|
For vekas visdomsord, sjekk hovudsida.
|
15.01.09 Våren 2009
I helga går startskotet for vårsesongen 2009, med Reykjavik International på Island. Planane for dei første 7-8 månadane av det nye symjeåret er lagd, og du kan lese om dei her.
Sesongen opnar som sagt med stevnet på Island denne helga, etterfølgd av ein leir med nokre andre landslagsutøvarar i nokre dagar. Stevnet er på langbane, men ikkje eit av dei viktigaste for året, og er meir å rekne for eit treningsstemne. Eg sym 50 fri fredag (forsøk), 100 fri laurdag (forsøk & finale) og forhåpentleg 50 finale på søndagen. Du kan lese om den multisportslege konkurransen her: Reykjavik International Games
VM-Krav målet Våren kjem til å stå i, utradisjonelt nok, langbanens teikn. Ei tid på året der alt fokus normalt er retta mot NM kortbane i Mars/April, vil eg i år ha fokus på langbane, i eit forsøk på å ta VM-kravet. VM Langbane går i Roma i Juli/August og for å kvalifisere seg dit må ein symje under kravet, og det må ein gjere på langbane.
Kravet eg går for er på 22.73 (50 fri) medan min personlege rekord er 23.53. Med andre er det eit stort sprang (0.8 sekund) for at eg skal kunne kome ned dit, men basert på framgongen min på kortbane i haust (0.7 sekund) trur eg det skal vere mogleg med full klaff. Det er ingen automatikk i det, men eg skal gjere eit forsøk!
Det er to gongar, og totalt fem stevner der eg vil gå for å klare kravet 100%. Første forsøk er i Stockholm på Svenskt Grand Prix-stevne i slutten av Mai. Då vil eg også forlenge toppinga ei veke til fram mot NM Kortbane, sjølv om eg ikkje kvalifisere meg der. Den andre perioden med toppform vil vere i slutten av mai og juni då det er fire stevner på planen. Speedo Langbane Cup og tre stevner rett etter kvarandre i Mare Nostrum-serien i Frankrike og Spania vil alle vere moglegheiter til å kvalifisere seg til VM.
Leirar og anna For å nå dette medfyl det sjølvsagt mykje god og seriøs trening heime i Sentralbadet, men også ein del treningsleirar. Den første som nevnd allereie på Island. I februar er det to veker i Thailand med landslaget. Påskeferie er eit ikkjeeksisterande omgrep for meg. I år er det ei veke på Syros, ei øy i Hellas, med Bergensvømmerne, og ei veke på Kypros med landslaget som står på tapetet. Før Mare Nostrum stevna blir det også ein leir i Calella utanfor Barcelona, Spania, med landslaget.
Deretter fyl NM-leir med klubben i Nørresundby Danmark, to veker føre NM Langbane. Om eg då har kvalifisert meg til VM, så fyl det nok ein leir i forkant av VM, som føregår både i Oslo og Roma. Moglegheitene for å få trent godt er i alle fall til stades med dette opplegget, og eg gler meg til å ta fatt og vidareføre det vi har gjort bra i haust.
|
For oppdatert liste over siste bloggar, sjå hovudsida.
|