|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
16.08.10 NM utan gneist
No som ein ny treningssesong er i gong, er det vel på tide å få ut evalueringa av NM. Oppkøyringa til NM blei langt frå ideell med skulderproblem i siste fasen, og, må eg innrømme, eit litt sviktande treningsgrunnlag.
Ei skulderskade med tre veker gjenståande til NM, som heldt meg vekke frå å trene som planen var er sjølvsagt aldri passande, men no kom den ekstra upassande. Ettersom eg kom frå høgdeleir var fartstrening og såkalla syretrening ei mangelvare, og det var dete som verkeleg skulle settast inn støtet på no. Dermed blei treningsgrunnlaget mitt i det eg gjekk inn til NM ein smule forskyvd.
Eg kjende meg likevel i stigande form fram til NM, og forsøkte å gå inn i det heile med eit ope og muntert sinn, noko eg ikkje alltid har vore like flink til. Sjølve NM-leiren i Nørresundby var bra som vanleg for langt dei fleste, det var einaste mi skade som øydela for meg. Eit mål for meg var likevel å halde humøret oppe, trass i motgongen, og det tykte eg at eg klarte bra. Difor var eg ikkje heilt uten håp i det eg gjekk inn i NM-veka.
NM Langbane startar med 4x200 fri for min del. For ein gongs skuld symde eg ikkje første etappe, men i staden den fjerde og siste. Litt merkeleg, men kanskje også like greit. I det eg hoppa i vatnet var det bronsemedaljen det stod om, og den skulle eg då også klare, men eg måtte jobbe. MYKJE meir enn kva eg egentlig hadde trudd, og håpa. Ei etappe på 1.58 vitnar om ein kar som ikkje er heilt i form, sjølv om hovudoppgåva var å symje forbi symjaren som låg rett føre meg i det vi stupte i. Merkeleg at eg etter alt den uthaldande treninga, høgdeleir og alt, ikkje presterar betre på 200meter enn det. Saktaste eg har symd på distansen sidan 2003...Sidan det ikkje er det eg primært trenar for, så klarte eg likevel å halde humøret oppe.
Andre dag er 50 butterfly og 100 fri-dag. Etter å ikkje ha teke eit butterflytak på trening siste månaden før stemnet (mykje pga skada), kunne 50 butterfly gå begge vegar. Det gjekk den feile vegen. 26.5, nesten fulle sekundet etter tida mi frå i fjor, saktare enn på Island i januar, og i det heile tatt.
100 fri er ein av mine satsingdistansar, og den første eg hadde visse forventingar til. Ei relativt kontrollert forsøkssymjing på 53.54 gav håp om ei akseptabel slutt-tid. I finalen sette eg i det minste årsbeste med 52.48, men heller ikkje det er ei strålande tid. Eg symde løpet på ein heilt akseptabel måte, og var sterk opp til 80, men det blei litt for tungt på slutten. Bronse. Det var den treninga ein skulle hatt...
 I stupet på 100 fri i forsøket
Laurdag. Kun 4x100fri-stafett på programmet. Eg var tilbake på førsteetappen, og skulle gjere eit betre løp enn individuelt. Det blei det ikkje. Rotete, krampeaktig og stressa, og to tidelar saktare enn dagen i forvegen. Fann ikkje flyten i det heile og det blei frykteleg tungt på slutten, trass i at opninga var om lag som dagen før. 52.67, og sølv til laget, noko som var bra. For første gong sank humøret mitt dog, og eg var særs skuffa. Eg klarte ikkje lenger halde på den positive, offensive tankegongen
Sesongavslutningssøndag med 50 fri og 4x100 medley. Ein innleiiande runde på 50 fri kor eg ikkje var klar mentalt i det heile, gjekk unna på 24.03. Eg visste eg hadde meir å gå på, men måtte sette starten. I finalen blei starten igjen krampaktig og dårlig, eg følte det som om eg hamna bakpå. Svømminga første 25 er bra, men så stokkar det seg med rytmen. 23.83 - to tidelar saktare enn i Eindhoven i mars. Ny bronse. Ikkje godt nok.
Adrenalinet pumpar når eg skal gjere unna sisteetappen på 4x100 medley. Eg er litt småforbanna rett og slett, det er siste innsats, og det får gå som det går. Eg sym med kraft men samstundes kontroll, eg går hardt ut, ettersom eg må hente att Bærumsvømmerne som stupte i vatnet eit stykke føre oss. Eg kjenner meg sterk stort sett heile vegen og døyr ikkje som vanleg, men held trykket heile vegen. Eg slår inn føre Bærum, dei blei diska, men det gjorde ingenting, dei hadde drege meg inn til den beste tida under stemnet. 51.33 med flygande start, som var safe, tilsvarar ei tid under eller rundt 52.0 med fast start. Klart betre enn individuelt. Nytt sølv, flott for laget.
For meg er det heilt tydeleg at vi har gjort noko feil i treninga denne våren, det har då også vore ein eksperimentell fase. No framover blir det meir tilbake til det som fungerte så bra i 2008 og 2009, der vi sjølvsagt tek med oss det vi følte var bra i denne perioden også. |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|