|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
19.10.09 Stemne utan gnist
I helga var det Sparebank1 SR-bank Cup i Sentralbadet. Stemnet vart ein nedtur for min del. Det er særs lenge sidan eg har symd så sakte. Utoppa eller ei!
Det som vart prestert i helga er slikt som lett kan få meg ut av fatning, og få ei bekymra mine i andletet. Det hadde eg nok også søndag, men etter 24 timar omtenkingstid har eg bestemd meg for å ta det som det det var: ein middels dag på jobben, og ein elendig dag på jobben. Det skjer vel dei fleste?
For å ta det kronologisk: Laurdag var det Butterfly-dag. Etter fin symjing i Strandebarm førre helg var forhåpningane store før 100 butterfly. 58.89 (27.2-31.6) var ikkje det eg hadde drøymd om, men var i det minste offisiell personleg rekord med eit sekund. Ikkje dårleg det. På 50 butterfly hadde eg mål om å gå under 26 sekund. 26.31 enda klokka på, etter eit løp kor det kjennest som om eg gravde meg ned.
Søndag var det Fri-dag, i den forstand at eg skulle symje 50 og 100 fri. 100 fri på 51.54 etter eit løp som var mediokert frå første tak var eit løp eg ikkje var fornøgd med. Ut på 25.2 og tilbake på 26.2 er i det minste eit godt disponert løp, det er berre alt for sakte, i alle fall første 50. Lite var eg likevel førebudd på den katastrofa som skulle vise seg å vere 50 fri. 23.71. Veit ikkje kva meir eg kan sei. Ikkje optimal start, og litt spinning første 25, men så dårleg trudde eg ikkje det var. Det er VELDIG lenge sidan eg har svømt så sakte på 50 fri, i konkurransesituasjon. Tilsynelatande utan forklaring.
Måten eg trenar på no skulle tilsei at eg jamnt over sym raskare sjølv om eg ikkje har toppa formen, det var dette som var den største endringa i treningsmetodikk frå førre året. No var eg tilbake på det nivået eg symde på då.
Så kva hende? Det er sjølvsagt fleire faktorar. Eg er tungt trent, sjølv om den siste veka har vore relativt roleg i form av intensitet, så har meterantalet per økt vore ganske høgt. Eg har også hatt ein stressande periode med mykje skule og trening, og ikkje hatt noko særleg overskot. Dette drar eg med meg vidare ein periode.
Førre helg var også knalltøff, og det er mogleg at kroppen ikkje heilt har kome seg på topp etter det igjen. Då symde eg betre enn denne veka, utvilsomt. Vidare har eg lada kreatinlagra denne veka, i form av kreatintilskot. Dette gjer meg meir eksplosiv på sikt, men første veka tar ein ekstra store dosar, og ein kan bli litt tung av det.
Til sist må også tidtakaranlegget i Sentralbadet takast med i betraktninga. Dette er eit anlegg dei fleste stillar seg tvilande til. Erfaringsmessig treff erfarne trenarar med klokkene sine relativt godt i forhald til reell tid, med dette anlegget bommar ein alltid med 2-5 tidelar av eit sekund. Det er ein grunn til at dette anlegget ikkje blir nytta i Sentralbadet når det arrangerast større stemner der. Med andre ord kan ein rimeleg trygt kutte 2-3 tidelar av tidene mine, utan at det gjer tidene mine særskild imponerande eller gode. Eg er framleis misnøgd.
Forhåpentleg kan eg riste av meg dette, tre veker att til World Cup i Berlin. Lat sprintheita kome. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|