Heim  -  Nyhende  -  Biografi  -  SanderSpace  -  Lenkjer  -  Bilete  -  Visdomsord  -  Gjestebok

Visdomsord

For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.



 

 

15.02.11 NSW State Open Championships

Mitt første stemne i Australia er gjennomført, og det gjekk, som forventa, ikkje skremmande fort. Konkurransen er stor, og om eg ikkje presterar bra blir ein fort ein parentes i resultatlistene, spesielt i eit sikt stemne som innehaldt store delar av Australias elite.

Grunnen til at resultata blei som dei blei, og som du kan lese meir om i det følgande er nok todelt. For det første er treningsgrunnlaget mildt sagt skrantande. Frå Nordsjøstevnet i midten av november, til eg var ferdig med masteroppgåva i midten av desember var trening eit framandord for meg. I jula var eg småsjuk, men i januar fekk eg trent ein del, om det ikkje kan kallast full trening.

Eg hadde ved stevnestart vore i Australia i to og ei halv veke, korav dei første dagane var treningsfri. Eg hadde med andre ord berre vore i full trening i to veker, og dette var to veker med nye treningsmetodar og relativt hard trening i forhald til kva eg har vore van med. Dette, saman med nye tekniske ting og forsøk på nye løpsopplegg må ta skulda for ein del av resultata.


Are you ready? spør dei ved inngongen til bassenget i Sydney. Eg var det tydelig ikkje.

Fredag innebar 100 fri for min del. 100 fri langbane er ei tøff øving på meg, særlig om treningsgrunnlaget er litt sviktande. Eg fekk i tillegg beskjed om å ha fokus på taklengde første 50, og å halde frekvensen, men auke beinsparkinnsatsen siste 50. Eg prøvde så godt eg kunne, men resultatet blei ein sakte første 50, etterfulgt av ein "normal" siste 50. 25.99 (50-51 i frekvens) og 27.50 (52-54 i frekvens) gav slutt-tida 53.49 og 62.plass. Normalt sett vil ei god tid midt i sesongen vere under 53 sekund, så det var ikkje heilt katastrofe, men eg klarte ikkje gjere løpet som planlagt. Siste 50 blei meir spinning enn å halde taklengda oppe, diverre.

Eg gjekk opp på land utan å vere spesielt sliten, eigentlig, eg klarte heilt fint å gå og stå, noko som er særdeles uvanlig for meg. Eit teikn på at eg ikkje fekk ut alt.

Seinare deltok eg på 4x100 medley-stafett for min nye klubb Norwood. Eg kan gjere dette på vanlige stevner, men ikkje på det Australske meisterskapet som går føre seg første veka i april. Eg gjorde eit bedre løp her enn individuelt, og svømte over eit sekund raskare. Alt det henta eg på første 50: 24.91, men frekvensen var om lag den same som individuelt (51-51) og heimgong på 27.56 (52-53 frekvens) gav slutt-tida 52.47. Om ein reknar at eg hadde ein perfekt start tjente eg kanskje 0,7 sekund på starten, noko som betyr at eg symde minimum tre tidelar raskare, med lågare gjennomsnittsfrekvens. Godkjend, laget tok 8.plass.

Lørdag innebar kun eit løp: 50 butterfly. Kva som skjedde her er vanskelig å sei, men det var fullstendig katastrofe. Ingen flyt, ingen rytme og berre tull. Litt overraskande etter at eg viste at hadde forbetra meg på butterfly under Nordsjøstevnet i November. 27.10 er direkte flaut. Lenge sidan eg har svømt så sakte butterfly... Interessant nok låg eg først i heatet til 25 meter, og vinnaren svømte på godt under 26 sekund. Starten var i det minste OK.

50 fri om søndagen blei mitt beste løp, som det ofte er. Eg hadde håp om B-finale på denne øvinga, men 24.15 heldt ikkje, og eg blei nummer 28. (B-finalen gjekk på 24.00) Nok ein gong ein OK start, og bra første 25, men så byrjar frekvens å gå opp - og armtaket å glippe. Eg får aldri taket på vatnet tilbake, sjølv om frekvensen går ned. (60-62-59 i frekvens). Eg trur dette løpet kunne blitt mykje bedre om eg hadde fått eit nytt forsøk, men det hjelper ikkje å sei. Noko anna interessant som trenaren min avdekka: eg brukte 41 tak på min 50 fri.  Kyle Richardson, 178 cm høg, og garantert kortare armar enn meg brukte 35 tak på sin finale som han svømte på 22.55... Eg MÅ få meir ut av kvart armtak.

Stevnet vart avslutta med 4x100 fri. Eg svømte andreettappe på 52.55 - etter ei opning på 24.80 og tilbakegong på 27.75. Denne gongen var det litt for høg frekvens første 50, ettersom vi var ein tøff duell med to klubbar i banene ved sidan av. Haldt ei grei taklengde siste 50, men det gjekk rett og slett for sakte. (54-55-53-52) Uansett er dette også betre enn det individuelle løpet, og tydelig det nivået eg ligg på for augneblinken. Laget tok ein 7.plass.

Eg har fått masse nytt å jobbe med, og det var kjekt å få symje i OL-bassenget frå 2000. No gler eg meg til å vende tilbake til Australian Championships i byrjinga av april, ein 8-dagar long symjefest.


Sydney Olympic Park Aquatic Centre. 400 fri herrar NSW State Open Championships.

SanderSpace

For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.


TheSander.Com © 2009 • Kontakt meg
TheSander.com er designa for Microsoft Internet Explorer. Somme skavankar kan vere å finne i andre nettlesarar.