|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
18.02.08 Trening utanom det vanlege
I vinterferien for skuleelevar har Bergensvømmerne planlagd noko trening utanom det vanlege. Ekstremtrening i den forstand at det blir noko heilt anna enn det vi gjer til vanleg og ikkje er direkte relevant.
Aktivitetane vil spenne seg over tre dagar og vil vere i regi av dei militære institusjonane i Bergen. Onsdag er det Hinderløype, 3000 meter test og andre fysisk tøffe landaktivitetar på sjøkrigsskulen. Ikkje akkurat noko for landkrabbar kanskje, men vi får sjå. Torsdag blir det dykking i djuptvatnstanken på Håkonsvern. 18 meter rett ned utan oksygen. I det minste i rett element. Fredag er det besøk på Håkonsvern igjen og det som blir kalla "Krigens krav". Eg veit ikkje kva som leggjast i dette, men finn det vel fort nok ut. Fysisk tøft skal det i alle fall bli, visstnok.
Full rapport av treningane som ikkje innebærer andletet ned i eit basseng vil sjølvsagt vere å finne på thesander.com i løpet av veka. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|