Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

18.08.08
Ny sesong, nye moglegheiter

Eg har vore i Bergen ei stund no, men skifte av bustad og foreløbig nettmangel i den nye leiligheta fører til inaktivitet på denne sida. I dag var det skulestart, og det gav god nett-tilgong. Treninga trappast også opp for tida, etter ein god ferie.

Den første veka etter NM Langbane vart nytta utelukkande til å slappe av og feriere. Deretter var det på tide å gjere noko, og eg har vore i ein eller annan form for fysisk aktivitet dagleg (med unnatak av ei helg), sidan dess. Fjellturar, jogging, styrketrening, fotball og til og med litt symjing blei det plass til i symjeferien.

Det mest spesielle var nok under mitt besøk i Viksdalen, der eg saman med klubbkamerat Petter Solberg symde innsjøen Viksdalsvatnet på tvers - fram og tilbake. Ikkje uoverkomeleg langt, men noko utanom det vanlege. Vi har allereie byrja å legge planar for å symje innsjøen på langs neste år, men det vil bli noko heilt anna og mykje tøffare.

No er treningane med klubben i gong att, og det blir trappa gradvis opp mot maksimalt nivå. Kva sesongplanen blir er ikkje heilt klar enno, men eg kjem tilbake til dette når det nærmar seg, og når eg får lettare tilgong til internett.

Til sist vil eg nytte anledninga til å gratulere Alex og Sara med framifrå prestasjonar i dei Olympiske Leikane. Alex visste vi om ville gjere det bra, men det er ikkje noko mindre imponerande av den grunn sjølv om sjokket frå Sara var større og gleden like stor. Uansett artig å sjå nordmenn i teten i internasjonal symjing.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.