Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

17.10.09 Symjeferd i Hardanger

Førre veka var det haustferie på vestlandet, og i den samanheng tok Bergensvømmerne i slutten av veka avstad til det nyoppførte anlegget i Strandebarm i Hardanger. Som ein konsekvens av eit avlyst stemne blei treningsformen på dette treningsopphaldet ulikt noko anna eg har opplevd før. Det var kjekt, utfordrande og forhåpentleg gjevande.

Strandebarm i Hardanger har gjort noko beundringsverdig. Den vesle bygda og idrettslaget har gått saman for å bygge eit multiidrettsanlegg på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne byggja noko slikt. Det har dei likevel fått til. Eit flott symjebasseng blir komplementert av ein ny idrettshal og eit stadion med alle nye friidretts- og fotballfasilitetar, i tillegg til ei terrengjoggeløype rundt anlegget. Gjennom dugnad og samarbeid har dei fått eit anlegg som mange byar kunne vore stolt av. (Så får det heller vere at alt ikkje er heilt på stell enno, blandt anna er sugekoppfestinga av banetaua ein metode som er heller mangelfull - løsnar lett!)

Når Lambertseter Open, som låg på terminlista til Bergensvømmerne opprinneleg utgjekk, såg ein seg om etter alternativ. Stevner av dette formatet var ei mangelvare, om ein ikkje tar langt avstad. (Sjølv bærer turen til Köln den helga.) Dette er ei økonomisk og logistisk utfordring som ein valde ein vri på, gjennom å legge ein treningsleir til Strandebarm i staden. Her var opplegget ein såkalla stevneleir.

Så kva er ein "stevneleir"? Tre dagar gjorde vi følgande: Om morgonen symde vi "forsøk", og på ettermiddagane "finalar", som for å simulere kva vi ville gjort på eit stevne. I tillegg hadde vi eit treningsprogram etter kvar finalesekvens for å vedlikehalde det aerobe grunnlaget. Personleg likte eg formatet. Det blei høg kvalitet på kva som blei gjort i bassenget, mykje høgare enn kva vi hadde hatt ved ei vanleg start oppe-trening i Sentralbadet. Somme imponerte, andre sleit med førestillinga om at det var ein stevnesituasjon, men eg trur alle fekk trent fart og melkesyreutholdenheit på ein annan måte enn heime og eit par enkeltståande syre-økter.

Sjølv symde eg 200 fri torsdag, med ei bestetid på 1.54.7, 100 fri (51.6) og 50 fly (25.8) fredag, samt 50 fri (23.1) og 100 fly (57.9) laurdag. 100 fly var faktisk personleg rekord med nesten to sekund, om det hadde vore ein offisiell konkurranse. Tidene er sjølvsagt ikkje heilt nøyaktige. Dei er trenartider, tatt manuelt - så må takast med ein klype salt. Uansett tider som ville vore respektable, ikkje fantastiske, på eit vanleg stevne. 

Vi fekk også trent litt på rutiner i forbinding med stevneførebuingar. Kva gjer vi eigentleg i forkant for å prestere optimalt i løpet, og kva gjer vi etterpå for å førebu oss til neste løp? Vi jobba mykje med dette individuelt og i grupper, og forhåpentleg fann vi fram til kva som verkeleg vil få kvar enkelt av oss til å prestere godt når dei viktige stemna kjem seinare i sesongen.

Elles er Strandebarm ein stad det går godt å reise til fleire gongar. Om dei får orden på baneskiljarane er det meste tilrette for ein leir på mange måtar. Kort reisetid, god (heimelaga) norsk kost, gode treningsmoglegheiter utanom bassenget og vakker Hardangernatur gjev ideelle treningsforhald. Så får det heller våge seg at det ikkje er 50-metersbasseng der. Det er begrensa kor mykje ein kan forvente av ein småstad i Hardanger....

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.