|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
15.12.09 Godkjend symjing i Europameisterskapen
Mitt andre internasjonale meisterskap for Noreg blei eit meisterskap veldig likt siste året, med det beste løpet til sist. Eg stadfestar nivået eg ligg på, men det siste vesle ekstra mangla denne gongen til at eg kan vere veldig nøgd. Det var godkjend, men heller ikkje meir. Dei som kjenner meg, veit at det ikkje er nok.
Eg kvalifiserte meg for meisterskapen i 12. time, etter å ha vore fire hundredel frå kravet under verdscupkonkurransane i Stockholm og Berlin i midten av november, då eg blei teken ut som stafettsymjar. I etterkant har førebuingane gått optimalt, eg har symd fort på trening, og fått fylgd opplegget til punkt og prikke. Det var difor med ei viss optimisme eg tok av gårde til Tyrkia.
Fell i gamle feller Meisterskapen byrja torsdag med 50 fri. Eg var første nordmann i vatnet, og spaningsnivået var høgt. Eg forsøkte å jobbe med avspenning, men i det eg går inn på bassengkanten blir eg fort stressa. Kleda måtte av fort, og startpallen måtte justerast inn. Eg var ikkje førebudd på å sleppe inn bak pallen så seint, det førre heatet var komt opp av vatnet.
Dette gjer nok at eg fell tilbake til gamle synder. Starten er forsåvidt OK, og første 25 går også bra unna. 10.3 splitt (på trenarklokke) er lik det beste eg har gjort. Problemet er at eg har for høg frekvens, og dette får eg smake på siste 25 når eg glipper meir og meir, i tillegg til at vendinga ikkje sitter. Eg blir for avventande i rotasjonen, er for stor, og havnar i bølger når eg kjem opp i overflata att. Slutt-tid på 22.05 er 16 hundredel bak min eigen personlege rekord, og eg var skuffa.
Meir hjalp det ikkje at eg var lusne sju hundredel bak semifinaleplass og ein ny sjanse. Semifinale var plasseringsmålet mitt, og no ville eg vore i semifinalen om eg hadde symd rundt min personlege rekord. I staden enda eg som nummer 28.
X-faktor Seinare i forsøkssekvensen torsdag var det 4x50 medleystafett med det norske laget, der eg gjer mitt dårlegaste løp under EM, takka vere ein elendig start. Eg symde den siste frietappen for laget, og skal få ein flygande start. Reaksjonstida mi (0.05 frå han slår inn til eg har forlatt pallen) er akseptabel og skulle indikere at eg ville tjene 67 hundredel i forhald til min faststartreaksjon individuelt på 0.72. Dette vil gje sluttid på 21.38 med same løpet. I forhald til pers (0.74 i reaksjon) ville det gje 21.20.
Eg symde på 21.82, sju hundredelar betre enn min personlege rekord med faststart. Kvifor? I starten treff eg ei bølge eller noko, eg klarar ikkje halde henda samla, dei går ut i ein X-form, og eg går om lag rett til botn. Amatørmessig, og eg mistar nesten all fart. Faktisk har eg første 25 på trenarklokka på 10.3 også denne gongen, her burde eg hatt eit stykke ned på 9-talet med ein normalt god flyingstart. Det er inga unnskyldning, men i det minste ei forklaring. Ei trøst får vere at det neppe ville blitt finale uansett.
Beina forsvann Fredag var det duka for 100 fri. Her var eg dyktigare til å jobbe med frekvensoppgåvene mine. Eg skulle halde dei lavare enn når eg sette persen min (48.40), og det klarte eg godt. 55-56 frekvensar stort sett heile vegen, førte til 23.21 første 50-meterane, kontra 23.08 når eg sette persen. Desse 13 hundredelane skulle eg få att på slutten, var planen, når eg hadde meir å gå med som ei følge av den rolegare opninga. Det blei det dog ikkje, beina ville ikkje meir siste 15-20 meterane og eg avslutta med 25.41 - og enda opp med tida 48.62. Kanskje hadde eg kompensert for rolegare armar med kraftigare beinspark, og det blei litt for tøft. For å få semifinale måtte eg ha symd på 48.28 (etter strykningar) - så absolutt ikkje noko umogleg oppgåve, men det gjekk ikkje denne gongen og eg enda på 37.plass.
Med noko å bevise Laurdag hadde eg fridag, og lada til siste innsats. 4x50 fri var søndagens meny, og eg hadde førsteetappa. I fjor sette eg min første norske rekord på denne øvinga, og eg var fast bestemd på å vise meg frå mi beste side i dette løpet. Ein rask start, med ein fin igong i vatnet, blei etterfulgt av ein litt for brå oppgong til overflata, noko eg nok tapte litt fart på. Symjinga første 25 var dog bra, med ein ok frekvens på 63-64. Vendinga blei litt avventande, igjen, og eg mistar også her linja litt i oppgongen. Siste 25 blir litt masete også, men likevel bra, antakeleg på grunn av ein lavare frekvens i utgongspunktet. Trenarklokka har 10.4 første 25 denne gongen, og ein betre tilbakegong på 11.4 gjer slutt-tida 21.90. Eit hundredel over min eigen norske rekord, og ei tid som ville vore meir enn god nok til semifinale og topp 20 på 50 fri. Laget enda på 11.plass, plassen bak finalen, 0,3 bak danskane som kneip den plasen.
Litt irriterande var det at eg ikkje fekk fleire moglegheitar. Individuelt burde eg fått semifinale på minst ein distanse. Stafetten søndag synte jo at eg var god nok på 50 i alle fall. At eg i tillegg ikkje sym personlege rekordar, som er målet kvar gong eg stupar i bassenget, er ein annan faktor som gjer at eg ikkje vurderar stemnet til betre enn godkjend. Det er dog vanskeleg å ta store steg frå ein personleg rekord ein set toppa i november til desember, ikkje dermed sagt at ein ikkje skal prøve. Ein personleg rekord og ein semifinale, så hadde eg vore veldig godt nøgd. No var det berre nesten.
Konkluderande merknadar Samanlikna med i fjor har eg heva meg frå 39.plass på 50 fri til 28.plass (22.38 til 22.05), 48.plass på 100 fri blei til 37. i år (49.15 til 48.62). På stafetten gjorde eg 21.90 i år, samanlikna med 22.07 i fjor. (Laget forblei nummer 11.) Både tidsmessig og, kanskje viktigare pga draktene i år, plasseringsmessig har eg forbetra meg frå i fjor. Det er i alle fall noko å ta med seg.
Å delta på meisterskapen var, trass i at det ikkje var perfekt for meg personleg, fantastisk kjekt. Norsk symjing markerar seg stadig sterkare, og å vere ein del av det laget som reiste til Istanbul er eit privilegium. Stemninga er god, vi har det artig og kosar oss - dette skapar resultat!
Vi manglar begge våre OL-medaljørar, og likevel kjem troppen heim med gull- og bronsemedalje, samt ein fjerdeplass, to femteplassar, ein sjetteplass og ein sjuandeplass i bagasjen. Sjølv om eg ikkje er direkte involvert i dette, er det å heie på Aleksander Hetland i det han grusar ein i etterkant illsint europarekordhaldar,Alessandro Terrin og få ta del i jubelen (og feiringa) ei stor oppleving. Ingvild Snildal si bronsemedalje (10 hundredelar frå gull) likeså, og Katharina Stibergs råe 100 bryst var gåsehudaugneblink.
Nordmenn kan nå opp. Eg har eit stykke att - men ingenting er umogleg, er det vel? |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|