|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
17.07.09 NM Langbane: Norsk meister 50 fri
Langbane NM 2009 er over. Meisterskapen blei ikkje fullklaff, men eg var nær mitt beste nivå, og blei norsk meister på langbane for første gong. Det var elles mykje å gledje seg over dei fire dagane NM varte.
Tradisjon tru var vi på treningsleir i førekant av NM Langbane, og for fjerde gong i mi karriere gjekk den av stabelen i danske Nørresundby utafor Aalborg. Ikkje særskild eksotisk, men ein trygg og sikker stad med gode forhald, alt samla på ein stad og god pensjon med god (og nok) mat. Denne treningsleiren er i tillegg ein av dei mest morosame og inspirerande eg kan minnast. Trøkket i gjengen og klubben var betre enn på lenge, og ein fekk verkeleg merke at dette var utøvarar som ville noko - meir enn kva som har vore tilfellet dei siste åra.
Vi fekk også betalt for dette på NM, med ei rekkje god prestasjonar av symjarane våre, og rangering som nest beste juniorklubb og tredje beste seniorklubb under meisterskapen. Det er ei stund sida vi var på det nivået - utan at det kan seiast å vere endestoppet. Kjekt er det i alle fall med positiv utvikling for klubben som heilskap.
Etter 18 gode dagar i Danmark, reiste vi til Oslo der NM gjekk av stabelen på Tøyenbadet. Personleg hadde treningsleiren vore ei positiv oppleving med mykje hard trening utan at det gjekk ut over kvaliteten. Det er lenge sida eg har trent på den måten, med like tilfredsstillande utføring.
Dag 1 - Laurdag Eg var likevel usikker før første dagen, då 4x200 fri stod på planen. Eg trenar ikkje for 200 lenger, eg er langt meir sprintorientert, og eg var usikker på korleis ein symde eit slikt løp. Akkurat denne stafetten blei ei skuffing for klubben, og eg er heller ikkje nøgd med min eigen innsats. Eg kontrollerte opninga som best eg kunne, men veit også at eg treng å utnytte hurtigheita mi. 26.62-29.05 på dei to første 50-meterane gav ei opning på 55.6. Ei akseptabel opningsfart, om lag rundt den opninga eg hadde når eg sette den personlege rekorden min på 1.54.8, frå Trondheim i 2006.
Tredje 50 på 30.18 bar bud om kva som var i ferd med å skje, eg var byrja å få det tøft. Undervegs i løpet føltes det som om eg haldt meg sjølv nokolunde saman og at symjinga mi var OK, men tida 30.83 på siste 50, fortel ei ganske anna historie. Slutt-tid på 1.56.68 er ikkje katastrofedårlig, men heller ikkje eit optimalt løp. Mitt tiande beste 200-løp gjennom tidene.
Dag 2 - Søndag Søndag blei første dagen med individuelle løp for min del, då både 100 fri og 50 butterfly stod på programmet. Forsøkssekvensen blei innleia med eit kontrollert forsøk på 100 fri, der eg i gamal drakt og uten å ta i for mykje symde inn på 52.33 etter ei opning på 25.13 og tilbakegong på 27.20. Hadde eg pressa på siste 50 kunne eg gått vesentleg fortare, og opninga var i lusetempo. Ei positiv oppleving med positive bodskapar før kvelden, og nummer 2 inn til finalen.
Deretter var det duka for 50 butterfly, ei øving der eg hadde von om finaleplass etter at eg klarte det under NM kortbane tidlegare i vår, og også hadde vist fin fly-form på Swimshop Cup ein månad tilbake. 25.81 i forsøket etter ein dårlig start var ok, og personleg rekord med eit hundredels sekund.
Finalesekvensen opna med 100 fri. Eg fekk ein akseptabel start, opna med litt høg frekvens, men symde meg fint inn i løpet første 50, og inn til vendinga der eg venda klart først på 24.65. Eg auka på tredje 25, og auka leiinga mi heilt opp til 75 meter, der eg byrja få det tøft. Også her trudde eg at eg haldt meg nokolunde akseptabelt teknisk, men eg merka også at Gard Kvale kom fort. Eg trudde likevel at eg skulle halde meg foran, inntil siste armtaket der han klarer å hive seg foran meg. 26.88 andre 50, som er heilt ok, gjev sluttida 51.53, 25 hundredelar over min personlege rekord frå GP i Stockholm i mars - men kanskje verst: åtte hundredelar saktare enn Gard. Sølv - og eit bittert nederlag. Nok ein gong blir eg for opptatt av kven som kjem på sida av meg, i staden for meg sjølv. Det hjelper ikkje leie i 99 meter, når distansen er 100.
