skal ned på nesten 20 meters djup, så blir det trykk på øyrene.
Etter eit par gongar med prøving og feiling kom ein seg lenger og lenger nedover og lærte seg å utlikne trykket i riktig augneblink slik at øyrene ikkje sprakk (som det kunne kjennest ut som dei var på veg til å gjere). Til slutt blei ein del av oss så komfortable på botn at vi tok til med forskjellige aktivitetar der nede på djupet. Stikkord: Tommel-opp, Peace, Flexing, Mokkel-Mooning og klemming. Ikkje fysisk hard trening, men mentalt utfordrande og fint å symje i litt andre retningar enn vanleg.
Dagen blei avslutta med styrketrening i idrettsavdelinga på Håkonsvern sine lokaler inne på sjølve området, for forandringa si skuld.
Fredag Ny symjeøkt i sentralbadet tidleg på morgonene med beinserie, den eg sette ny personleg rekord på førre veka. Denne gongen bar beina sterkt, sterkt preg av springinga to dagar i forvegen og eg var ikkje i nærleiken av førre vekas kvalitet (les om den her) eller den standarden eg vanlegvis ligg på. Beina ville rett og slett ikkje gå. Slik er det. Gjer ein noko vil andre ting lide for det.
Deretter tok vi turen til Håkonsvern igjen. Denne gongen for å vere med på noko som går under tittelen Krigens Krav. Det er ikkje like alvorleg som det høyrtes ut som, og det var rett og slett utrulig artig, og utrulig slitsamt.
Vi blei delt inn i to lag. Deretter gjennomførte vi oppvarming i diverse parøvelsa som bar preg av konkurranse. Bryting/"slåing"/pirking, alt blei gjennomført med iver, og vi blei varme og.
Så byrja Krigens Krav, ballspel. Vi byrja med fotball, og det var sjølvsagt om å gjere å score. Etter ei stund blei ein og ein plukka ut til å gjennomføre diverse oppgåver. Det første eg skulle på var at medan eg stod å boksa på ein boksesekk skulle eg svare på diverse kunnskapsspørsmål. Deretter var det rett tilbake i ballspelet, som blei variert med fleire ballar, forskjellige idrettar (innebandy og basketball), forskjellige idrettar samtidig, og at det til tider var 2 mot 4 ettersom ein også blei tatt ut to og to for å gjere samarbeidsoppgåver.
Oppgåve nummer to for min del var hukommelseoppgåve. Eg skulle sjå på 9 figurar og memorere dei for så å springe over til andre enden av lokalet for å sette dei same 9 figurane på rett plass. Oppgåve nummer tre var ein duell med ein annan på laget i roing. Deretter var det Casinospeling der eg måtte velge om eg skulle gå opp eller ned når eg fekk sjå eit kort. For kvar gong eg traff blei det fem armhevingar mindre frå ein startsum på 30. Eg enda på 15 for øvrig.
Dei to siste oppgåvene var parøvelsar. Den første var med bind for augene, der eg skulle leite etter ein ball i eit rom kor eg ikkje såg noko, guida av ein lagkamerat. Den andre skulle eg forklare ein figur av videokassettar og bøker til ein annan lagkamerat, så han kunne bygge ein nøyaktig kopi bak veggen, noko eg nok var fryktelig dårlig på. Kanskje på grunn av at eg var døddsliten etter ein og ein halv time kontinuerlig, knallhard, aktivitet.
Alt i alt ei utruleg artig oppleving, og artige uvanlege aktivitetar. Så absolutt noko vi kan ta med oss vidare. Kanskje særskild lagarbeid og kommunikasjon kan jobbast med. Særskild om ein ser på siste oppgåva, prega av trøttleik, frustrasjon og problemer. God alternativ trening, og enno meir i banken til april.... |