|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
15.04.08 Take your marks...
Årets NM Kortbane er utsett frå tidleg mars, til midten av april på grunn av internasjonale meisterskap. No er tida endeleg inne, og i måra sett eg kursen til Stavanger, for Noregsmeisterskapen som startar på torsdag.
Eg ser fram til å kome i gong med eit meisterskap og ein formtopp som eg, og mange med meg, har venta lenge på. Det er gått nesten fem månader sidan forrige topping, og eg har fått gjort det eg skulle. Fleire gode treningsleirar og generelt god trening også heime i Bergen gjer at ingenting skal vere i veien fysisk for å prestere.
Treningstidene har også jamnt over vore betre enn før, så at ting fungerar og at vi har gjort mykje rett er det mykje som tyder på. Den store testen gjenstår likevel, og gode treningstider betyr særs lite, men det gjev ein tryggleik i at formen er der.
Spanande blir det i alle fall. NM startar som sagt på torsdag og for min del er det 4x100 fri-stafett første dagen. Andre dagen er det også berre stafett, men då to stykk, 4x50 medley og 4x200 fri. Laurdag er første dagen med individuelt. 100 fri står på programmet, i tillegg til 4x50 fri med stafettlaget. Søndag avsluttast med 200 og 50 fri individuelt, samt 4x100 medley stafett.
Det blir ei rolig opning, og desto viktigare er det å prestere på topp for å få ein flying start inn mot den tøffe avslutninga av stevnet.
Du kan følge NM her Følg også med på Fribading.com |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|