Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

16.08.10 Seigt møte med europaeliten

Ei veke etter heimkomst frå høgdeleir var det duka for konkurranse i Barcelona og Canet saman med det norske landslaget.  Resultatmessig blei det ikkje fantastisk, men stigning og positive erfaringar med arbeidsoppgåvene gjorde det ikkje heilsvart.

Stemner i ein hard treningsfase er alltid vanskeleg. Somme gongar kan ein symje fort uansett, men som oftast er det vanskeleg å få symjinga til å henge saman. Muskulaturen er sliten og utan punch, samstundes som ein teknisk slit når frekvensen kjem høgt.

Eg kom ut av tre veker på 2100 meters høgde med totalt 150km symt, og ei veke heime med drøyt 30 km i førekant av stemnet. Ganske annleis opplading enn eg har før toppingsstevner. Dog kan ein fysisk få ein kortsiktig opptur av å vere i høgda, sjølv om det er den langsiktige effekten som er det store overordna målet med å dra på høgdeleir.

Difor var eg usikker på kor eg stod før stemnet i Barcelona, men planen var å symje fort. Det er alltid kjekkare å symje fort når ein reiser ut og skal konkurrere med ”dei store gutta”. Difor var det litt lettare i veka før stemnet, som også er naturleg når ein kjem ned frå høgden.


Meg og Lavrans Solli (nyleg bronsemedaljør i Ungdoms-OL) i Barcelona

Farten var likevel ikkje å spore når konkurransane starta. Arbeidsoppgåvene mine var som sedvanleg dei siste sesongane: kontrollere frekvensen og symje meg inn i løpet. Akkurat det klarte eg bra i første løpet, ein hundremeter. Godt stup på toppen av det heile, og eg fekk aldri kjensla av å "dø" slik som det vanlegvis er for meg på slutten av ein hundre meter. Det synte seg at eg hadde symd alt for sakte ut, og siste 50 var bra i forhald, men heile løpet var utan punch. 53.2 med ein utgong på 25.9 er ikkje alt for imponerande.

Håpet var at det skulle ha betra seg til dagen derpå, at kroppen hadde fått kropp kvelden før. Slik var det ikkje. Seigare enn seigast var eg på 50 fri, og heilt ærleg kan eg ikkje hugse sist eg symde så sakte på 50 fri... 24.30 - no sat heller ikkje starten. Skuffande, sjølv om frekvensane var bra.

Vi reiste vidare til Canet, i håp om at dersom eg framleis jobba med arbeidsoppgåvene skulle det bli betre. Og det blei det også. 24.08 på 50 fri etter nok ein dårlig start, men fine relativt lave progressive frekvensar. Fantastisk er det dog ikkje, og eg kjende meg framleis utan piff.

Siste dagen kom det einaste løpet kor eg kjende at kroppen hadde lyst til å trykke litt, at den var på lag og hadde noko å kjøre med. 100 fri. Sluttida 52.9 er ikkje fantastisk, men ein første 50 på 25.0 kor ting flyter og det kjennest bra var absolutt ei positiv oppleving. At opninga var litt hard får så vere, syretoleransen skulle jo trenast opp fram mot NM...

Ei anna interessant bemerkning er at startane mine er mykje betre på 100 meter enn 50. Blir for krampeaktig og stressa på 50-meteren antakeleg, medan det er meir naturleg på 100.

Uansett ein ikkje alt for håplaus tur til sør-europa, sjølv om tidene etterlet mykje til å ynskjast.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.