Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

22.02.08
Klart for ny treningsleir

Då er det straks klart for min tredje treningsleir på langbane i 2008. Eg har aldri vore så mykje på treningsleir som denne sesongen, og aldri fått trent så mykje langbane. Forhåpentleg kan den positive trenden frå dei førre treningsleirane førast vidare når eg no reiser til Malaga og Torremolinos.

Flagstaff - Florida - Hamar - Malaga. Dette er rekka av langbaneleirar i 2007/2008. Eit vidt spekter av plassar og opplevingar. Den nyaste blir altså spanias solkyst, sjølv om været ikkje har vore særskild solfyld der nede i det siste er meldingane gode for vår veke der nede.

Laurdag til laurdag blir opphaldet mitt i Spania denne gongen. Treningsleiren er i regi av Tertnes Vidaregåande si toppidrettslinje som er i regi av Olympiatoppen. Eg er med på grunn av at min trenar, Finn Zachariassen, også er trenar for symjarane på toppidrettslinja. Ei vekes treningsleir med i alle fall 12 symjeøkter og ein del trening på land i tillegg. Meir informasjon om dette kjem i rapporten frå treningsleiren som kjem etter overstått leir. Ein utflukt blir det også, til Gibraltar, tuppen av den iberiske halvøya som England og Spania framleis kranglar om.

Forhåpentleg kan dette gje meg nok eit boost inn mot Grand Prix i Uppsala, Sverige, i mars og lenger fram mot NM kortbane i Stavanger i April. I tillegg vil det fungere som enno meir trening av korleis eg sym fort på langbane, noko eg ikkje har vore like flink til som kortbane. Forhalda skal ligge til rette for ein bra treningsleir.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.