Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

18.07.08
Sesongslutt

Sesongen 2007/2008 blei avslutta på Hamar, med sommarens NM Langbane, som tradisjon tru er i den norske symjesesongen. Eg har ikkje vore ein like god langbanesymjar som kortbanesymjar, og konklusjonen er vel at det er eg framleis ikkje, sjølv om eg på 50 meter fri nærmar meg.

Etter ein litt trøblete April og Mai treningsmessig har fokuset vore ekstremt på 50 og 100 meter dei siste par månadane. Vi kan trygt sei at satsinga på dei kortare distansane har betalt seg, med eit halvt sekund forbetring på 50-meteren samanlikna med i fjor, men også dei litt lengre distansane var godkjend i helga.

Medaljemessig blei det eit av mine beste langbane-NM nokosinne. 2 sølv og ei bronse er det same som eg tok i fjor i Namsos, men i år var det sølv på 50 og 200 samt bronse på 100, medan det var sølv på dei to kortaste distansane i fjor. Det gledelege var dog at tidsmessig var dette mitt jevnast beste nokosinne.

Torsdag stod det kun 4x200 fri på programmet. Eg hadde første etappe, og for å være ærlig visste eg ikkje kva eg kunne forvente, på bakgrunn av mi satsing på dei kortaste distansane dei seinare månadane. Ikkje ei einaste trening med fokus på 200-metertempo under leiren i forkant av langbane-NM er uvanleg, og gjorde meg usikker. Eg klarte likevel å holde roen, og gjorde eit godt løp. 1.55.6 var mitt nest beste løp nokosinne og klart godkjend.

Fredag var spesialdistansedag. I alle fall er 100 meter fri spesialdistanse på kortbane, medan på langbane verkar eg å vere betre på 50. Eit forsøksløp som var eit hundredel over personleg rekord, lova godt for kveldens finale. Eit tidel forbetring av min personlig rekord og 52.13 i finalen var ikkje det eg drøymde om. Tidsmessig har eg stått i ro på langbane no i tre år, og eit tidel forbetring er ikkje nok, i forhold til kva eg bør vere god for. Å bli slått av to stykk, når ein ynskjer å vere best, er heller ikkje drømmescenarioet.

Laurdag: Eg var lenge tvilande til om eg skulle symje 200 fri individuelt, grunnane har eg allereie nemnd. Avgjerdsla blei tatt fredag kveld: eg skulle symje. Det angrar eg ikkje på, sjølv om forsøka blei nervepirrande. Ei passiv opning førte til at eg aldri kom i gong, og eg symde litt seinare enn eg hadde tenkt til. Målet med forsøk er trass alt berre å kome seg i finalen, og det klarte eg, men berre med to tidels margin. Eg visste eg hadde langt meir å gå på.

I finalen blei det ny nest-beste notering på distansen. 1.55.2, etter å ha fått det tøft siste 50 som følge av manglande satsing på distansen. Til 150 meter låg eg nok an, med normal avslutning ei tid på 1.53-talet. Kanskje kan 200satsinga takast opp til hausten? Det må diskuterast i alle fall. Interessant var det også at eg symde 100 meter på 52.19 20 minutter  etter målgong på 200-meteren. (Førsteetappen på 4x100 fri). 6 hundredelar over pers når eg var sliten på førehand vitnar om at det er noko meir å hente på nettopp den distansen. To gongar sølv blei det denne dagen.

Søndag var det kanskje min største vinnarsjanse; 50 meter fri. Forsøket: 23.53 og personlig rekord med to tiendelar, men kanskje viktigast: eit halvt sekund betre enn min personlige rekord som eg sette i fjor under NM langbane. Eg visste dog at eg måtte under 23.5 i finalen for å vinne. Ein dårleg start og oppgang i finalen øydela mykje for meg, og allereie her var eg eit stykke etter. Det hjelper lite å svømme like fort eller fortare enn dei andre, viss du ligg langt etter i byrjinga. Tangering av tida frå morgonen, og sølv igjen, eit hundredel føre bronsen og 16 hundredelar frå gullet. Små marginar på ein 50-meter.

Det var den sesongen. Ei god sesong,men uten dei store høgdepunkta som 2006/2007-sesongen hadde. Uansett godt å avslutte på den måten eg gjorde, med mitt beste langbane-NM nokosinne. Eg gler meg til å byrje igjen.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2008 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.