Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

20.08.09 Trenar på oppstartsleir for S&Fj.

Eg var trenar for Sogn og Fjordane Symjekrins sin oppstartsleir i 2007 og i år blei eg førespurt om å vere det atter ein gong, noko eg ikkje var sein om å sei ja til etter dei gode opplevingane sist. Dei gode opplevingane blei plussa på i år av ein flott og treningsviljug gjeng.

Sogn og Fjordane Symjekrins gjev kvart år medlemsklubbane sine moglegheiten til å sende dei beste utøvarane på ein felles oppstartsleir. Eit godt og naudsynt tilbod i eit fylke der dei ulike symjemiljøa ikkje er særskild store kvar for seg. I år gjekk denne leiren av stabelen i det snart eit år gamle Drammensbadet, i, akkurat ja, Drammen.

Ikkje alle valde å nytte seg av tilbodet, men symjarar totalt 19 symjarar frå Eid, Svelgen og Førde var med på leiren som inneheldt totalt 14 symjetreningar + 6 landtreningar (ein kvar dag).

For min del var leiren ein grei måte å starte opp att sesongen på, med moglegheit for eigen trening utanom dei unge symjarane sine treningar. Ein soft start med ein gong symjing per dag + ei anna treningsøkt kvar dag var akkurat det eg trengde. Samstundes er det kjekt å kunne gje noko tilbake til krinsen der eg vaks opp og der eg symde mine første tak. I tillegg er det jo greit å ha ei vekes sommarjobb også!

Etter det eg såg på leiren veit eg at det er fleire av desse symjarane ein kjem til å høyre mykje frå i tida framover - også på nasjonalt nivå. Føresett at dei trenar i nærleiken like bra heime, som det dei gjorde på leir sjølvsagt.

Eg hadde det i alle fall artig, og ein god start på sesongen. Både for meg, og for dei unge lovande. Ei oppdatering med mine planar for sesongen kjem snart...

PS: Drammensbadet er eit fantastisk fint anlegg med to 50-metersbasseng. Det kosta 326 millionar å ferdigstille det i september 2008, men dei klarte ikkje investere i nye baneskiljarar til utandørsbassenget, 50-60 000 til, så hadde det vore heilt optimalt. Merkeleg.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.