|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
16.09.08 Ting skjer
Sjølv om eg ikkje gjev så mykje lyd i frå meg så er eg i live, og ting skjer. Grunnen til at sida blir såpass lite oppdatert er nettopp at ting skjer og at det ikkje er særlig med tid til overs til oppdatering. Ny sponsor, ny jobb, nytt studie og ny sesong er stikkord.
Logiteam Process har gått inn og sponsa meg med eit betydeleg beløp. Omtale og meir kjem seinare. I mellomtida kan du besøke dei her: Logiteam.no
Elles har eg fått meg nok ein bijobb, denne gong i noko som er studierelatert, då eg har fått ein jobb i freelancekorpset til sportsredaksjonen i Bergens Tidende. Du kan lese mi første sak her: http://www.bt.no/lokallokal/asane/article626449.ece Sjølv om eg trivast kjempebra i Sentralbadet, er dette meir fagleg utfordrande og gjev meg ein fot innafor i det miljøet eg ynskjar å jobbe i i framtida.
Masterprogrammet i Medievitskap er også kome godt i gong, og eg har ein heilt annan studiekvardag enn eg har hatt før. No er eg meir på skulen, og vil gå meir inn for å få dei verkeleg gode karakterane. Masteroppgåva mi kjem til å handle om sport og media i ein eller annan form, meir enn det vil eg ikkje sei akkurat no.
Sesongen er også godt undervegs treningsmessig, og det har eigentleg vore ein god sesongstart, med unntak av den siste veka som har vore prega av sjukdom og forkølelse. Forhåpentleg går dette over fram mot helga, då det første stevnet for sesongen er; Hestholmmedleyen i Sentralbadet.
Om to veker reiser vi på treningsleir til Haderslev, sør i Danmark, der vi også skal delta på SydCup. Dette blir den første verkelege testen, og det skal bli spanande å sjå korleis eg står på det tidspunktet.
Forhåpentleg blir sida oppdatert oftare no framover. Internett er på plass i leiligheita og eg håpar det blir litt mindre stress og jobb no framover, for kombinert med treninga blir det mykje, og stor belastning. Kjekt er det, men slitsomt.
|
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|