Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

19.10.10 Labertseter Open

Overskrifta er stelt frå ei Facebook-kontakt som følgde stevnet via livetiming. Ikkje veit eg om han sikta til meg, men det kunne det godt ha vore. Resultata på stevnet stod ikkje i stil med treningsformen eg har hatt, og eg må innrømme at eg trudde eg skulle symje fortare.

Særleg 100-meterane i helga var under pari, syns eg. Å symje to 100-meterar på 51.7, når eg for tre veker sidan symde 51.6 på Sunnfjord Open, held ikkje mål, særskild ikkje ettersom eg sym fortare på trening no enn eg gjorde på dåverande tidspunkt. Eg har også fått gjort meir mjølkesyretoleransetrening på noverande tidspunkt enn kva eg hadde gjort då.

Det skulle ein ikkje trudd under forsøksløpet på 100 fri. Ei hardare opning enn tidlegare i sesongen, 24.3, javel, men burde likevel ha holdt betre tilbake. Beina var fullstendig stive ved 75 meter, og siste 25 mistar eg heilt linja. Så får det vere ei mager trøst at siste 50 var betre i finalen, i alle fall teknisk, men ei nær identisk tid etter 0.3 sekund saktare ut var ikkje som eg hadde sett føre meg.

Det kan sjølvsagt vere fleire grunnar til dette. Eg var ikkje kvilt til dette stevnet i det heile, og før forsøksløpet fredag var det reise til Oslo. Før finaleløpet laurdag kveld hadde eg 50 butterfly (26.19-sesongbeste), og 200 fri(!) på 1.55.1. Syns 200 var akseptabel eigentleg, har ikkje prioritert distansen i det heile. Ut på 55.2, tilbake på 59.9. Plar bli ganske sliten av ein 200-meter, og søvn på ei dårleg skumgummimadrass på eit hardt gymsalgolv er ikkje ideelt for topp-prestasjonar. Likevel skuffa over 100-meteren, men forhåpentleg ordnar mykje seg med topping fram mot Svenska Simspelen. Var ganske køyrd i beina heile helga.


Innsymjing på Lambertseter Open er ofte ei intim affære.
(
© Lambertseter Svømmeklubb)

At beina var køyrd fekk eg også merke på 50-meteren søndag. Eit forsøksløp på 23.32 var greit, ettersom frekvensen var på lave 58. (For dei som kjenner til frekvensmålingar i symjing, så kan eg sei at eg ofte har vore oppe i 68 under liknande løp, då blir det mykje spinning!) Har jobba bevisst med taklengde men må ha meir kraft frå beina enn det eg hadde på dette løpet.

Dette blei litt bedre til litt ut på ettermiddagen når eg symde førsteetappen på 4x50 fri, eit løp som var langt betre til 35 meter, men der eg deretter datt litt saman og enda på 23.19. Vendingane satt ikkje på noko løp under Lambertseter Open, som regel venda eg for langt i frå og sklei i veggen, denne gongen kom eg for tett på. Dette løpet kunne fort enda på 22-talet, og då hadde det vore det beste utoppa løpet eg har gjort. No blei det berre eit av dei beste, men det lovar likevel betre enn for 100-meteren.

(Så får eg nemne at eg laurdag, rett etter 100-finalen og ingen gli i mellom hadde sisteetappa på 4x50 medley. Den gjekk på 23.10, med flying start..... Sliten og skuffa - men vi vann det er då det viktigaste?)

Ei lita trøyst er sjølvsagt å vinne både 50, 100 og 200 fri på stemnet, samt at Bergensvømmerne tok begge gutestafettane, men det skulle gjerne kome etter betre prestasjonar. Eg tek det til inntekt for at eg hadde trent hardt i forkant og at min 0,1 tonn tunge kropp treng kvile og restitusjon for å vere klar til innsats. Det er planen no!

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.