Seinare på kvelden var det duka for 50 butterfly - ei øving totalt utan press. I motsetnad til NM Kortbane valde eg å symje øvinga i finalen denne gongen. Eg var framleis merka av syresmellen på 100 fri, men var bekymringslaus føre 50-meteren. Det betydde ikkje så mykje trass alt - ingen forventa noko av meg uansett. Eg stuper uti og får krampetendensar i høgrebeinet i det eg sett frå pallen, men let meg ikkje affisere av det. Ein betre start enn om morgonen, og eg er relativt bra med bronsevinnaren opp til 25. Eg tykker sjølv eg held meg bra flatt i vatnet og foroverretta - og slår inn på tida 25.65, ny pers med 16 hundredelar og femteplass i min første finale i noko anna enn fri. Kanskje skal eg byrje trene butterfly i framtida? Ein grei dag for mitt vedkomande.
Dag 3 - Mandag Eg valde å stryke meg frå 200 fri denne dagen, ettersom tida frå laurdagen ikkje var tilfredsstillande nok. Fullt fokus blei det difor på 4x100 fri-stafetten på kvelden der eg skulle ha første etappa. I bane 1 låg vi litt utanfor det store bråket i midten, og det var lettare å konsentrere meg om meg sjølv. Ei rolegare opning, men også raskare, enn i det individuell løpet, på 24.57 la grunnlaget for ei god tid. 26.84 tilbakegong leia til 51.41 - altså ei tid som ville holdt til gull dagen føre, men som denne dagen nok ville gjeve tredjeplass basert på kva andre symde på. Mi tredje beste tid nokon gong - 13 hundredelar over personleg rekord. Akseptabelt. Laget gjorde ein kanoninnsats på denne stafetten, vi symde under den gamle norske rekorden - men enda på sølvplass. Uansett gledjeleg.
Dag 4 - Tysdag Siste dagen siste sjanse. Etter forsøka på 50 fri såg det ganske mørkt ut, og eg trur det var få som hadde trua på at eg skulle hente heim gullet på øvinga. 23.67 mot Thomas Ole Fadnes sitt gode 23.05 løp verka som eit hav i forskjell. Eg visste og at det ville bli tøft, men eg visste også at eg hadde hatt ein elendig start der eg sklei med foten, og at eg symde i gamal drakt + at eg ikkje hadde jaga heilt inn i mål men slakka litt av. Om eg hadde nok i banken til å slå han var uvisst, men eg visste eg hadde mykje å gå på.
Det er i finalen det gjeld, det er der medaljane blir utdelne. Eg får ein langt betre start, men han ligg føre, og opp til 25 meter drar han eit stykke i frå meg. Eg utliknar farta hans til 35, og etter det byrjar eg å ta inn, litt etter litt etter litt. På slutten er eg ganske sikker på at eg slår han, og til sist er eg eit hundredel foran han når vi slår inn. 23.27 mot 23.28 - deileg å vinne ein hundredelsspurt etter å ha tapt ein to dagar før. Marginane var på mi side. Eg innser at han er betre enn meg i byrjinga av løpet - eg har ikkje godt nok tak på vatnet, har får høg frekvens og "spinn" i vatnet - her er det mykje å hente. På slutten sym eg derimot fort - og desto tidlegare eg kan kome inn i den rytma på ein 50-meter desto betre er det. Eg har ikkje råd til å tape så mykje i andre løp - der han, eller andre, held betre. Det er ein grunn til at han har ein personleg rekord på 22.86, medan eg har 23.24.
NM avslutta med 4x100 medley, der eg hadde sisteetappen. Gutane gjorde også her ein fin innsats, medan eg symde sisteetappen på 51.03. Mi beste stafett-tid, men ikkje fantastisk i forhald til personleg rekord. Vi enda på fjerdeplass - og det var det eg kunne få i det eg hoppa ut i, med mindre eg hadde forbetra meg noko veldig akkurat der og då.
Alt i alt eit godkjend NM for meg, og Bergensvømmerne, men det er ikkje det optimale. Både eg og dei andre i klubben har meir å gå på, med mykje, god og riktig trening. Spanande blir det framover uansett.
Ei fullstendig sesongoppsummering og vurdering kjem i løpet av dei næraste dagane. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|