Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

18.11.11 Arigato & Sayonara!

Målet om EM-kvalifisering var eg ikkje nær ved å innfri under min verdscupturnè, som byrja nær katastrofalt, men som avslutta med det beste løpet i 2011. Eg har forsøkt, og i denne omgongen feila, men det har vore mange store opplevingar undervegs.

Blandt desse er sjølve turen i denne omgong. Singapore, Beijing og Tokyo, tre land eg vitjar for første gong, og tre av verdas mest spektakulære byar vitja for første gong. Sjølv om eg hovudsaklig såg innsida av symjehallar, hotell og flyplassar blei det også tid til litt anna, i tillegg til at ein alltid får eit visst inntrykk av atmosfæra og kulturen i eit land berre gjennom samhandling med dei lokale arrangørane. Det er fascinerande kor ulikt ting kan løysast. Dette skal likevel handle om det sportslege.. (For alt anna sjå: SanderSpace)

Singapore
Det første verdscupstemnet eg drog til vart arrangert ved Singapore Sports School, i nettopp Singapore. Bassenget var utandørs, men var dekka av tak langt utanom bassengkanten, og innebygd på begge langsider, så vi merka ingenting til regnveret som herja utanfor første konkurransedagen.


Singapore Sports School

For min del var det 100 fri første konkurransedagen. Eg har ikkje tenkt å legge skjul på at det er dette eg har trent mest for. Trenaren min er sjølverklært mellomdistansetrenar, og dermed er 100-meter det kortaste ein trenar reint for. Sjølvsagt trenar vi fart, men mesteparten av det fysiske arbeidet er berekna for 100-meter og lenger. Difor var 51.11 ein nedtur. Det gjer det også vanskeligare å evaluere at det kjennest riktig ut heile vegen - eg sym med riktige frekvensar heile vegen og døyr ikkje så veldig, men det går rett og slett for seint, særlig siste 50. 24.32 - 26.79. 16.plass.

Eg var likevel medviten om at det kom mange nye sjansar, og allereie dagen etterpå kom den første; 50 fri. Etter ein god start og god første 25, mista eg rytma litt siste 25 (høyrd det før?) og enda på 22.97. Eg regna dette som eit akseptabelt utgongspunkt for resten av stemna, og det var den nest raskaste 50 fri eg har gjort i år, etter 22.95 på eit lokalt stevne i Adelaide i juni. Frekvensar på 61-59 viste at eg kunne ha noko å gå på ved å auke frekvensen litt i dei komande stemna.12.plass.

Beijing
Litt meir fasjonabelt var Water Cube i Beijing. OL-arenaen frå 2008 er eit skue, spesielt utanfrå på kveldstid, og det var ein spesiell aura til området. Alle som var der i 2008 uttalte at det var spesielt å vere tilbake. Nokon av dei med gode minner frå OL gjekk rundt med eit smil under trening og innsvømming som omtrent gjekk rundt. Ein annan observasjon er at alt ikkje var like godt vedlikeholdt i anlegget; garderobane og toalettanlegget var ikkje det eg ville forbunde med eit 3-4 år ungt anlegg...


Meg i the Water Cube

Det går ikkje å skulde på det, når eg sym 100 fri berre fire hundredelar raskare enn i Singapore. 51.07 etter omtrent nøyaktig same løpet som i Singapore: 24.24 - 26.83. Eg prøvde å gå raskare ut, men det einaste eg gjorde var å gå hardare ut, og dermed gjekk den vesle vinninga opp i spinninga. Sidan eg ikkje hadde med meg trenar her var tilbakemeldingane enno mindre... 20.plass.

... om det var det som stod bak fiaskoen på 50 fri er ikkje godt å sei. 23.17, etter ein heilt grufull siste 25 var rett og slett krise. Det var ikkje, og er ikkje vits i å henge seg for mykje opp i det. Det er rett og slett på eit uhørt nivå for meg. 10.plass.

Tokyo
Noko måtte gjerast. Eg allierte meg med den tyske trenaren, som eg vitja den Himmelske Freds Plass og den Forbudte By i Beijing med, for å få nokon tilbakemeldingar. I tillegg bestemte eg meg for å gå litt tilbake til den gamle måten å symje på, der eg har slitt med å halde rytmen med den nye teknikken. Det vil sei at eg skulle forsøke å kombinere det som har fungert med det eg har jobba med i år, med det som har fungert tidlegare år. Ikkje ei fallitterklæring, men ei pragmatisk tilnærming til å løyse eit problem. Med resultata frå Singapore og Beijing bak meg hadde eg ingenting å tape.

Med 50.53 på 100 fri vann eg kanskje ikkje så mykje i Tokyo heller, 37.plass var den svakaste plasseringa på 100 fri, men det klart beste løpet på turnèen. Konkurransen var rett og slett mykje hardare i Tokyo enn dei andre plassane. Uansett var eg nøgd med å forbedre meg med eit halvsekund, utan at resultatet i seg sjølv er noko å skryte av. Raskare første 50 (24.14) og siste 50 (26.39) enn eg hadde vore tidlegare under turen var noko som i alle fall sette eit smil på leppene mine.

Kanskje var det dei senka skuldrane som gjorde at siste dagen blei den beste, og eg nærma meg nivået frå mine beste dagar. Det å droppe 0,6 sekund frå eit løp onsdag til eit løp søndag er ganske uhøyrt, men det var akkurat det eg gjorde. 22.58 og 14.plass, etter at eg gjekk tilbake til den gamle stilen med strake armar og høgare frekvens dei siste 15 meterane - og følgelig kunne halde trykket heilt inn i veggen på ein heilt anna måte enn tidlegare i stevna. Der eg tidlegare mista rytmen og havna lavt i vatnet, kunne eg no halde rytmen og flyte oppe på vassoverflata = mindre motstand og raskare symjing. Dette var i realiteten mitt beste løp i heile 2011 - det næraste eg har vore gamalt nivå.


Tokyo. Tatsumi International Swimming Centre kvite bygget over vatnet og til høgre.

Summa summarum
Diverre var det jo litt for seint å gjere denne oppdaginga, men det er greit å konkludere at eg ikkje er blitt ein dårligare symjar dette året. I fjor var mi beste tid 22.52, og i år 22.58. Eg har forbetra meg på mange treningsområder men ikkje fått det ut i konkurranse, men dette viser berre litt av det som bur i meg...

Det mest irriterande med turen var at eg i realiteten kasta vekk to moglegheitar til å kunne svømme ein verdscupfinale. La gå at nivået ikkje er all verda, men faktum er at 22.58 hadde tatt meg til finalen på 50 fri både i Singapore og Beijing.. 22.85 og 22.90 var tidene som skulle til der, i Tokyo: 22.34. Eg var altså berre 12 hundredel frå i Singapore og nivået var enno dårlegare i Beijing. Kasta vekk den moglegheiten.

Kva som skjer vidare er uvisst. Ei oppsummering av dette året, sportslig og elles, kjem når året nærmar seg slutten. På eit tidspunkt må eg også ta avgjerdsla om kva eg skal gjere, i kva grad eg skal symje og så vidare... Det bir nokre spanande månadar framover, men eg kjem til å prøve å halde meg i form...

Eg skal visst også delta på eit symjestemne til her nede, sågar på langbane: Queensland States i Brisbane i midten av Desember. Dette blir meir ei avslutning på opphaldet, sosialt med laget, enn det blir ei sportsleg satsing.

Så får vi sjå om det faktisk blir takk og farvel.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.