|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
20.06.11 Betring å spore
Laurdag deltok eg i eit lite lokalt stemne som er del av Divisjon 1-systemet for South Australia, altså eit såkalla A-Grade. Tre veker etter at eg ikkje var heilt nøgd med South Australian Championsips, har eg tatt eit langt steg i riktig retning.
Sjølv om små lokale stemner, her som heime, kan vere vanskelig å motivere seg for var eg denne gongen meget godt innstilt på å gjere ein god jobb. Treninga har heldt fram på same gode måte som før førre stemnet og eg var oppsett på vise for meg sjølv at eg er blitt betre og at eg kan symje fort på den sørlege halvkula. Eg hadde to løp på agendaen.

50 fri For første gong sym eg under 23 sekund på 50 fri, innafor gjeldande reglar, utan at det er eit toppingsstevne. Rett nok symde eg på 22.8 på Bergen Swim Festival ein gong, men det var med ei no ulovleg såkalle superdrakt. Med 22.95 sym eg over 0,5 sekund raskare enn for tre veker sidan og mesteparten av det henta eg første 25.
Første 25 gjekk unna på 10.92 og andre på 12.03. No er forhaldet mellom dei meir normalt slik det brukar å vere enn kva tilfelle var på førre stemne, men no var kanskje andre halvdel av distansen den svakaste. Begge deler må gå fortare om eg skal kome meg ned på målet om 22.lav, men eit langt steg i riktig retning. Enno meir gledelig er frekvensane; 59-58. Under 60 i frekvens, og under 23 sekund - joda, noko har skjedd med effektiviteten i taka mine. Perfekt? Nei. Betre? Ja.
100 fri Etter ei pause var det klart for 100 fri. Forventingane var skrudd litt opp denne gongen, men eg hadde klare instruksjonar på korleis eg skulle svømme dette løpet frå trenar. Beina skulle sparast så mykje som mulig første 75 ("Soft legs") og deretter kome på. Frekvensen skulle vere jamn heile vegen, og eg skulle aldri eksplodere på noko tidspunkt, slik eg ofte gjer når eg skal trykke til. Eg skulle prøve å gjere eit lett progressivt løp, med fokus på bakenden, og særskild siste 25.
Det gjekk til ei viss grad. Med 24.76 første 50 var det i alle fall rolig nok ut. (11.70-13.06) Samanliknar ein med 22.95 på 50, så er det sjølvsagt alt for sakte, men det er ei anna historie. Fokuset var på bakenden av distansen og med 13.25 - 13.14 på dei to siste 25-meterane klarte eg kunststykket at siste 25 IKKJE blei den dårligaste slik den vanligvis blir for meg. 26.37 siste, og ein differanse på 1.61 sekund er OK - men begge delar må bli raskare til om to veker.
Frekvensane då, spør du kanskje, om du er svømmeinteressert nok og har fulgt med på denne sida over tid. Joda, dei er også her lave, men det blir litt for voldsamt på slutten, etter trenarens smak: 50-50-51-53.
11 dagar att I skrivande stund er det 11 dagar til Australsk kortbanemeisterskap startar og toppinga er for alvor i gong.. Det skal bli spanande å sjå kva eg får ut av det, før turen går heimover til NM Langbane som startar helga etterpå. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida. |