|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
18.02.08 Biografi oppdatert
Av og til tar ein ting for gjevne. Av og til gløymer ein ting som er det viktigaste i livet og gjev det ikkje den anerkjenninga som det fortjenar. I dag har eg retta opp litt av det. Biografien har fått to nye avsnitt i byrjinga, som beskriv personar som ikkje fortjenar å bli forbigått i stillheit.
Ein er ingenting utan familie er det nokon som seier. Symjekarriera mi hadde i alle fall ikkje vore noko av utan familien min, og familien gjer livet mitt mykje lettare enn for mange andre.
At eg gløymde å nemne dei i den biografien som har ligge ute til no er sjølvsagt utilgjeveleg og berre eit teikn på at dei gjer så mykje bra for meg og krevjer så lite tilbake at eg tar det som ei sjølvfølge. Det er farlig å ta ting som ei sjølvfølge, og det vil eg ikkje gjere lenger. Difor har dei no blitt behørig og fortjent nemnd i biografien min. Eg har ikkje vokse opp aleine, utan hjelp frå andre, heller tvert om.
Les biografien min her.
|
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|