|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
15.02.08 Ny personlig bestenotering på beinserie
I Bergensvømmerne har vi ein vekentleg treningsserie som kan referast til som ein beintest. Det gir ein rimeleg god indikasjon på kor uthaldande du er i beinsparkdelen av symjinga. Dette er eit av mine svakaste områder, men all framgang er god framgong og difor var gårsdagens trening gledeleg.
Serien består av eit antal 200 meterar, i utelukkande beinspark. Serien skal gå beste gjennomsnitt (altså jevnast mogleg, fortast mogleg) og det er difor ikkje om å gjere å symje ein 200meter veldig fort, men ha best mogleg snitt-tid.
Ei veke gjennomfører vi 5x200, neste 6x200, så 7x200, før vi avsluttar på 8x200. Deretter går vi nedover til 5x200 igjen. Start 5 minutter, for å verkeleg kunne køyre beina hardt når dei skal køyrast. Det er ikkje ein reinspikka test, men det gjev ein klar indikasjon på forbetring og framgong.
I går var det 6x200. Mitt beste gjennomsnitt tidlegare var ein 7x200 med ei snitt-tid på 3.11. Gårsdagens serie gjekk 3.05-3.05-3.04.-3.08-3.10-3.06. Ein liten sprekk på nummer 4 og 5, men alt under den tidlegare snitt-tida. Totaltida blir 18.36, som er ganske nøyaktig 3.06 i snitt-tid på dei 6 200 metarane. Fem sekund betre enn tidlegare bestenotering.
Det betyr i løpet av 6x200 meter så har eg tjent eit halvt minutt. 19.06 kontra 18.36. Ein ganske vesentleg forskjell. Ikkje verdsklasse på nokon som helst slags måte, men alle forbetringar hjelper! |
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|