|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
16.12.08 EM Kortbane: Personleg og Norsk rekord
Under det nyleg avheldne Europameiserskapet på kortbane i Rijeka, sette eg personlege rekordar på begge øvingane eg deltok på. 22.07 på 50 fri var sågar Norsk rekord. Eg er noregs raskaste mann i kortbanebasseng nokonsinne, og er sjølvsagt nøgd med resultata i mitt første større internasjonale meisterskap.
EM kortbane blei nok eit eksempel på kvantespranget symjesporten har tatt denne sesongen. Anten det skuldast draktene, betra treningsmetoder, meir fokus på undervannsarbeidet, eller ein kombinasjone av alt så er det ikkje til å stikke under ein stol at nivået er skyhøgt og at ein no må henge i, om ein vil henge med og kome nokon veg. For min del så har eg aldri vore nærare noko stort internasjonalt enn det eg gjorde i helga.
 Valko. Meisterskapens maskot.
Nerver... ... prega mitt første løp under EM Kortbane. Det var torsdag, første dagen under EM. Det var 50 fri, første øvinga under EM. Eg var bemerkelsesverdig lite nervøs i dagane i forkant av meisterskapen, og stussa litt over dette. Heller ikkje på konkurransedagen kjende eg dei sedvanlege sumarfuglane i magen. Ikkje før eg gjekk inn i call room, som er der vi blir oppropt og får klarsignalet til å gå inn i startområdet.
I Noreg opererar vi ikkje med call room, verken på vanlege stevner eller ved norske meisterskap. Det var i denne uvante situasjonen at nervene kom. Det var ikkje mogleg å følge med på kor langt ein var kome, og eg stod der ved sidan av verdsrekordhaldarar, verds- og olympiske meisterar. Eg hadde ikkje kontroll på situasjonen, og nervene slo inn for fullt. Eg var; for å sei det rett ut og usminka: dritnervøs.
Når eg blei ropt opp og stilte meg i køen med symjarar frå mitt heat, køyrde eg nokre pusteøvingar. Eg var tilbake i kontroll no. Eg visste at eg var i rett heat, og at no kunne ikkje noko slikt gå gale i alle fall. No var det berre symjinga som stod att. Eg regelrett skalv når eg tok av meg sko og klær i forkant av, så eg var ikkje heilt roleg, men eg var klar.
Ein god reaksjon, blei etterfulgt av symjing som bar preg av nervene. Høg frekvens, litt dårlig tak på vatnet, og ei vending som ikkje var optimal. Det kjem seg på andre 25-meteren, her sym eg godt, og eg slår inn på 22.38. Tangering av mi nest beste tid nokonsinne, tre hundredelar frå pers, fire frå norsk rekord. På dette tidspunktet hadde eg den 2., 3. og 4. beste tida oppnåd av ein nordmann nokon gong på distansen. Eit relativt greit resultat, tatt i betraktning at eg det var berre fire veker sida eg sette persen, men langt frå eit optimalt resultat. Plassering: 39.
Pers på 100 Fredag var det klart for 100 fri, ein distanse eg ikkje har persa på sidan det NM-et i Asker i 2007. Eg hadde ei sinnsjukt god kjensle i vatnet på innsymjinga denne dagen, og eg hadde trua på at i dag var dagen då eg kom ned på det nivået som eg ikkje har vore i nærleiken av sida den dagen i Asker.
Ei opning på 23.63, elleve hundredelar raskare enn det eg symde på då eg sette min personlege rekord, og ein tilbakegong nøyaktig like fort som då eg symde 49.26, førte til ei tid på 49.15. Pers med elleve hundredelar, klart godkjend etter den litt trøblete anaerobe treningsperioden eg har bak meg. Eg symde løpet akkurat etter den planen vi hadde lagt opp på forhånd med fokus på å halde frekvensen lav, og så auke etterkvart, noko eg klarte til punkt og prikke. 54-55-55-57 på 25meterane.
Løpet var likevel ikkje perfekt, både start og vendingar kan relativt lett forbetrast her, i tillegg til at eg ikkje fekk så godt tak på vatnet siste 25-meteren. 57 var kanskje ein litt høg frekvens. Uansett godt å kome inn på personleg rekord, og godt å gjere det i mitt første internasjonale meisterskap. Plassering: 48.
Med 49.15 og 49.26 har eg no oppnådd den nest beste og tredje beste tida av ein nordmann på distansen. Den norske rekorden er 48.95, og er sett heilt tilbake i 1990, av legendariske Jarl Inge Melberg. Eg er svært sugen no etterkvart...
Norsk Rekord! Helga var likevel ikkje over. Søndagen skulle vi symje 4x50 fri-stafett, og eg fekk førsteetappen som var lova til den av meg og Robin Dale Oen som symde raskast på 50 individuelt. Den konkurransen vann eg, og dermed fekk eg ein ny sjanse til å setje personleg rekord på 50.
Den sjansen tok eg. Med begge hender. Ein tilnærma optimal start etter det nivået eg ligg på i dag, påfølgd av symjing med høg frekvens, men likevel med eksepsjonelt godt tak på vatnet. Uoffisielt hadde eg beina i veggen på 10.4... 10.6 var mitt tidlegare beste. Ei treig vending, i alle fall når ein ligg ved sidan av ein mann ved namn Alain Bernard, blei avløyst av ny god symjing, og deretter eit håplaust innslag.
Likevel: 22.07 lyste på tavla. Personleg rekord med 28 hundredelar, norsk rekord med 27, og min første norske rekord. Usannsynleg deilig. Der satt den, sjølv med relativt openberre forbetringsområder. Resten av laget gjorde også ein strålande innsats, og vi var berre 0.3 sekund frå det som ville vore ein overraskande finaleplass. 22.07 hadde for øvrig holdt til 27.plass individuelt og vore 25 hundredelar frå ein plass i semifinalen.
Norsk suksess Eg deltok på mitt første Europameisterskap i Kroatia, og for første gong var eg med landslaget i ein meisterskapssituasjon. Det var ei utruleg kjekk oppleving. Aleksander Hetland sine nordiske rekordar, og sølvmedalje på 50 meter bryst var sjølvsagt høgdepunktet, men heile laget presterte betre enn noko norsk landslag har gjort før. Totalt sette vi 20 norske rekordar i løpet av meisterskapet.
Ein herleg gjeng, og når det blir prestert på den måten er det ein prestasjonskultur som smittar over. Utruleg artig å få vere ein del av noko slikt, og forhåpentleg berre byrjinga.
Tankar om og planar for det komande symjeåret kjem her på The Sander i romjula. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|